ID3-117 Trenar 1 Friidrett

Kode
ID3-117

Namn
Trenar 1 Friidrett

Studiepoeng
5.00

Kategori
Valfritt emne i trenarutdanning 30 sp

Tid
Sommar

Mål for emnet

Utvikle trenarar som skapar god aktivitet og eit godt miljø på friidrettstreningane for born og ungdom. Emnet skal gi eit godt grunnlag for å vere ein god barne- og ungdomstrenar i friidrett.

Innhald / oppbygging

Friidrett inne, friidrett ute, friidrett som lagkamp.

Løp *Løpsteknikk, sprintstart, stafettveksling, teknikk i hekkeløp.

Hopp *Satsteknikk, teknikk i hoppøvingane, metodikk for teknikklæring

Kast *Basisteknikk for kast, teknikk i kastøvingane og metodikk for teknikklæring.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet utgjer ca. 60 undervisningstimar og inneheld førelesningar, praktiske øvingar med refleksjon, og noko tematisert og prosjektorientert undervisning.
Praktiske øvingar og trenarpraksis.

Arbeidskrav

Studentane skal vere trenar/ hjelpetrenar for friidrettsutøvarar under utdanninga.
Denne trenarpraksisen skal vere på min. 20 timar.
Greidd praksis.
Praktiske øvingar og trenarpraksis er obligatorisk.

Sluttvurdering

ID3-117 Trenar 1 Friidrett: Praksisrapport. Rapporten skal ta utgangspunkt i ein praksisrelatert problemstilling, og skal innehalde planlegging, gjennomføring og refleksjonar i etterkant av praksis.
Bokstavkarakter.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.