Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag. Felles undervisning med studentar i det internasjonale studiet GeoResources of Norway (30 studiepoeng). Vert undervist på engelsk.
Studentane skal få ei forståing av korleis grunnvatn opptrer i fast fjell og i lausmassar, og lære dei viktigaste metodane for grunnvassundersøkingar i felt. Emnet behandlar også energiformer som vasskraft, grunnvannsvarme og jordvarme.
Internasjonale og HSF-studentar: 90 studiepoeng frå eit geologisk bachelorstudium. Kurset bygger på GExxx Geo Resources of Norway, del (1).
Jordas vassbalanse og dei viktigaste komponentane i vasskretsløpet med vekt på grunnvatnet si rolle. Forekomstmåtar for grunnvatn i lausmassar og fast fjell. Geologiske føresetnader for grunnvassmagasin. Kvantitative metodar: grunnvasstrøymning og berekning av hydrauliske parametrar. Grunnvassmodellering basert på MODFLOW. Grunnvasskjemi, problematikk rundt grunnvassforureining. Grunnvatn til vassforsyning, uttaksløysingar og dimensjonering. Felt- og laboratoriekurset omfatter metodikk for undersøking og kartlegging av grunnvassforekomstar: sondérboringar, sandspissundersøkingar, prøvepumping, prøvetaking med kjemisk analyse av grunnvatn. Ekskursjon til og informasjon om stader med alternative, fornybare energiformer grunnvassvarme og jordvarme.
Forelesingar, øvingar, feltarbeid og ekskursjon
Godkjend felt- og ekskursjonsrapport med rekneøvingar
Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter
Henriksen H & Nielsen JT: Innføring i Hydrogeologi, eller
Fetter CW 2000: Applied Hydrogeology, 4. utgave. Prentice Hall, ISBN: 0130882399
Aktuelle artikler