GE478 Fjord Processes

Kode
GE478

Namn
Fjord Processes

Studiepoeng
10.00

Kategori
Emne i bachelorstudiet i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag. Felles undervisning med studentar i det internasjonale studiet GE475 From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway (30 studiepoeng). Vert undervist på engelsk.


Tid
Haust blokk 3


Mål for emnet

Studentane skal forstå dei biologiske og hydrografiske (dvs. oseanografiske) prosessane som fører til avsetting av sediment i fjordane. Emnet skal sette studentane i stand til å rekonstruere miljøendringar ut fra signal som vert akkumulerte i resente fjordavsetningar.

Forkunnskapar

Internasjonale og HSF-studentar: 90 studiepoeng i eit natur- eller miljøretta bachelorstudium. Det vert føresett at studentane har generell naturfagleg kunnskap. Kurset bygger på GE475-1 Geological and geochemical processes og GE475-2 Ecological and surface processes (From Mountain to Fjord, del 1 og 2).

Innhald / oppbygging

Det avsluttende emnet innanfor ”From Mountain to Fjord” tar for seg det marine fjordmiljøet. Korleis påverkar miljøendringer skapt av menneske og naturen det akvatiske miljøet? Korleis kan resente, akvatiske (fjord)sediment brukast til rekonstruksjon av miljøendringar gjennom rom og tid? Fjordsedimenta som blei tatt i emnet GE475-1 Geological and geochemical processes (From Mountain to Fjord, del 1), skal brukast oppsummerande for rekonstruksjon av resente miljøendringar. Dei sedimentære signala følgast gjennom prosessar i vassøyla og på land tilbake til kjeldene i rom og tid. Rekonstruksjonen baserer seg på kunnskapen opparbeidd gjennom hele studiet ”From Mountain to Fjord”. Emna frå alle dei tre delane bindast til slutt saman ved eit seminar der studentane føreles om sjølvvalde emne der minst to av emna vert kombinert.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, øvingar, feltarbeid og ekskursjon

Ekskursjonar

3 dagar

Sluttvurdering

40 %: Mappeevaluering (journaler frå øvingar, feltarbeid og ekskursjonar). Delkode 001

60 %: Forelesing 30 minuttar og påfølgande munnleg eksamen. Delkode 002

Bokstavkarakter

Pensum

Aktuelle artiklar som varierer i sammensetting frå år til år
Spesialpensum i samsvar med sjølvvalt forelesingstema