Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
3. studieår, 5. semester
Gjennom samfunnsfag skal studentane bli i stand til å analysere barn sin oppvekst i ein samfunnsmessig samanheng. Dei skal kunne ivareta samfunnsfaglege perspektiv i barnehagen og dei skal kvalifisere seg for den profesjonelle yrkesrolla som førskulelærar.
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere samfunnsfaglege emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer der mellom anna studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
20 veker praksis integrert i fagstudiet over tre studieår. Sjå studieplan for utdanninga.
- Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld skal gå fram av semester/undervisningsplan.
- Oppgåver knytt til praksis
- Aktiv deltaking i prosjektarbeid m/rapport
- Munnleg framlegg av dagsaktuelt tema
- ASF/ALI-samarbeid
3. studieår: Haustsemesteret
FP333 901 Samfunnsfag: Skriftleg rapport frå prosjektarbeid i gruppe.
Vekting: 40%
FP333 902 Samfunnsfag: Munnleg, individuell eksamen med spørsmål frå tverrfagleg prosjektarbeid og kjernepensum.
Vekting: 60%
Førebels pensumlitteratur:
Larsen. A.K. og Slåtten, M.V.: En bok om oppvekst - Samfunnsfag for førskolelærerer. Fagbokforlaget 2006.
Kompendium med utvalg av artiklar.
Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15.september og for vårsemesteret 15.februar.