Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / GE408 Mineralogi og petrografi  

GE408 Mineralogi og petrografi

Kode
GE408

Namn
Mineralogi og petrografi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag.

Tid
Vår blokk 1.

Mål for emnet

Emnet skal gi studentane grunnleggande kunnskap om danning og førekomst av mineral og bergartar, med vekt på deira rolle som ressursar / råstoff og i miljøsamanheng.

Forkunnskapar

GE406 Geologi grunnkurs, KJ415 Kjemi grunnkurs

Innhald / oppbygging

Emnet startar med ei enkel innføring i krystallografi, og går meir detaljert inn på mineralstruktur og mineralkjemi. Vi går gjennom dei optiske og andre fysiske eigenskapane til mineral, og korleis ein nyttar desse til mineralidentifikasjon ved polarisert lysmikroskopi, røntgendiffraksjon og elektronoptiske metodar. I petrografidelen går vi gjennom mineralogisk klassifikasjon og danning av dei vanlegaste sedimentære, magmatiske og metamorfe bergartane. Ein legg spesielt vekt på mineral og bergartar som er viktige som ressursar (industrimineral og byggeråstoff) og i miljøsamanheng.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, laboratoriekurs og prosjektarbeid.

Arbeidskrav

Godkjent laboratoriejournal

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum
  • Prestvik T. 2005: Mineralogi – En innføring i krystallografi og mineralogi. 2. utgave. Vett og Viten. ISBN 8241206216
  • Prestvik T. 2001: Petrologi og geokjemi. Vett og Viten. ISBN 8241201621