Til grunn for praksis i førskulelærarutdanninga ligg
- Lov om universitet og høgskolar av 01. januar 2003
- Rammeplan for førskulelærarutdanning med forskrift fastsett 3. april 2003, UFD
- Studieplan for førskulelærarutdanning ved HSF, vedteken i Høgskulestyret 27.mars 2003,
Deltids førskulelærarutdanning er fireårig og kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehagen og i første klassetrinn i grunnskulen.
Utdanninga inneheld 45 studiepoeng pedagogikk, 105 studiepoeng fagleg- pedagogiske studium og 30 studiepoeng i fordjupinga Utefag. Med 60 studiepoeng relevant vidareutdanning kan førskulelærarar tilsetjast for arbeid på første til fjerde klassetrinn.
Praksisopplæringa har eit omfang tilsvarande 20 arbeidsveker.
Praksisopplæringa skal vere rettleia: ”Utbyttet av praksis er avhengig av kyndig veiledning, som bygger på praksisbarnehagens og øvingslærerens evne til å gi rom for studentens erfaring, undring og refleksjon.” (Rammeplan for førskolelærerutdanningen, s.15)
Praksis er i hovudsak knytt til arbeid i barnehage, men to veker praksis er lagt til det første året i grunnskulen og to veker praksis skal knytast til fordjupingseininga. Etter kvar praksisperiode skal studenten ha ei vurdering greidd/ikkje greidd.
Gjennom teori- og praksisopplæring skal studentane bli kjent med utfordringar og krav som vert stilt til ein førskulelærar. Rammeplan for førskulelærarutdanning (2003) understrekar at studentane skal utvikle fagleg-, didaktisk- og sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.
Arbeidet med målområda skal sikre vekselspelet mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentens eige arbeid og didaktisk
refleksjon.
Rammeplan for førskulelærarutdanning peikar spesielt på at pedagogikkfaget har eit overordna ansvar for heilskap og yrkesretting i
utdanninga, med ei særleg fagleg kopling til praksisopplæringa. Det er vidare presisert at alle faga i utdanninga har eit samla ansvar
for praksis. Samstundes må utdanninga sjå alle studiefaga i samanheng med fagområda i barnehagen og kunnskapsbehovet i skulefaga på 1. klassetrinn.
1.1 PRAKSISFELTET SOM LÆRINGSARENA
Førskulelærarstudentane skal i studiet tileigne seg kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som kan leggje grunnlag for personleg vekst og danning, og fungere som reiskap i yrkesutøvinga.
Rammeplan for Førskulelærarutdanninga peikar på at læringsarbeidet i yrkesutdanninga skjer på tre arenaer:
1. Praksisfeltet som læringsarena
2. Fagstudiet som læringsarena
3. Samhandling, utforsking og refleksjon som læringsarena
Den praktiske opplæringa i barnehage og skule skal vere styrande for ei yrkesretta utdanning.
Studentane skal kunne analysere teori, erfaring og innsikt på tvers av fag og læringsarenaer. Dei må få drøfte praksiserfaringar og
aktuelle problemstillingar frå fagstudiet med praksislærarar, teorilærarar og praksisrettleiarar.
Læring og utvikling skjer gjennom heile utdanninga, men det er først når studentane arbeider med erfaringar på tvers av fag/emne og
læringserfaringar, at kompetanseområda blir sett i forhold til kvarandre og kan danne ein heilskap.
”Det bør eksistere fora der studenter, faglærere og øvingslærere kan drøfte studentenes praksiserfaringar og ulike syn på kunnskap og læring. Slike fora kan også gi rom for refleksjoner omkring førskolelæreres mulighet til å forme oppvekstmiljøer som fremmer utvikling, lærelyst, gleder, trivsel og mestringsopplevelser for alle barn. Slike drøftingar og refleksjoner bidrar til å utvikle kunnskap og dyktighet innenfor arbeidsområdet. Godt samarbeid mellom praksisbarnehagene og utdanningsinstitusjonen er av stor betydning for den totale kvaliteten i utdanningen.” (Rammeplan for førskolelærerutdanningen 2003 s14)
Faglærarar, praksisrettleiarar, studentar og praksisbarnehagar har saman ansvar for å planlegge, gjennomføre og bearbeide
praksiserfaringane, og samarbeide om å utvikle ein heilskapleg førskulelærarkompetanse.
I følgje Rammeplan for Førskulelærarutdanninga kapittel 2.3 skal praksisopplæringa leggje opp til at studentane
- får innsikt i allsidig pedagogisk arbeid, med hovudvekt på barns leik og læring
- får samspele med barn enkeltvis og i grupper og får innsikt i barnehagen og grunnskulen som viktige læringsarenaer
-
får leiarerfaring gjennom samarbeid med og leiing av personalgrupper, innsikt i oppgåver ein styrar har og i samarbeid med
foreldre, føresette og andre samarbeidspartar
- får innsikt i fleirkulturelle utfordringar i forhold til barn og familiar
- får innsikt i korleis barnehagen kan førebygge vanskar og gje hjelp til barn med særlege behov
- analyserer praksiserfaringar i lys av teori, rammeplanen for barnehagen og praksisbarnehagen sine prioriteringar og satsingar
-
utvidar refleksjonsgrunnlaget frå personleg meistring til å omfatte pedagogisk fellesskap og historiske, kulturelle og politiske
fenomen knytt til barnehagen som samfunnsinstitusjon
1.2 ORGANISERING AV PRAKSIS 2005 - 2009
I utdanninga er praksis lagd over dei fire studieåra slik tabellen viser:
|
Studieår
|
|
|
|
2005-2006
|
|
|
1. semester: Barn, barndom og oppvekst
|
2. semester: Naturen som læringsarena
|
|
2006-2007
|
|
|
3. semester:Den kulturelle barnehagen
Ei veke praksisprosjekt/estetiske fag
|
4. semester: Utefag- vinter og vår
Fem veker praksis i barnehage
|
|
2007-2008
|
|
|
5. semester: Utefag- sommar og haust
To veker fordjupingspraksis
|
6. semester:Barnehage og skule
To veker praksis i 1.kl. grunnskule
|
|
2008-2009
|
7. semester: Profesjonalitet og samfunn
Fire veker og to dagar leiarpraksis i barnehage m/ ei veke overtaking
|
8. semester: Bacheloroppgåve
Tre praksisrelaterte dagar til disposisjon for bacheloroppgåva
|
1.3 ARBEIDSFORMER
Den praktiske opplæringa i barnehagen skal vere styrande for ei yrkesretta lærarutdanning, den må vere allsidig og ha progresjon i krav til sjølvstende og ansvar. Studentane skal lære å planleggje, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn. I møte med barnet skal studentane erfare kor avgjerande eit godt sosialt samspel er for vekst og utvikling.
I alle praksisperiodane skal studenten arbeide med både utprøvande og observerande arbeidsoppgåver. Dei utprøvande oppgåvene skal vere knytt til både formelle og uformelle læringssituasjonar. Eksempel på utprøvande oppgåve er arbeidsoppgåver knytt til barn og ulike barnegrupper der studenten planlegg, gjennomfører og vurderer eige arbeid.
Kvar praksisperiode skal innehalde skriftleg og munnleg refleksjon i høve til erfaringsbasert, teoribasert og haldningsbasert kunnskap, og i aukande grad skal studenten sjå samanheng mellom eigne erfaringar, fagkunnskap og innsikt.
Studenten må få øving i å bruke ulike dokumentasjonsformer, til dømes ord, lyd, bilde og video og verte bevisst både på munnlege,
skriftlege, visuelle og musiske uttrykk.
I kvar praksisperiode har studenten ansvar for å:
- formulere individuelle læringsmål med utgangspunkt i mål for perioden og utforme ein plan for å nå måla
- arbeide aktivt og tverrfagleg med faga som er knytt til perioden
- utarbeide skriftleg plan for arbeidet i perioden saman med øvingslærar/faglærar
- skrive refleksjonslogg og praksisforteljing
- analysere praksiserfaringar i lys av teori, rammeplan og plan for barnehagen
- observere både systematisk og spontant
- skrive rettleiingsgrunnlag og få før- og etterrettleiing.
1.4 RETTLEIING
I kvar av praksisperiodane
- har studenten rett på minimum 1 ½ time rettleiing per veke i barnehagen og ei praksisgruppe får til saman 10 timar rettleiing per veke
- bør studenten oppmuntrast til å arbeida med og utvikla sin eigen praksisteori gjennom analyse av og refleksjon over sin eigen og
andre sin praksis.
- studentane skal skriva refleksjonslogg i kvar praksisperiode. Føremålet er å ta vare på og utvikla tankar, opplevingar, reaksjonar,
røynsler og utviklingsområde hjå studentane frå periode til periode
Oppgåva til rettleiaren er å oppmuntra til individuell utvikling og sjølvstendig arbeid
Døme på aktuelt innhald i rettleiingssamtalane:
- å klargjere og drøfte generelle mål for den aktuelle praksisperioden
- å klargjere og drøfte utgangspunkt, ståstad, føresetnader og individuelle læringsmål med tilhøyrande forventningar
- å klargjere og drøfte planar for praksisperioden
- å få fram refleksjonar og spørsmål basert på m.a. observasjonar og eigne opplevingar
- å utfordre i høve til teoribasert, verdibasert og erfaringsbasert kunnskap og praksisteori
Rettleiingstida er ein viktig ressurs i førskulelærarutdanninga og må nyttast så systematisk og godt som mogeleg.
Kvar praksisperiode er arbeidskrav i studiet.
2 PRAKSIS FØRSTE STUDIEÅRET
Praksis skal gi erfaring slik at studentane blir dyktige på å samhandle med barn og barnegrupper med ulik alder, bakgrunn og
føresetnad. Varierte praksisrøynsler skal gi leiarerfaring med både barn og vaksne, og kyndig rettleiing skal utvikle evna til å kunne
bearbeide eigne erfaringar og røynsler.
2.1 FEM VEKER PRAKSIS i barnehagen- 1. SEMESTER
Mål
Studenten skal
- utvikle evnen til samspel med barn og samarbeid med personale og foreldre
- få innsikt i barnehagen som læringsarena
- utvikle og dokumentere evnen til observasjon
- øve seg i å stimulere barn til læring og utvikling gjennom leik og samspel i formelle og uformelle situasjonar
- få øving i å planleggje, gjennomføre og vurdere eige pedagogisk arbeid knytt til fag i studiet
- få innsikt i førskulelæraren sin yrkesrolle
- tileigne seg kunnskaper om og ferdigheiter i å ta barnet sitt perspektiv
Innhald
Praksis skal gjere studenten kjend med utfordringar og krav i ein barnehage. Rammeplan for barnehagen og praksisbarnehagen sin
eigen årsplan/arbeidsplan er forpliktande dokument for studenten ved planlegging og utforming av oppgåver i praksis.
Studenten har hovudansvar for utforming av oppgåver i samarbeid med praksislærar, faglærar og praksisrettleiar, og i forhold til
rammevilkåra i praksisbarnehagen, og gjere eigne val i arbeidsoppgåvene. Arbeidsområda i praksis er knytt til observasjon og
tverrfagleg utprøving.
-
Observasjon
Studenten skal velje ei problemstilling som er knytt til faga fysisk fostring og pedagogikk og gå i djupna på denne. Det studenten vil setje fokus på, må vere i tankane når han observerer.
Studenten skal bruke ulike innsamlingsmetodar for å klargjere problemstillinga. Slike metodar kan vere samspel med barn, samtale med barn, deltakande observasjon, løpande protokoll, aktivitetskjema m.m. Studenten skal analysere og vurdere det innsamla materialet og prøve å knyte saman teoribasert-, erfaringsbasert- og verdibasert kunnskap gjennom fagleg refleksjon.
-
Tverrfagleg utprøving
Mål med tverrfagleg fagoppgåve er at studenten får prøve ut faga i praksis og får erfaring med
- å bruke det Rammeplanen seier om faga i planlegging av aktiviteten i barnehagen
- å kombinere faga gjennom tverrfagleg arbeid i barnehagen
- å sjå innhaldet i praksisperioden som ein naturleg del av livet i barnehagen.
Arbeidskrav
Kvar praksisperiode er arbeidskrav i studiet. Sjå regelverk i studiehandboka og Rammeplan for førskulelærarutdanning med Forskrift, 3. april 2003.
- Greidd praksis
-
Refleksjonsnotat med utgangspunkt i:
- individuelle læringsmål og forventningar
- observasjonar
- tverrfaglege problemstillingar knytt til planlegging, gjennomføring og vurdering
- læringserfaringar
Vurdering
Kriterium for vurdering i praksis sjå vedlegg 1c
PE 315 001 Skriftleg sluttvurdering etter perioden: Greidd praksis/ Ikkje greidd praksis.
3 PRAKSIS ANDRE STUDIEÅRET
Praksis dette året skal byggje på dei læringserfaringane studentane har med seg frå praksis i fyrste klasse. Studentane har større innsikt i fag og emne og skal øve seg i å sjå samanhengen mellom erfaringsbasert, teoribasert og haldningsbasert kunnskap.
3.1 EI PRAKSISVEKE KNYTT TIL TVERRFAGLEG ESTETISKE FAG - 3. SEMESTER
Mål
- å møte praksisfeltet i ulike læringssituasjonar og periodar i studiet
- få erfaring med kulturbaserte prosjekt
Innhald
Studentane skal arbeide med område innanfor tema ”Den fleirkulturelle barnehagen”. Studentgruppa har ansvar for utforming av
konkret innhald i dialog med praksisbarnehagen og rettleiing frå faglærarar og praksisrettleiar
3.2 FEM VEKER PRAKSIS i barnehagen- 4. SEMESTER
Mål
Studenten skal ha fokus på førskulelæraren sitt ansvars- og arbeidsområde
- få innsikt i pedagogen sitt arbeid gjennom pedagogisk planlegging, gjennomføring og vurdering
- få innsikt i samarbeid og kommunikasjon i personalgruppa, barnegruppa og med foreldra
- få innsikt i korleis barnehagen kan førebyggje problem
- utvide refleksjonsgrunnlaget
Innhald
I studieåret vert det sett fokus på pedagogen som leiar og organisator for ei personalgruppe, for ei barnegruppe og for foreldre.
Studenten må gjere seg kjend med rammene som pedagogen arbeidar etter, d.v.s. både personalressursar, barnegrupper og
planverktøy elles.
Studenten har hovudansvar for utforming av oppgåver i samarbeid med praksislærar, faglærar og praksisrettleiar, og i forhold til
rammevilkåra i praksisbarnehagen, og gjere eigne val i arbeidsoppgåvene. Arbeidsområda i praksis er knytt til observasjon og
tverrfagleg utprøving. Oppgåvene skal vere knytt til
- Praksisretta prosjektoppgåve
Dette er eit prosjektarbeid med utgangspunkt i praksisperioden der hovudtema er kommunikasjon og sampel. Studentane skal ta
utgangspunkt i fylgjande undertema:
- samarbeid med foreldra
- personalsamarbeid
- barn- barn relasjonar
- og/ eller barn – vaksen relasjonar
I praksisperioden skal studentane hente inn data via t.d observasjon, loggbok, praksisforteljing, intervju. Hoveddelen av dette arbeidet
skal gå føre seg i etterkant av barnehagepraksisen. Den praksisretta prosjektoppgåva er ein del av eksamen i pedagogikk andre
studieåret.
Studenten skal ha fokus på ulike sider ved barnet sin basiskompetanse.
Gjennom ulike innsamlingsmetodar skal studenten skaffe seg eit så klart bilete som råd er av barnet og det miljøet barnet har kring seg. Slike metodar vil vere intervju, samver med barnet, samtale med foreldra/ personalet, observasjonar av barnet m.m. Døme på bruk av ulike observasjonsmetodar er aktivitetsskjema, løpande protokoll, sosiogram, deltakande observasjon. Eksempel på ulike metoder skal vere vedlegg i rapporten.
Du skal bearbeide og vurdere det innsamla materialet. I vurderinga må siktemålet vere å setje informasjonen i perspektiv; sjå den i
høve til “basiskompetanse”. Vurderinga skal innehalde personlege og faglege vurderingar.
Informasjonen skal tilbakeførast til foreldre, barnehagen og Høgskulen, munnleg til foreldra gjennom planlagt foreldresamtale og
skriftleg som del av rapport til barnehagen og Høgskulen. Praksislærar skal ha ei sentral rolle som retteiar i arbeidet med
observasjonsrapporten og tilbakeføringa til foreldra. Foreldra skal ha tilgang til rapporten, og om dei ynskjer det, kan dei lese denne
oppgåvedelen i barnehagen. Rapporten må ikkje kopierast, eller på annan måte mangfaldiggjerast.
Studenten skal ha leiaransvar, for ein periode på minst tre dagar, med ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere i samarbeid med personalet.
Mål med fagoppgåva er å få prøve ut faga i praksis og få erfaring med
- å kombinere faga gjennom tverrfagleg arbeid i barnehagen
- å bruke det Rammeplanen seier om faga i planlegging av aktivitetar i barnehagen
- å arbeide didaktisk
- å sjå innhaldet i praksisperioden som ein naturleg del av livet i barnehagen.
Arbeidskrav
-
Kvar praksisperiode er arbeidskrav i studiet. Sjå regelverk i studiehandboka og Rammeplan for førskulelærarutdanning med Forskrift, 3. april 2003.
-Greidd praksis
-Praksisrapport, sjå vedlegg 4
Vurdering
Kriterium for vurdering i praksis, sjå vedlegg 1c
PE 315 002 Skriftleg sluttvurdering etter perioden: Greidd praksis/ Ikkje greidd praksis
4 PRAKSIS I TREDJE STUDIEÅRET
4.1 TO VEKER PRAKSIS I FORDJUPINGSEININGA UTEFAG – 5. SEMESTER
Mål
Studenten skal ha fokus på eit interessefelt i studiet og/eller i yrket, og møte praksisfeltet som arena for
- utprøving
- utforsking
- hente inn ny kunnskap
- refleksjon over eige studiearbeid
Innhald
Innhaldet er knytt til profil og fordjupingsstudiet Utefag. I fordjupingseininga vil det bli gitt orientering og informasjon om praksisinnhald, oppgåve og utviklingsarbeid knytt til praksis.
Arbeidskrav
-
Kvar praksisperiode er arbeidskrav i studiet. Sjå regelverk i studiehandboka og rammeplan for førskulelærarutdanning med Forskrift, 3. april 2003.
- Greidd praksis
- Studiespesifiserte arbeidskrav
Vurdering
Gjennomførd og greidd praksis
Kriterium for godkjenning på eige skjema
4.2 TO VEKER PRAKSIS i første klasse i grunnskulen- 6. SEMESTER
Denne perioden er eit første møte med grunnskulen og er eit ledd i det å bli kvalifisert til å undervise i første klasse.
Mål
Studenten skal
- ha fokus på den første matematikk-, lese- og skriveopplæringa
- få øving med å planleggje, gjennomføre og vurdere eige pedagogisk arbeid
- få innsikt i og erfaring med kulturformidling
- stimulere barn til læring og utvikling gjennom leik og samspel
Innhald
Frå førebuande matematikk-, lese- og skriveopplæring til ei meir systematisk opplæring med fokus på arbeidsmåtar i matematikk-,
lese-, skriveopplæringa i første klasse.
Arbeidskrav
Kvar praksisperiode er arbeidskrav i studiet. Sjå regelverk i studiehandboka og Rammeplan for førskulelærarutdanning med Forskrift,
3. april 2003.
- Greidd praksis
- Prosjekt knytt til tema m/ grupperapport
- Refleksjonslogg
Vurdering
Gjennomført og greidd praksis
PE 315 002 Kriterium for godkjenning av grunnskulepraksis på eige skjema for utdanninga.
5 PRAKSIS FJERDE STUDIEÅRET
I fjerde studieåret skal studentane ha kompetanse i å leie i tråd med førskulelærarens ulike leiaroppgåver. Studenten skal kunne
samarbeide med barnehagens næraste samarbeidspartar og ha eit profesjonelt grunnlag for å kunne arbeide tverrfagleg i barnehagen
og første året i grunnskulen.
5.1 FIRE VEKER OG TO DAGAR PRAKSIS i barnehage– 7. SEMESTER
Mål
Studenten skal ha fokus på leiing, styrar sitt ansvar og forventningar, og krav frå samfunnet
- få innsikt i og erfaring med å vere pedagogisk leiar, og å utvikle praksisteorien knytt til leiing
- få innsikt i historiske, kulturelle og politiske fenomen knytt til barnehagen som samfunnsinstitusjon
Innhald
Ein førskulelærarar er fagleg leiar og har rettleiaransvar for ei personalgruppe. Å kvalifisere for personalleiing og samarbeid er sentrale
område både i teoristudiet og i praksis. Studenten skal
- Overta leiaransvaret i ei veke
- Gjennomføre leiardagar som pedagogisk leiar og styrar, og samarbeide med barnehagens næraste samarbeidspartar
- Førebu til vurderingsmøte med aktuelle samarbeidspartar; øvingslærar, assistent praksisrettleiar og faglærar
Arbeidskrav
-
Kvar praksisperiode er arbeidskrav i studiet. Sjå regelverk i studiehandboka og Rammeplan for førskulelærarutdanning med Forskrift, 3. april 2003.
- Greidd praksis
- Refleksjonsnotat
- Vurderingsmøte med øvingslærar, faglærar og /eller assistentar med utgangspunkt i refleksjonsnotat og vurdering av praksis
Vurdering
Kriterium for vurdering i praksis sjå vedlegg 1c
PE 315 000 Skriftleg sluttvurdering etter perioden: Greidd praksis/Ikkje greidd praksis.
6 VURDERING I PRAKSIS
Det skal vera progresjon i praksisopplæringa frå første til fjerde studieår.
Studenten må ha dokumentert evne til å planleggje, gjennomføre og reflektere over arbeid med barn i barnehage og elevar i første klasse i grunnskulen og
- vist evne til samarbeid og kommunikasjon
- vist fagleg og didaktisk kompetanse
- vist yrkesetisk kompetanse
- vist endrings- og utviklingskompetanse
Dersom det er tvil om ein student greier praksisperioden, må praksisrettleiar/studieleiar ved høgskulen kontaktast straks. Dersom ein student får vurderinga ikkje greidd praksis, skal det grunngjevast skriftleg, og studenten skal få høve til å retta opp det som er påpeikt i eit andre praksisforsøk, lagt til neste ordinære praksisperiode.
6.1 VURDERING AV OM STUDENTEN ER SKIKKA FOR FØRSKULELÆRARYRKET
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild
skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal føregå gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering begynner ved at
tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til
tudieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 42b, i forskrift om
skikkavurdering vedteken av KUF 16. august 1999 og i rammeplanar for lærarutdanningane fastsett 3. april 2003.
I tillegg gjeld dekanvedtak 4. april 2005.
Forskrift om skikkavurdering i lærarutdanningane, §2 Vurderingskriterier
Kriterier ved vurdering av om ein student er skikka er:
a) Studenten syner manglande vilje og evne til omsorg og til å leia læringsprosessar for barn og unge i samsvar med mål og retningsliner for barnehagen og verksemda i
skulen
b) Studenten viser manglande evne og vilje til å ha oversyn over kva som går føre seg i ei barnegruppe eller i ein klasse, og ut frå det skapa eit miljø som tek omsyn til
tryggleiken til barn og unge og den psykiske og fysiske helsa deira
c) Studenten tek ikkje ansvar som rollemodell for barn og unge i samsvar med mål og retningsliner for barnehagen og verksemda i skulen
d) Studenten viser manglande vilje eller evne til å kommunisera og samarbeida med barn, unge og vaksne
e) Studenten har problem slik at han eller ho fungerer svært dårleg i høve til omgjevnadene sine
f) Studenten viser for liten grad av sjølvinnsikt i samband med oppgåver i lærarstudiet
g) Studenten viser mangel på vilje eller evne til å endra uakseptabel åtferd i samsvar med rettleiing.
7 ANDRE ORIENTERINGAR
7.1 TEIEPLIKT
I praksistida er studenten både eit ansvarleg medlem av personalgruppa ved praksisinstitusjonen og student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studenten pliktar å rette seg etter §21 i Barnehagelova og § 42 i Grunnskulelova. Begge paragrafane handlar om teieplikta. Studenten har teieplikt når det gjeld barna ved daginstitusjonen, deira familietilhøve og personaltilhøva. Studenten skal skrive under på eit eige skjema for teieplikt og at han er gjort kjend med skikkavurdering i utdanninga. Praksisrettleiar og
institusjonsansvarleg har ansvar for at dette vert gjort.
7.2 PRAKSISREGLEMENT
- Praksistida er 6 timar per dag - til vanleg frå kl. 0900 - 1500. Etter avtale er studenten med på både tidlege og seine vakter
- Studenten skal møte til avtalt tid. Fråver må meldast til øvingslærar så snart som råd. Ved meir enn 3 dagars fråver er det studenten sitt ansvar å sende sjukmelding til
- Studenten må vise diskresjon og varsemd i tilhøve som gjeld barn, foreldre og personale ved institusjonen
- Skriftlege oppgåver skal planleggast og drøftast saman med øvingslærar
- Private telefonsamtalar frå institusjonen må berre skje etter avtale med øvingslærar
- Øvingslærar fører fråver i perioden, og for å få praksiperioden godkjend, må studenten stette kravet til oppmøte
I løpet av praksisvekene har studenten studiedagar som bør leggjast enkeltvis utover i perioden. Der øvingslærar arbeider i deltidsstilling, skal studiedagane leggast til dagar
der øvingslærar har fri. I 4-vekerspraksis er det 2 studiedagar, i 5-vekerspraksis 3 studiedagar. Studenten skal ta del i personal- og foreldremøte. Å delta i slike møte er ein
viktig del av praksisopplæringa og gir ikkje rett til avspasering. Dersom studenten tek del i andre møte i barnehagen som ligg utanom den ordinære arbeidstida, kan studenten
7.3 BREIDDA I PRAKSISFELTET
Praksisbarnehagane har ulike fysiske, organisatoriske og kulturelle rammer. Det kan vere barnegrupper som går kvar sin dag, barn som har deltidstilbod, og barnegrupper som har tilhaldsstad i kvar sine bygg, sjølv om dei går i same barnehage.
Praksisbarnehagar kan arbeide etter vanlege rammer, eller ha særskilde vilkår som t.d. utvida føremålsparagraf (Jamfør Barnehagelova § 1), gjeld for utebarnehage o.a.
Øvingslærarane og arbeidstida deira, stilling og funksjon kan også variere, t.d. kombinasjon styrar og avdelingsleiar, avdelingsleiar for to halvdagsgrupper, delt arbeidsforhold med ein annan avdelingsleiar og liknande. Øvingslærar bør vere minst femti prosent på avdelinga når han har student. Desse variablane vil ha konsekvensar for praksisperioden, og det er positivt at studenten får erfare ulike barnehagetilbod. Dette gir utvida perspektiv og auka forståing for breidda i barnehagefeltet. Studenten skal ha kontakt med øvingslærar før praksisperioden tek til. I det første møtet kan studenten og øvingslærar klargjere og avklare slike viktige variablar som er nemnde ovanfor, slik at han/ho er førebudd på nokre rammer alt frå første dag i praksis.
Vikararbeid
Studenten skal ikkje nyttast som vikar i den tida han/ho er i praksis.
Avspasering / ferie for øvingslærar
Øvingslærar bør leggje avspasering / ferie utanom praksisperiodane.
7.4 PRAKSISRETTLEIING FRÅ HØGSKULEN
Praksisbarnehagen må bli orientert om praksisbesøk frå høgskulen i god tid.
Besøk i praksis vert organisert som einskildbesøk eller besøk i gruppe. Dersom student eller øvingslærar har særlege ønskje om å få individuelt besøk i perioden, kontaktar dei praksisrettleiar om det.
Ved einskildbesøk vert det sett av ca. to timar til samtale, og både student, øvingslærar og praksisrettleiar/faglærar er med på samtalen. Som haldepunkt for samtalen nyttar vi «Vurderingsskjema» (vedlegg 1b), og studenten sine individuelle læringsmål, praksisforteljingar m.m . Dersom student/øvingslærar vil ta opp spesielle tema i samtalen, kome på besøk. Faglærarar frå høgskulen besøker studentar i praksis, i den grad det lèt seg gjere.
7.5 RETNINGSLINER FOR BU- OG REISE I PRAKSIS
Her må studenten studere Høgskulen sitt Fellesreglement som gjeld dekking av bu og reiseutgifter til studentane. Reglementet har lenke på høgskulen si heimeside.
Bu- og reisestønadsskjema finn du på heimesida til avdelinga.
7.6 SAMARBEID MED PRAKSISBARNEHAGANE
Rammeplan for utdanninga inspirerer til ulike typar møte mellom utdanninga og yrkesfeltet. Praksisavtalen inneber ei fast tid avsett til samarbeid med utdanninga/høgskulen.
Dels vil vi bruke ressursane til praksisførebuande møte, men også trekke inn praksislærar i undervisningsopplegg/ tverrfaglege periodar i praksisetterarbeid eller i andre forum der utdanninga vert drøfta. Innkallingane til møte må stå i forhold til den einskilde sin avtale, alternativt må høgskulen gjere eigen avtale med øvingslærar. Høgskulen ønskjer å ha eitt praksismøte med styrarar for alle faste praksisbarnehagar kvart semester og elles samarbeide via telefon, e-post og kommunikasjonsplattforma Fronter
på internett.
Avtale om praksisopplæring, punkt 8
7.7 NETTKOMMUNIKASJON
I HSF er Fronter kommunikasjonsplattforma mellom studentane og faglærarane, studieleiar, praksiskoordinator og praksisbarnehagane.
8 AVTALE OM PRAKSISOPPLÆRING
Øvingslærar sitt arbeid
“Formålet med praksisopplæringen i førskolelærerutdanningen er å forberede studentene til arbeid i barnehage og i første klasse på småskoletrinnet i grunnskolen.”, sitat frå: Retningsliner for avtale mellom lærerutdanningsinstitusjon og kommune/barnehageeier om praksisopplæring i førskolelærerutdanningen.
Praksisundervisninga omfattar desse presiserande merknadene om øvingslæraren sitt arbeid, jamfør Avtale om praksisopplæring i førskulelærarutdanninga, pkt 3.4:
- førebu for praksisperioden, gjennomføre praksisopplæring og rettleiing
- sjå til at studenten får innsyn og erfaring med heile førskulelæraryrket
- vurdere studenten i praksis
- utføre midtvegs- og sluttvurdering med godkjent eller ikkje godkjent praksis
- gjennomføre etterarbeid som t.d. kan medføre ei oppsummering på Høgskulen i Sogn og Fjordane eller anna samarbeid med førskulelærarutdanningaØvingslærar skal gi studenten
- høve til å orientere seg i barnehagen
- utgangspunkt for faglege drøftingar
- aktiv kontakt med barn og vaksne
- høve til å reflektere over dei konkrete situasjonane i barnehagen
- tid til å gjere delarbeid knytt til oppgåver
- tid til samtale med styrar
- leiarerfaring
- høve til ”å sjå seg sjølv” som utøvar av yrket og reflektere over eigen praksis
- skriftleg vurdering
- samarbeide med utdanninga om å vurdere studenten skikka for yrket.
Rettleiing og vurdering
Rettleiing og vurdering til:
- studenten: Øvingslærar skal gi munnlege og skriftlege kommentarar undervegs i arbeidsprosessen med praksisoppgåver, og i samband med før- og etter-rettleiing.
- høgskulen: Øvingslærar skal gi skriftleg vurdering av studenten på vurderingsskjema etter rettleiande vurderingsskala.
Midtvegsvurdering i praksis: Når ein øvingslærar er uroa for studenten si utvikling i praksis, og studenten står i fare for å få vurderinga ikkje-greidd-praksis, skal
øvingslærar i samråd med styrar i barnehagen kontakte studieleiar/praksisrettleiar i førskulelærarutdanninga. Meldinga skal sendast skriftleg til studieleiar for
Sluttvurdering: Praksislærar skal sende sluttvurdering til praksiskoordinator for førskulelærarutdanninga - i lukka konvolutt. Øvingslærar og praksisrettleiar har vurdert
studenten sin samla praksis. Vurderinga skal ikkje sendast til Høgskulen med studenten.
Praksisrettleiar ved ALI syter for at studenten skriv under på vurderingsskjemaet snarast råd.
I staden for praksisundervisning kan ein øvingslærer etter avtale få andre oppgåver i utdanninga.
9 PRAKSISANSVAR
Studieleiar
- Overordna ansvar for praksisopplæringa
Studieleiar i samarbeid med praksiskoordinator og praksisrettleiar har ansvar for å:
- Utarbeide plan for praksis
- Ansvar for å informere om praksisopplæringa, eksternt og internt
- Ansvar for å gjere avtale med praksisbarnehagar
- Kalle inn til praksisførebuande møte
- Kalle inn til møte med styrar for praksisbarnehagar med 6-års avtalar