Obligatorisk fag i den 3–årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
1. studieår, 1. semester
Studentane skal
- tileigne seg kunnskap om musikalsk utvikling og uttrykk hos barn
- auke eigen fagleg- og didaktisk kompetanse i musikk
Musikalsk utvikling hos barn
Song, leik, dans og samspel
Komponering, improvisasjon og musikkformidling for og med barn
Akkompagnementsspel på gitar
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølve skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere musikkfaglege emne for barn. Varierte arbeidsformer, der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå studieplan for utdanninga.
- Det er obligatorisk oppmøte til deler av undervisninga. Kva deler dette gjeld skal gå fram av plan.
- Tverrfagleg refleksjonslogg knytt til oppstartsperioden (norsk, pedagogikk, fysisk fostring og musikk)
- Tverrfagleg rapport knytt til praksisdag
- Individuelle - og gruppeoppgåver
- Eit skriftleg og praktisk gruppearbeid i komponering
1. studieår, haustsemester:
FP333 500 musikk: Mappe
Samling av aktivitetar med vekt på lytting, skapande arbeid, song og spel.
Pensumlitteratur i musikk:
Ese, Kirsti (2007). Av glede lager vi musikk. Oslo: Norsk Musikkforlag.
Holen, Astrid (2004). Den store barnesangboka. Oslo: Aschehoug.
Lie, Jorunn B. (1998). Grip musikken. Oslo: Universitetsforlaget.
Oltedal, Elizabeth (2006). ”Ei verd av musikk – også i barnehagen?”, artikkel i Befring, Edvard og Synneva Helland: Barnehagepedagogikk. Oslo: Det Norske Samlaget.
I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.