Study Programmes 07/08 / Study Programmes / FACULTY OF HEALTH STUDIES / INTERNATIONAL STUDY PROGRAMMES / Sjukepleie i psykisk helsearbeid SK103
Denne studieplanen er utarbeidd med utgangspunkt i Sjukepleie, bachelorstudium etter rammeplan 2004, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den vart vedteken av dekan for avdeling for helsefag i 2006. Ei revidert utgåve vart vedteken av dekan for avdeling for helsefag den 15. juni 2007.
Studiet vert tilbydd utvekslingsstudentar og omfatter sjukepleiefaglege emne i psykisk helsearbeid.
Emnet inngår i bachelorgrad i sjukepleie.
Utvekslingsstudentar frå andre sjukepleieutdanningar som ønskjer utveksling til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet vert undervist på norsk og høver for studentar frå dei nordiske land eller andre utvekslingsstudentar som kan norsk.
Studenten
Studenten må ha fullført og greidd 90 studiepoeng av eit bachelorstudium i sjukepleie. I andre gradssystem vil det vere naudsynt med særskilt vurdering. Må ha teoretisk kunnskap om sjukepleie i psykisk helsearbeid.
Ideologi, etikk og rammer for sjukepleie
Handlingsberedskap og handlingskompetanse i sjukepleie til dei aktuelle målgruppene
Organisasjon, leiing, fagutvikling og pedagogikk
8 veker praksisstudiar i psykisk helsearbeid
SK103-001 Praksis i psykisk helsearbeid. Greidd/ikkje greidd.
SK103 Mappevurdering i psykisk helsearbeid. Individuell.Greidd/Ikkje greidd Arbeidsmappe: 2 skriftlege arbeid innan psykisk helsearbeidPresentasjonsmappe: 1 av arbeida skal inngå i presentasjonsmappa. Eit arbeid blir valt ut av av faglærar.
Ved karakteren F eller ved forbetring av mappa vert det ny utveljing blant dei skriftlege arbeida i arbeidsmappa. Eit arbeid blir valt ut av fagtilsette.
Sjølvvalt litteratur 300 sider.