Fagleg-pedagogisk studium i tverrfaglege arbeidsområde i drama, musikk og forming/kunst og handverk
Obligatorisk fag i den 3–årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
2. studieår, 4. semester
Studentane skal
- tileigne seg kunnskap om estetiske utvikling og uttrykk hos barn
- auke eigen fagleg- og didaktiske kompetanse i drama, musikk og forming
- utvikle innsikt i og kunnskap om tverrfaglege arbeidsområde i drama, musikk og forming/kunst og handverk
Studiet er sett saman av fire hovudemne:
- Fagleg eigenutvikling gjennom skapande og teoretisk arbeid i faga
- Estetiske fag i pedagogisk arbeid med barn
- Den estetiske dimensjon i barnehage, skule og samfunn
- Prosjektarbeid og rettleiing
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølve skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere kunstfaglege emne for barn. Varierte arbeidsformer, der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå studieplan for utdanninga.
Obligatorisk oppmøte til deler av undervisninga. Kva deler dette gjeld skal gå fram av plan.
Praksisførebuing, gjennomføring og praksislogg.
Ei skriftleg oppgåve som tek utgangspunkt i ”Kunst, kultur og kreativitet:” /(Rammeplan for barnehagen 2006)
Prøve i gitarakkompagnement
Materialavgift
Studentane må betale materialavgifta som er vedteken av avdelinga.
2. studieår, vårsemesteret:
FP333 150 Praktisk tverrfagleg prosjekteksamen med publikum.
NB Fylgjande liste gjeld for Tverrfagleg studium i drama, musikk og forming/kunst og handverk og dekker første til fjerde semester.
Kunnskapsdepartementet (2006 ) Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver, august 2006 F-4205 B/N ( http://odin.dep.no/kd/norsk/dok/regelverk/lover/070021-200002/hov005-bn.html)
Carlsen, Kari og Arne Marius Samuelsen (1992). Inntrykk og uttrykk. Estetiske fagområder i barnehagen. Ad Notam Gyldendal.
Dahle, Gro (1998). ”Fantasiens spisskammer”, artikkel i Aspeli, Widar og Klausine Røtnes: Den magiske barnehagen. Oslo: Pedagogisk Forum.
Volle, Sverre (2006). ”Estetisk heilskapsoppleving hjå førskuleborn”, artikkel i Befring, Edvard og Synneva Helland: Barnehagepedagogikk. Oslo: Det Norske Samlaget.
Wallin, Karin, Ingela Mächel og Anna Barsotti (1981). Ett barn har hundra språk: om skapande pedagogik på de kommunala daghemmen i Reggio Emilia, Italien. Stockholm: Utbildningsradion.
I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.