Namn på studiet
FØRSKULELÆRARUTDANNING MED VEKT PÅ NATUR, KULTUR OG UTEAKTIVITET- DELTID, Rammeplan 2003
Studiepoeng
180
Organisering
Førskulelærarutdanninga er ei 4-årig deltidsutdanning med eit samla omfang på 180 studiepoeng. Planen byggjer på Lov om universitet og høgskoler §54, prinsipp i Stortingsmelding nr. 16 (2001-2002) og den nasjonale rammeplanen for førskulelærarutdanning med forskrift av 3. april 2003. Studiemodellen er i samsvar med stortingsvedtak i 2002 om obligatoriske fag og prioriteringar som siktar mot ei førskulelærarutdanning med tema- og fagbasert læringsverksemd.
Deltidsutdanninga har natur- og kulturopplevingar, uteaktivitetar og friluftsliv som ein særleg fagleg profil. Fordjupingsemnet utefag, på 30 studiepoeng, understrekar dette. Også dei andre emna i studiet underbyggjer profilen.
Kompetanse / formell grad
Studiet er ei yrkesutdanning som kvalifiserer for arbeid som førskulelærar i barnehage og som lærar på første trinnet i grunnskulen. Studiet gir grunnlag for tildeling av bachelorgrad.
Målgruppe
Personar som ynskjer å arbeide med barn i barnehagen og elevar i første skuleår.
Mål for studiet
Førskulelærarutdanninga har som primæroppgåve å skape forståing for og innsikt i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn i barnehagen og elevar på første årstrinnet i grunnskulen. Utdanninga skal gi eit godt fagleg grunnlag for å arbeide med og å bruke natur,kultur og uteaktivitetar som opplevings- og læringsarena med barn, og tek mål av seg til å vere aktuell og heile tida på høgde med dei endringar som skjer i samfunnet.
Eit hovudmål er å skapa ei utdanning der førskulelærarstudenten gjennom utdanninga har utvikla:
·Solid fagkompetanse
·Didaktisk kompetanse
·Sosial kompetane
·Endrings- og utviklingskompetanse
·Yrkesetisk kompetanse
Utdanninga skal vere yrkesretta, og med det forstår vi at:
·Profesjonsaspektet er tydeleg i alle delar av studiet
·Utdanninga samhandlar nært med praksisfeltet
·Studiet byggjer på erfaringar frå barnehagefeltet
·Faga i studiet er ei støtte for utdanningsprofilen
·Endrings- og leiarkompetanse står i fokus
·Studiet skal gi grunnlag for yrkesrefleksjon
·Rammeplan for barnehagen er ein integrert del i utdanninga
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Opptakskrav til førskulelærarutdanninga er generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Innhald / oppbygging
Utdanninga er bygd opp som ein breiddemodell. Dette inneber at fleire fag ligg parallelt kvart studieår. I nokre av studievekene vil det vere tverrfaglege opplegg.
Fagleg innhald
Desse emna inngår i utdanninga:
·Pedagogikk 45 studiepoeng
Fagleg-pedagogiske studium er på 105 studiepoeng, og er følgjande emne:
·Norsk15 studiepoeng
·Matematikk 10 studiepoeng
·Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) 12 studiepoeng
·Tverrfagleg estetiske fag (drama/musikk/forming) 30 studiepoeng
·Naturfag med miljølære 13 studiepoeng
·Samfunnsfag 13 studiepoeng
·Fysisk fostring 12 studiepoeng
·Praksis er integrert del av studiefaga
·Fordjupingseininga Utefag 30 studiepoeng
Studiet er organisert med vekesamlingar og går over 4 år. Om lag 45 studiepoeng er lagt til kvart studieår. Det er tre samlingar i semestret. Deler av samlingane vil kunne vere felles undervisning med heiltids førskulelærarutdanning. Felles samlingar vil utgjere om lag ti studiepoeng kvart år. Studiestart vil i stor grad vere ei slik fellesveke, med mellom anna studentregistrering, dataopplæring, studieteknikk og bibliotekrettleiing. Mellom studievekene vil det bli nettstøtta undervisning og rettleiing, individuelt og i lokale grupper. Du må både studere på eiga hand og saman med andre studentar i lokale studiegrupper, som dels er sett saman geografisk. Opplæring i å arbeide i grupper og under rettleiing av lærar, vil kome i starten av studiet og utover i studietida.
I fleire av semestra er det obligatoriske praksisperiodar. Praksisperiodane er på fulltid og vert organisert i pendlaravstand, der dette er mogleg.
Som student må du ha tilgang til datamaskin med internettoppkopling. Lærestøttesystemet er ClassFronter.
Utdanninga har nokre allmenne krav som, mellom anna, omfattar krav til studieprogresjon, praksiskrav og krav om politiattest.
Samarbeid mellom fag og utdanningar
Ulike samarbeidsoppgåver er:
· Oppstartsveka i første semestret, delvis saman med første studieåret i 3-årig førskulelærarutdanning
·Innføring i studiet med skrivekurs, studieteknikk- og oppgåvekurs m.m.
·IKT som hjelp til kommunikasjon og læring.
- Innføring i pedagogisk støttesystem og arbeid med tekst på skjerm oginformasjonshenting.
- Biblioteket vil ha eit hovudansvar saman med faga og opplæringa tek til alt i første semester.
- Kritisk og etisk vurdering av nettbaserte ressursar.
- Bruk av program for elevar/studentar med spesielle lærevanskar t.d. dysleksi, og kjennskap til ulike program gjennom undervisninga. Høgskulen har m.a. eit eige program for leiingsoppgåver i barnehagen.
- Oppfølging av den einskilde student er ei samarbeidsoppgåve for alle fag i utdanninga, men hovudansvaret er lagt til kontaktlærar i første studieåret
- Barn med behov for særskild hjelp og støtte
- Tverrfaglege emne som likestilling, mobbing, barn i krise, skikurs, førstehjelp og trafikkopplæring
- Samarbeidsprosjekt mellom barnevernpedagog-, sosionom-, vernepleie-, praktisk- pedagogisk lærarutdanning, førskulelærar- og allmennlærarutdanning
Undervisnings- og læringsformer
Læringsformene i studiet skal fremje:
·Utvikling av førskulelærarkvalifikasjonar gjennom allsidig pedagogisk arbeid og gjennomgåande vektlegging av undring, leik og læring
·Utvikling av førskulelærarautoritet slik at ein kan utøve skjøn, dømekraft, handlekraft og praktisk dugleik
·Evne til kritisk tenking, sjølvrefleksjon og refleksjon retta mot historiske og kulturelle aspekt i utdanning og framtidig yrke
·Stimulere studenten i aktiv kunnskapssøking og kritisk gransking av kjelder
·Utvikling av munnleg og skriftleg analytisk framstillingsevne
I førskulelærarutdanninga i HSF skal studentane møte studentaktive læringsformer, både einfaglege og tverrfaglege:
- Arbeid i basisgruppe og lokale grupper
- Problembasert læring
- Prosjektarbeid
- IKT som verktøy, og som kommunikasjonsform
- Ulike presentasjonsformer m.m.
- Faglege drøftingsforum
Læringsformene og vurderingsordningane skal ivareta eit heilskapleg perspektiv på utdanninga. Planane for emne/fag viser korleis ein nyttar ulike vurderingsformer gjennom heile studiet.
Praksis
Praksisopplæringa er ein unik læringsarena for førskulelærarstudentane og er lagt til alle fire åra. God koordinering av samarbeidet mellom kommune/barnehage og Høgskulen, og gode økonomiske rammer, er viktig for den totale kvaliteten i utdanninga.
Mål
I følgje rammeplanen kap. 2.4 skal studentane:
- utvikle erfaringsbasert dugleik under kyndig rettleiing
- utvide tenkinga si suksessivt og refleksjonsgrunnlaget sitt frå personleg meistring til å omfatte pedagogisk fellesskap, historiske og kulturelle fenomen
- få innsikt i fleirkulturelle utfordringar
- vidareutvikle sitt pedagogiske arbeid
- oppleve alle fagområde/fag som relevante kjelder for planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid i framtidig førskulelæraryrke
- Det er eit mål at studentane skal få minst ein praksisperiode i ein barnehage som legg vekt på uteaktivitet.
Organisering
Praksis har eit samla omfang på 20 veker Praksisansvaret inngår i alle emne i studiet. Praksistida skal i hovudsak vere knytt til arbeid i barnehage, men minst to av vekene skal vere på første klassetrinnet i grunnskulen, og to veker er knytt til fordjupingsemnet. Praksis i nærmiljøet og i pendlaravstand, så langt dette er praktisk mogleg.
|
1. studieår
2005-2006
|
Fem veker i barnehage (veke 43-veke 48)
|
|
2. studieår
2006-2007
|
Ei veke praksisprosjekt/estetiske fag ( veke 44)
Fem veker i barnehagen (veke 3-veke7)
|
|
3. studieår
2007-2008
|
To veker knytt til fordjupingsemnet (veke 42-veke 43)
To veker på første trinnet i grunnskulen (veke 16-veke 18)
|
|
4. studieår
2008-2009
|
Fire veker + to dagar i barnehage m/ overtaking (veke 37- veke 41)
Tre praksisrelaterte dagar til disposisjon for bacheloroppgåva (vårsemestret)
|
Plan for praksis
Ein eigen plan for praksis klargjer:
·Innhald, organisering og progresjon
·Praksis sin plass i studiet
·Teamet sitt ansvar i dei ulike praksisperiodane
·At progresjonen er sikra gjennom studiet
·Ansvarsfordeling mellom øvingslærar, student og utdanning
Ansvar
Faglærarar, praksisrettleiarar, studieleiar/praksiskonsulent, studentar og praksisbarnehagar/ skular har saman ansvar for å planleggje, gjennomføre og vurdere praksis.
Praksiseminar/regionale samlingar, støtta av nettbasert samarbeid, er fora for fagleg og didaktisk refleksjon og gode møtestader for erfaringsbasert læring.
Vurdering i praksis
·Deltaking i praksisopplæringane med førebuing, gjennomføring og etterarbeid er obligatoriske arbeidskrav
·I kvar praksisperiode får studenten ei vurdering etter karakterskalaen greidd/ikkje greidd
·Øvingsbarnehagen/- skulen vurderer og set karakter etter drøfting med praksisrettleiar/faglærar og eventuelt studieleiar
·Vurderinga ikkje greidd i praksis betyr at ein student ikkje kan fylgje nokon del av studieprogrammet i påfylgjande studieår
·Andre og siste forsøk i praksis kan tidlegast gjennomførast i neste tilsvarande praksisperiode
·Studenten har rett til å få rettleiing av høgskulen i tida fram til neste praksisperiode
·Vurderinga ikkje greidd i praksis i andre forsøk betyr at studenten ikkje lenger har studierett
Skikkavurdering
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal føregå gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering startar ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 42 b, i forskrift om skikkavurdering vedteken av KUF 16. august 1999 og i rammeplanar for lærarutdanningane fastsett 3. april 2003. I tillegg gjeld dekanvedtak 22. april 2005.
Studieopphald i utlandet
Studentane i førskulelærarutdanninga kan ta eit opphald i Norden som del av utdanninga. Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre praksisperioden i andrestudieåreti eitsamarbeidsland. Studieopphald i utlandet, som skal inngå i utdanninga, skal etter søknad godkjennast på førehand av studieleiar. Berre studentar med tilfredsstillande studieprogresjon får innvilga studieopphald i utlandet.
Avdelinga har desse avtalane om utveksling av studentar:
Nordplus:
·Fyns Pedagogseminarium i Odense i Danmark
·Ribe Seminarium, Danmark
·Åbo Akademi, Vasa i Finland
·Växjø- og Uppsala universitet i Sverige
·Pedagogseminaret, Torshavn, Færøyane
·Hòskòlinn, Akureyri Universitet, Island
Afrika:
·Avdelinga har også samarbeidsavtale med David Livingstone Teachers’ College i Zambia. Samarbeidet gjeld førskule- og allmennlærarutdanning.
Arbeidskrav
Arbeidskrav og vurderingsformer går fram av omtale av kvart einskild emne/fag i utdanninga. Sjå emneomtale i Studiehandboka.
Sluttvurdering
Vurderingsformene i studiet skal:
·medverke til at førskulelærarstudenten tek ansvar for eigen utviklingsprosess og utviklar sjølvinnsikt under studiet
·ivareta heilskaplege vurderingar basert på læringsformer som er vektlagt i studiet
·sikre vurdering av førskulelærarkvalifikasjonar og førskulelærarautoritet, slik desse er nedfelt i mål og i læringsformer
·medverke til å sikre god studiekvalitet
Pensum
Sjå emneplanar/ litteraturlister frå faglærarar.