GE429 Geology and Tourism

Kode
GE429

Namn
Geology and Tourism

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag


Tid
Vår blokk 3


Mål for emnet

Emnet skal gjere studentane medvitne om den unike muligheita som Noreg har med omsyn til marknadsføring av sine naturgitte, geologiske attraksjonar. Geologi vert presentert som ein ressurs for reiselivsnæringa.

Forkunnskapar

90 studiepoeng innanfor eit geofagleg eller ressursretta bachelorstudium.

Innhald / oppbygging

Dagens forståing av ordet geoturisme omfattar vanlegvis turisme basert på de geografiske og kulturelle forhold innafor ein avgrensa region. Særlig i Noreg stiller ein seg spørsmål om kvifor ikkje dei geologiske og naturfaglige forhold er med i definisjonen, sjølv om desse utgjer ein stadig aukande del av reisenæringas salsverdi? Eit døme på dette er Nærøyfjorden som fekk verdsarvstatus blant anna grunna sin eineståande geologi, men som vert marknadsført stort sett berre basert på sine kulturelle og landskapsøkologiske kvalitetar. Kurset peikar på muligheitene for å markere geologien som ein integrert del av ei heilskapleg turistoppleving av Noreg. Kvifor blir naturen som omgir oss tatt som sjølvfølgje? Korleis kan geologisk informasjon simplifiserast utan at tydinga går tapt, og utan at turistane mistar interessa? Gjennom besøk på geoparkar og eigen produksjon av marknadsføringsmateriale skal studentane lære å ivareta salsverdien av den norske naturen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, ekskursjon, utarbeiding av marknadsføringsmateriale.

Ekskursjonar

4 dagar

Arbeidskrav

Godkjend ekskursjonsrapport.

Sluttvurdering

Mappeevaluering (Marknadsføringsmateriale). Bokstavkarakter

Pensum

Forelesingar
Utvalde aktuelle artiklar.