Sjukepleie i kommunehelsetenesta SK102

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Sjukepleie i kommunehelsetenesta SK102

Studiepoeng
15

Innleiing

Denne studieplanen er utarbeidd med utgangspunkt i Sjukepleie, bachelorstudium etter rammeplan 2004, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den vart vedteken av dekan for avdeling for helsefag i 2006. Ei revidert utgåve vart vedteken av dekan for avdeling for helsefag den 15. juni 2007.

Studiet vert tilbydd utvekslingsstudentar og omfatter sjukepleiefaglege emne i kommunehelsetenesta.

Kompetanse / formell grad

Emnet inngår i bachelorgrad i sjukepleie.

Målgruppe

Utvekslingsstudentar frå andre sjukepleieutdanningar som ønskjer utveksling til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet vert undervist på norsk og høver for studentar frå dei nordiske land eller andre utvekslingsstudentar som kan norsk.

Mål for studiet

Studenten

  • Har kunnskap om sjukepleie som del av helse- og sosialtenesta, med vekt på eldre, kronisk sjuke og funksjonshemma, og utøver sjukepleie på bakgrunn av forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap
  • Har forståing for aktuelle faglege problemstillingar, syner ei kritisk og analytisk haldning og tek del i endringsprosessar
  • Har handlingsberedskap til å leie og administrere sjukepleie overfor grupper av pasientar og medarbeidarar
  • Utøver sjukepleie i tråd med sentrale verdiar i sjukepleie og i helsetenesta, syner etiske refleksjon og har etisk handlingsberedskap
  • Samarbeider målretta med pasient, hans/hennar nettverk og andre yrkesgrupper
  • Har kunnskap om korleis helsesvikt og sjukdom ytrar seg hjå eldre
  • Har innsikt i korleis langvarig helsesvikt verkar inn på den einskilde og pårørande sin livssituasjon
  • Etablerer og vidareutviklar relasjonar som bidreg til meistring hjå brukarar og deira familie i samband med akutt og langvarig helsesvikt
  • Kan dokumentere og evaluere eiga utøving av sjukepleie
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Studenten må ha fullført og greidd 90 studiepoeng av eit bachelorstudium i sjukepleie. I andre gradssystem vil det vere naudsynt med særskilt vurdering. Må ha teoretisk kunnskap om sjukepleie i kommunehelsetenesta.

Innhald / oppbygging

Ideologi, etikk og rammer for sjukepleie

  • Sentrale politiske og juridiske rammer for kommunehelsetenesta
  • Familieperspektiv, pårørande som aktørar i helsetenesta og nettverksarbeid
  • Yrkesetikk og etiske dilemma

Organisasjon, ideologi og etikk

  • Sentrale politiske og organisatoriske rammer for sjukepleie i kommunehelsetenesta
  • Kronisk sjukdom – livskvalitet og brukarperspektiv
  • Familieperspektiv og nettverksarbeid
  • Yrkesetikk og etiske dilemma
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, sakshandsaming
  • Leiing, sakshandsaming og tilrettelegging av tenestetilbod

Handlingsberedskap og handlingskompetanse i sjukepleie til dei aktuelle målgruppene

  • Heimen som arena for sjukepleie og konsekvensar for utøving av sjukepleie
  • Kartlegging av behov for sjukepleie, geriatrisk sjukepleie
  • Helsefremmande og førebyggande sjukepleie, behandling, lindring, (re)habilitering retta mot målgrupper i heimetenestene
  • Individuell plan og brukarmedverknad, samarbeid med pårørande
  • Handsaming av legemidlar
  • Helsepedagogisk verksemd retta mot pasientar og pårørande og undervisning og rettleiing av medarbeidarar og studentar/elevar

Organisasjon, leiing, fagutvikling og pedagogikk

  • Leiing og tilrettelegging av tenestetilbod
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Kvalitetssikring og kvalitetsutvikling
Undervisnings- og læringsformer
  • Forelesningar, gruppearbeid og øvingar i gruppe
  • Praksisstudiar
  • Skriftlege arbeid, lærarrespons
Praksis

8 veker praksisstudiar i heimebaserte tenester

Arbeidskrav
  • Obligatorisk frammøte til praksisstudiar
  • Obligatorisk deltaking i praksisretta undervisning (PU)
  • Arbeid med skriftlege oppgåver
  • Evnt hospiteringspraksis
Sluttvurdering

SK102-001 Praksis i heimebaserte tenester/omsorgsbustadar. Greidd/ikkje greidd.

SK102 Mappevurdering i kommunehelsetenesta. Individuell. Bokstavkarakter
Arbeidsmappe: To skriftlege arbeid innan kommunehelseteneste
Presentasjonsmappe: Eit av arbeida skal inngå i presentasjonsmappa. Arbeidet skal velgjast ut av lærar.

Ved karakteren F eller ved forbetring av mappa vert det ny utveljing blant dei skriftlege arbeida i arbeidsmappa. Eit arbeid blir valt ut av fagtilsette.

Pensum

Sjølvvalt litteratur 300 sider.