ID3-116 Trenar 2 Fotball

Kode
ID3-116

Namn
Trenar 2 Fotball

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne i trenarutdanning 30 sp



Tid
Sommar



Mål for emnet

Studentane/trenarane skal analysere, forstå og nytte sentrale temaområde og læringsmoment i fotball på vidaregåande nivå. Dei kan då legge opp til treningsaktivitet og rettleiing av utøvarar på ulikt nivå, med ulik føresetnad og dugleik. Dette gjeld også spelarar på høgt sportsleg nivå.

Innhald / oppbygging

Det er progresjon i studiet, og emnet bygger på Grunnleggande fotballtrening, trenar 1 i fotball (NFF). Fotballforbundet må gi godkjenning om oppstart på trenar 2 i fotball.

Treningsleiing, læring og motivasjon, fysisk trening i høve til fotballspelets eigenart, planlegging, gjennomføring og justering av lengre treningssyklusar, trenarrolla, dugleiksutvikling i fotball, kamp og spelaranalyse, spelestil, angrepsspel, forsvarsspel, dødball, keeperspel, dommaren sine arbeidsoppgåver.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet utgjer ca 60 undervisningstimar, og inneheld førelesing, praktiske øvingar med refleksjon, noko tematisert og prosjektorientert undervisning.

Arbeidskrav

Studentane skal vere trenar/hjelpetrenar for fotballsutøvarar under utdanninga.

Trenarpraksisen skal vere på minst 20 timar.

Praktiske øvingar og trenarpraksis er obligatorisk. Greidd praksis.

Gjennomføring og rapportering av praksis. Praktiske øvingar og trenarpraksis er obligatorisk.

Greidd instruksjonsprøve. Greidd praksisgjennomføring/loggbok.

Sluttvurdering

ID3-116 Trenar 2 Fotball: Prosjektoppgåve. Bokstavkarakter.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.