Studiet av samfunnskunnskap vert så langt som råd er lagt opp som eit komparativt studium der ein ser tilhøva i dei ulike landa og i Norge ut frå ein samfunnsvitskapleg synsvinkel. Studiet tek sikte på å skapa forståing for kulturelle særpreg, og kjennskap til dei faktorar som har forma tanke og handling i desse kulturane. Dette krev ofte eit historisk perspektiv, sjølv om hovudvekta kjem til å liggja på notidssamfunnet. Lærebøker i samfunnskunnskap vil bli supplerte med aviser, tidsskrift og artiklar henta frå dagsaktuelle emne på Internett. Ein del av emna vil bli illustrerte ved hjelp av DVD.
Pensum i samfunnsstudiet vil i all hovudsak bli diskutert og førelest om i timane.
- obligatorisk deltaking i undervisninga
- deltaking på 1 prøve
Skriftleg eksamen. 4 t. 100%
Russell Duncan & Joseph Goddard Contemporary America
John McCormick Contemporary Britain
Seriot, John: Elements of Civilisation. Britain, Ireland, and the British Empire
Utlevert materiale på førelesningane