Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Vidareutdanningar / PS112 Tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid  

PS112 Tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid

Kode
PS112

Namn
Tverrfagleg fordjuping i psykososialt arbeid

Studiepoeng
30.00

Kategori
Fordjuping i vidareutdanning i Psykisk helsearbeid.
Fordjupingseininga utdjupar og vidarefører emne frå del 1, fellesdelen. Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er sett saman av eit obligatorisk og eit valfritt emne, kvar på 30 poeng.


Tid
Haust 2007 og vår 2008

Mål for emnet

Fordjupingseininga skal gje studenten kompetanse til å etablere relasjonar med og gi omsorg til menneske med psykiske lidingar og deira pårørande, med utgangspunkt i deira ressursar, ynskjer og behov. Relasjonsperspektivet står sentralt i forståing av den enkelte og hans/hennar omgivnader sine problem/behov og relasjonsaspektet er verkemiddel i endringsarbeidet.
Emnet skal gje studentane naudsynte kunnskapar for å kunne systematisere, dokumentere og formidle forhold som skapar psykisk helseproblem og drive fagutvikling og evalueringsarbeid. Det er høve til å fordjupe seg til ei bestemt aldersgruppe, eit problemområde/fagområde/fagspesifikk område, ulike institusjonstypar eller etatar, eller i forhold til individuelt, gruppe eller lokalsamfunn.

Forkunnskapar

Studentane må ha gjennomført og greidd fellesdelen før dei kan starte på emne 2, fordjupingsdel.

Innhald / oppbygging

Emnet er sett saman av to undervisningsbolkar.

Delemne 1: Fagleg fundament, teori og etikk (15 studiepoeng)

  • Eige fag sine teoriar og arbeidsmetodar i psykisk helsearbeid
  • Forsking, fagutvikling, erfaringsbasert kunnskap og evaluering
  • Kartlegging og systematisering og dokumentasjon av brukar/klient/pasient/familie sine behov
  • Individuell plan
  • Ulike alternativ for intervensjon; val og grunngjeving
  • Individorientering – gruppeorientering
  • Samtale; uformelle og planlagde samtaler
  • Styrke eigenutvikling og relasjonskompetanse gjennom veiledning og refleksjon
  • Eiga yrkesrolle i tverrfagleg samarbeid; medikamentell behandling, ernæringsproblem, rusproblematikk
  • Etiske dilemma knytt til utøving av psykisk helsearbeid

Delemne 2: Utvikling og utøving av relasjonskompetanse (15 studiepoeng)

  • Psykisk helsearbeid i og utanfor institusjon; ulike krav til relasjonskompetanse
  • Etablering, vedlikehald og avslutting av bærande relasjonar
  • Eigenutvikling og utvikling av relasjonskompetanse i høve til individ, gruppe, nettverk
  • Nærleik og avstand/etisk haldning
  • Problemløysande arbeid; identifisere behov, sette i verk og evaluere tiltak med utgangspunkt i den enkelte tenestemotakar/pasient sine behov.
  • Brukarmedverknad og pårørandesamarbeid i utøving av psykososialt arbeid/psykiatrisk sjukepleie
  • Metodiske tilnærmingar i psykisk helsearbeid: miljøterapi, familiearbeid, familieterapi, nettverksarbeid, kreative og uttrykksorienterte metodar, bevegelse- og kroppsorientering, individualterapi, gruppeterapi
Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene gjenspeglar måla for utdanninga. Dette inneber varierte arbeidsformer som førelesing, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving, medstudentrespons, prosjektarbeid, fordjupingsgrupper/kollokviegrupper, veilednings- og refleksjonsgrupper praksisstudium m/individuell fagleg veildning. Studentane må ha tilgang til internet.

Praksis

Studentane skal avvikle 270 timar klinisk praksis, som vert gjennomført over 9 veker med 30 timar pr. veke. Alternative organiseringsformer kan vere aktuelle ved enkelte praksisplassar Døme på praksisplassar er psykososialt arbeid/psykiatrisk sjukepleie/psykisk helsearbeid retta mot barn/ungdom/vaksne med vekt på psykiske lidingar, psykososiale vanskar, rusproblem og/eller komorbiditet. Aktuelle instansar kan vere kommunale psykiatritenester, spesialisthelseteneste innan psykisk helsevern og rusomsorg, poliklinikkar, dagavdelingar og familiekontor. HSF nyttar som hovudregel praksisplassar i Sogn og Fjordane. I studieåret 2007/2008 vert det prøvd ut ein modell for gjennomføring av praksis ved eigen arbeidsplass, for ei gruppe studentar etter nærmare retningslinjer utarbeidd av HSF.

Mål med praksis er at studentane vidareutviklar eigen kunnskap og erfaring i terapeutisk arbeid (relasjons- og samhandlingskompetanse) med menneske med psykiske lidingar. At studentane nyttar kunnskap og skaffar seg praktisk erfaring i samarbeid med andre faggrupper. Gjennom fagleg veiledning vert studentane sine eigne handlingar og holdningar utfordra. Studentane får 9 timar individuell fagleg veiledning av veiledar i praksis. Veiledar i praksis skal ha relevant 3 -årig høgskuleutdanning og relevant vidareutdanning og skal godkjennast av HSF.

Praksislærarar møter student og praksisplass to gangar i løpet av praksisperioden. I praksisstudiet vert studentane vurdert ut frå fastsette kriterium etter eige skjema. Klinisk praksis må vere greidd før studenten kan framstille seg for eksamen.

Arbeidskrav

Arbeidskrav må vere utført for å framstille seg for eksamen:

- Deltaking individuell veiledning (delemne 1)

- Måldokument og praksisrapport (delemne 1)

- Dokumentasjon for greidd praksis (delemne 1)

- Deltaking i veiledning/refleksjonsgruppe (delemne 1 og 2)

- Prosjektplan for fordjupingsoppåva/fagartikkel (delemne 2)

Sluttvurdering

PS xxxx Praksis blir vurdert til greidd/ikkje greidd

PS xxxx Mappevurdering, vekting 25%, bokstavkarakterar

- Arbeidsmappe: 2 skriftlege arbeid

- Presentasjonsmappe: Eit arbeid, valt av HSF

- Ved karakteren F eller dersom studenten ynskjer å forbetring av mappa vert det trekt på nytt blant dei to skriftlege arbeida i arbeidsmappa.

PS xxx Fordjupingsoppgåve/fagartikkel, vekting 75%, bokstavkarakterar

- Ved karakteren F eller ved forbetring av fordjupingsoppåva/fagartikkel er det høve til å arbeide vidare med same problemstilling. Ved forbetring av karakter vert det ikkje gjeve rettleiing.

Pensum

Pensum vert lagt fram ved studiestart