Inngår i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag. Felles undervisning med studentar i det internasjonale studiet GE475 From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway (30 studiepoeng). Vert undervist på engelsk.
Studentane skal få ei innføring i dei Kvartær- og glasialgeologiske prosessane som har forma og framleis formar dagens landskap. Den geomorfologiske kunnskapen vert sett i forhold til (hovudsakeleg vegetasjons-) økologiske endringar i same landskap.
Internasjonale og HSF-studentar: 90 studiepoeng i eit natur- eller miljøretta bachelorstudium. Det vert føresett at studentane har generell naturfagleg kunnskap. Kurset bygger på GE475-1 Geological and geochemical processes (From Mountain to Fjord, del 1).
Emnet fokuserer på vekselverknaden mellom resente geologiske og vegetasjonsøkologiske prosessar. Økologiske gradientar settast i forhold til den Holocene utviklinga av landskapet i både rom og tid. Verknaden av klimaendringar på den økologiske utforminga rekonstruerast frå fjell- og breområde langs elveløp og innsjøar ned til fjordkanten. Glasialgeologiske og vegetasjonsøkologiske særtrekk vert peikte ut. Kurset tar utgangspunkt i den bergrunnsgeologiske og sedimentologiske forståinga frå GE475-1 Geological and geochemical processes og gir grunnlaget for tolkingane som det vert lagt opp til i GE475-3 Fjord processes.
Forelesingar, øvingar, feltarbeid og ekskursjon
Godkjende journalar fra øvingar, feltarbeid og ekskursjonar
Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter
Aktuelle artiklar som varierer i sammensetting frå år til år