Kode
FP333 050
Namn
Fagleg-pedagogisk studium i begynnaropplæring
Studiepoeng
10.00
Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga
Tid
2. studieår, 4. semester: 4 studiepoeng norsk, 3 studiepoeng matematikk og 3 studiepoeng pedagogikk
Mål for emnet
Gjennom studiet skal studentane få ei innføring i korleis ein arbeidar det første året i grunnskulen. Det inneber å skaffe seg kunnskap om og erfaring med lærarrolla i første klasse. Det er begynnaropplæringa i faga norsk og matematikk som er i sentrum i det faglege arbeidet.
Kompetansemål for studenten:
- Ha innsikt i tilrettelegging for ei god lese og skriveutvikling det første året i grunnskulen
- Ha kunnskap om begrepsopplæring (teoretisk og metodisk)
- Ha kunnskap om korleis tilpasse opplæringa til tospråklege barn i høve lese- og skriveopplæringa
- Ha kunnskap om å vurdere tekstar laga for barn i første klasse
- Ha kunnskap om leik, læring og undervisning med vekt på faga norsk og matematikk
- Utvikle forståing om lærarrolla på småskulesteget
- Vise innsikt i matematisk kunnskap og aktivitet ut i frå gjeldande læreplan
- Ha kunnskap om tilpassa opplæring i skulen
Innhald / oppbygging
Norsk:
- Stimulere skriftspråkutviklinga og førebu barna til den systematiske lese – og skriveopplæringa
- Kva språkkompetanse barn må ha for å kunne lære seg skriftspråket
- Dei mest brukte lesemetodane i den grunnleggjande lese og skriveopplæringa
- Abc-bøker og andre tekstar i første klasse
Pedagogikk
- Korleis lærer barn. Ulike læringsstilar
- Læreplanar i skulen
- Kva er ein god lærar
Matematikk
- Ha bakgrunn for å legge til rette, gjennomføre og vurdere begynnaropplæring i matematikk
- Kunne delta i aktivitetar saman med barn, der matematiske kunnskapar verkar saman med andre kunnskapsfelt i samtale og leik
- Læremiddel i matematikk i første klasse
Undervisnings- og læringsformer
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere undervisninga. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer med mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
Praksis
2 veker grunnskulepraksis, samt ein dag besøk på skulen.
Arbeidskrav
- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av plan for semesteret/undervisningsplan.
- Praksisprosjekt lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk) med skriftleg rapport
- Refleksjonslogg etter praksis knytt til leik, læring og undervising
Sluttvurdering
2. studieår: Vårsemesteret
FP333 050 Begynnaropplæring: Munnleg eksamen i gruppe knytt til det tverrfaglege praksisprosjektet lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk)
Pensum
Førebels pensumlitteratur:
Kunnskapsløftet 2006
Litteratur liste føreleggjast ved studiestart.
Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.