Obligatorisk fag i den 3–årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
2. studieår, 3. semester
Studentane skal
- auke eigen fagleg og didaktisk kompetanse i drama
- auke eigen leik og spelkompetanse
- få innsikt i dramatiske uttrykksformer
Studiet er sett saman av 3 hovudemne:
- Leik og drama
- Forteljing og drama
- Drama og teater for og med barn
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kverandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølve skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere dramapedagogisk arbeid for barn. Studiet vektlegg varierte og studentaktive arbeidsformar med veksling av praktisk estetisk arbeid og førelesningar og bruk av Ikt baserte verktøy.
20 veker praksis er integrert i fagstudiet. Sjå studieplan for utdanninga.
- Planlegge og gjennomføre av eige dramaforløp i ein praksisdag
- Framsyning for born
- Ein førestillingsanalyse av ei barneteaterframsyning
- Eit tverrfagleg arbeidskrav (KRL og drama)
- Obligatorisk frammøte til deler av undervisninga
2. studieår, haustsemester:
FP333 100 Drama: Praktisk eksamen i gruppe med logg
Tid: 3 dagar
Sæbø, Aud Bergraf (2003) - Drama i barnehagen. Universitetsforlaget, 125 sider
Artiklar:
- Faith Gabrielle Guss : To magiske rom, 19 sider. Høgskolen i Oslo 2003
- Henriette Harbitz: Underliggjøring som virkemiddel i dramapedagogisk arbeid for barn artikkel i Befring, Edvard og Synneva Helland: Barnehagepedagogikk. Oslo: Det Norske Samlaget 2006, 10 sider
Støttelitteratur:
Nils Braanaas: Dramapedagogisk historie og teori. Tapir Forlag
Kari Mjaaland Heggstad: 7 veger til drama
I tillegg til fastlagd pensum, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.