Obligatorisk emne i bachelorstudium i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag.
Vår blokk 2 og 3. Det er føresett at feltarbeid kan verte utført sommaren etter 4.semester. Frist for val av emne er 1. april i 4. semester.
Oppgåva skal gje studentane ei fagleg fordjuping i eit tema knytt til eit forskingsprosjekt ved HSF. Etter fullført oppgåve skal studentane vere i stand til å kunne utføre prosjektarbeid med formulering av problemstillingar, innsamling / tolking av data og utarbeiding av skriftleg rapport.
Bacheloroppgåva byggjer på dei emna i geologistudiet som er avslutta på det tidspunkt oppgåva vert starta opp.
Oppgåva skal veljast i samarbeid med faglærar, og vil normalt bli knytt opp mot oppdrag, utgreiingsarbeid og forskingsprosjekt som HSF er engasjert i, eller i samarbeid med ekstern samarbeidspartnar. Det vert stilt krav til fagleg innhald, presentasjon og utforming av bacheloroppgåva.
Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein faglærarar. Oppgåva kan skrivast i gruppe.
Bacheloroppgåva kan gjennomførast i utlandet.
Bacheloroppgåve
Bokstavkarakter.