Utvikle trenarar som skapar god aktivitet og eit godt miljø på skitreningane for born og ungdom. Utdanne trenarar som legg til rette for tilpassa aktivitet for ulike dugleiksnivå
Variasjon i alpintreninga, basisferdigheiter i sving, barmark for barn, utvikling av skiteknikk, miljø og trenarrolla, grunnteknikk i slalåm og storslalåm, tilrettelegging og gjennomføring fartstrening, utvikling av fysisk eigenskapar, ski som aktivitet i skulen, utvikling av gode ungdomsmiljø.
Modulen utgjer ca. 50 undervisningstimar og inneheld førelesingar, praktiske øvingar med refleksjon, og tematisert og prosjektorientert undervisning.
Praktiske øvingar og trenarpraksis.
Studentane skal vere trenar/hjelpetrenar for alpinutøvarar under utdanninga.
Denne trenarpraksisen skal vere på minst 20 timar.
Praktiske øvingar og trenarpraksis er obligatorisk.
Greidd praksis.
Praksisrapport. Rapporten skal ta utgangspunkt i ein praksisrelatert problemstilling og skal innehalde planlegging av praksis, gjennomføring og refleksjonar i etterkant av praksis. Bokstavkarakter
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart.