Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag.
Vert tilbydd saman med internasjonale studentar i det internasjonale studiet GeoResources of Norway (30 studiepoeng). Vert undervist på engelsk.
Emnet skal gi innsikt i korleis petroleum (olje, gass, kol) vert danna og akkumulert i jordskorpa, og framskaffe ei oversikt over den geologiske utviklinga av den norske kontinentalsokkelen, og geologiske metodar innanfor leiting etter petroleumsressursar.
Internasjonale og HSF-studentar: 90 studiepoeng innanfor eit geologisk bachelorstudium.
Emnet gir ei innføring i sekvensanalyse, geometri og tolking av strukturelle feller for olje og gass. Vidare behandlar kurset dei viktigaste loggingsmetodar og gir ei innføring i praktisk tolking av boreholsloggar. I seminaret utarbeider studentane eigne forelesingar hovudsakleg om følgjande tema:
- Forhold som kontrollerer produksjon og akkumulasjon av organisk materiale.
- Modning og klassifisering av organisk materiale; danning av olje og gass; kerogentypar.
- Sammensetting og klassifisering av petroleum.
- Kildebergartar, primær og sekundær migrasjon.
- Reservoarbergartar. Avsetningsmiljø, reservoarkvalitet, klassifikasjon/danning av hydrokarbonfeller. Geologiske faktorar som kontrollerer porøsitet og permeabilitet.
- Grunnleggande petrofysiske begrep og likningar.
- Bassengtypar og petroleumspotensial.
40 %: Mappeevaluering (Øvingsrapport, boreholslogging). Delkode 001
60 %: Forelesing 45 minuttar. Delkode 002
Bokstavkarakter