Inngår i bachelorstudiet i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag. Felles undervisning med studentar i det internasjonale studiet GE475 From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway (30 studiepoeng). Vert undervist på engelsk.
Studentane skal få ei innføring i dei regionale geologiske prosessane som har forma Vestlandet, og forståing for sedimentær dynamikk i geologisk tid med utgangspunkt i resente sedimentære prosessar.
Internasjonale og HSF-studentar: 90 studiepoeng i eit natur- eller miljøretta bachelorstudium. Det vert føresett at studentane har generell naturfagleg kunnskap.
Emnet gir grunnlag for å forstå betydningen av den geologiske langtidsrekonstruksjonen ved tolking av økologiske korttidsprosessar. Forståinga for dei økologiske prosessane aukast vidare ved fokusering på dei geologiske prosessane som ligg i botnen. For dette formålet tar kurset for seg Vest Norges regional- og bergrunnsgeologiske utvikling frå den kaledonske fjellkjededanninga fram til i dag. Vidare settast tolkinga av gamle (pre-devonske) sedimentære bergartar i forhold til forståinga av moderne avsetningsprosessar som rekonstruerast ved prøvetaking og tolkning av resente fjordsediment.
Forelesingar, øvingar, feltarbeid og ekskursjon
Mappevurdering (Journalar fra øvingar, feltarbeid og ekskursjonar) som gjennomførast kontinuerleg over heile blokka. Bokstavkarakter
Aktuelle artiklar som varierer i sammensetting frå år til år