Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF TEACHER EDUCATIO... / ID3-123 Undervisningslære, praksis  

ID3-123 Undervisningslære, praksis

Kode
ID3-123

Namn
Undervisningslære, praksis

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i 1. år bachelor idrett



Tid
Desentralisert studium: Haust



Mål for emnet

Tileigne seg kunnskap om den fysiske aktivitet sin plass og funksjon i skule og samfunn og den tyding det kan ha for det enkelte individ.

Utvikle evne til å planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngi undervisning i kroppsøving og idrett ut frå gjeldande læreplan og tilpassa opplæring.

Innhald / oppbygging

Fysisk aktivitet - kroppsøving - idrett. Kroppsøvingsfaget si historie og utvikling. Kva er pedagogikk, didaktikk og fagdidaktikk. Lærarrolla i kroppsøvingsfaget - instruktørrolla i idrett. Planleggingsarbeid. Undervisningsmetodar, arbeidsmåtar og undervisningsprinsipp. Tilpassa opplæring. Vurderingsarbeid i kroppsøvingsfaget.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dette emnet vil det vere ei blanding av teoretiske og praktiske timar. I dei praktiske timane er det studentane som har leiingsansvaret for å få erfaring med planlegging, gjennomføring og vurdering av praktisk opplegg.

Praksis

Ordinært studium: 2 veker i vårsemesteret. Grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.
Desentralisert studium: 30 timar

Arbeidskrav
  • Planleggje, gjennomføre og skrive refleksjonslogg i samband med instruksjon
  • Grovplan før praksis
  • Praksisrapport
Sluttvurdering

ID3-123 Undervisningslære, praksis: Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 3 timar

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.