RETNINGSLINJER
Til grunn for plan om praksis ligg
- Lov om universitet og høgskolar av 1.august 2005
- Rammeplan for allmennlærarutdanninga av 3. april 2003
- Studieplan for allmennlærarutdanninga ved HSF av 27. mars 2003
- Avtale om arbeidsvilkår for øvingslærere av 7. mars 2005
Praksisopplæringa har allmennlærarpraksis som hovudsikte og er eit samlande element i utdanninga. Praksisopplæringa er difor eit felles ansvar for alle fag i utdanninga. Studieplan for praksis er det forpliktande grunnlaget for høgskulen, praksisskulen og studentane og er eit bindeledd mellom praksisfeltet og høgskulen og mellom faga i utdanninga.
MÅL FOR PRAKSISOPPLÆRINGA
·Personleg utvikling
·Heilskapleg kompetanse
·Yrkesretting
·Samarbeid
Faglærarane og øvingslærarane er lærarutdannarar på ulike arenaer. Det krev eit tett og forpliktande samarbeid i forhold til studentoppfølging.
Praksisopplæringa skal gje studentane innblikk i dei krava og forventningane som vert stilte til læraren i alle delar av verksemda i skulen. Studentane skal utvikla fagleg og didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.
Det er viktig at studentane opplever samanheng i opplæringa, og at teori og praksis kan utfylla kvarandre. Røynsler og problemstillingar frå praksisfeltet er difor ein sentral del av fagstudia og yrkesrettinga av utdanninga.
INNHALD OG ORGANISERING
Praksisopplæringa i allmennlærarutdanninga er tjue veker rettleidd praksis fordelt på tre år. Dei to første åra omfattar praksis seksten veker fordelte på fire veker kvart semester. I det tredje studieåret skal studentane ha fire veker samanhengane praksis, med integrert skule/steg/team-overtaking. Den rettleidde praksisen i dei to fyrste vekene skal i stor grad vere knytt til det/dei studiefaga studentane tek det aktuelle studieåret.
Kvar praksisgruppe omfattar inntil 4 studentar. Studentane skal vera med i undervisninga til øvingslæraren i 20 timar per veke i gjennomsnitt. Det er frammøteplikt til alle timane. Øvingslæraren kan gje permisjon for enkelttimar. Permisjon ut over enkelttimar må avklarast med studieleiaren.
Dersom ein student vert sjuk i ein praksisperiode, pliktar han eller ho straks å gje øvingslæraren melding om fråværet. Etter ein dags fråvære treng studenten til vanleg ikkje ta opp att denne dagen. Etter to dagars fråvære avgjer øvingslæraren om det er naudsynt å ta att desse dagane. Dersom fråværet er lengre, må heile praksisperioden eller delar av han takast opp att etter nærare vurdering av øvingslæraren og studieleiaren.
Modell for praksis første til tredje studieår
Allmennlærarpraksisen byggjer på spiralprinsippet med aukande krav til fordjuping og skifte av perspektiv. Det er viktig at studentane får variert praksisopplæring og får kjennskap til og ta i bruk varierte arbeidsformer i tråd med læreplanverket.
|
Studieår
|
Semester
|
Steg
|
Veker
|
Profil
|
Ansvarsfag
|
|
1
|
Haust
|
MS
|
1
|
Observasjon
|
Ped/no
|
|
1
|
Haust
|
MS
|
3
|
Praksis med vekt på lærarrolla
|
Ped/no
|
|
1
|
Vår
|
MS
|
4
|
Tverrfagleg praksis med vekt på elev og læringsmiljø
|
Krl/no/ped
|
|
2
|
Haust
|
US
|
4
|
Praksis med vekt på elev og oppvekstmiljø
|
Mat
|
|
2
|
Vår
|
SS
|
4
|
Praksis med vekt på GLSM
|
No, mat, ped
|
|
3
|
|
|
4
|
Allmennlærarpraksis med vekt på skule og samfunn inkludert skuleovertaking
|
Studiefag
|
Ansvarsfag
Alle fag har eit felles ansvar for praksis, men ansvarsfaget har eit spesielt ansvar for det faglege innhaldet i praksisperioden.
FØRSTE STUDIEÅR
Mål
- Bli kjend med skulen sine forventningar til studentane, særtrekk ved mellomsteget korleis skulen organiserer skuledagen og planarbeid ved skulen gjennom informasjon frå rektor
- Utvikla kunnskap om korleis livet i klasserommet fungerer, og kva arbeidet som lærar omfattar, mellom anna gjennom ulike observasjonsmetodar
- Tileigna seg kunnskap og praktisk dugleik med å planleggja, gjennomføra og reflektera over undervisninga
- Arbeida med og utvikla eigen praksisteori gjennom analyse av og refleksjon over sin eigen praksis og praksisen til andre
- Utvikla positive holdningar til samarbeid med foreldre, mellom anna gjennom deltaking på møte med foreldra
- Verta kjend med dei års- og periodeplanane som gjeld for praksisklassen
Studentane følgjer same øvingslærar i begge periodane. Øvingslæraren og studenten bør difor saman koma fram til i kva semester dei ulike måla bør vektleggjast. Det er naturleg at det vert stilt stadig større krav til sjølvstendig arbeid og ansvar.
Studentane bør vera med å ta ansvar for undervisning så snart dei føler seg klar og i samråd med øvingslærar.
ANDRE STUDIEÅR
Haustsemesteret
Mål
- Bli kjend med skulen sine forventningar til studentane, særtrekk ved ungdomssteget og elevmedverknad ved skulen gjennom informasjon frå rektor
- Tileigna seg kunnskap og dugleik i planlegging, gjennomføring og vurdering av læreprosessar tilpassa føresetnadene og behova til den einskilde eleven
- Erfara kva utfordringar som ligg i elevsamtalar
- Verta kjend med arbeidsmetodar som fremjar entreprenørskap
- Utvikla innsikt i rettleiing gjennom praktiske døme
Vårsemesteret
Mål
- Bli kjend med skulen sine forventningar til studentane, særtrekk ved småskulesteget, korleis skulen arbeider med grunnleggande lese, skrive og matematikkopplæring og foreldresamarbeid ved skulen gjennom informasjon frå rektor
- Utvikla kunnskap og dugleik om den grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæringa
- Tileigna seg innsikt i ulike arbeidsmåtar knytt til småskulesteget
Så sant det er mogeleg, skal kvar student ha ansvar for å planleggja og gjennomføra ein heil skuledag i løpet av perioden.
TREDJE STUDIEÅR
Vårsemesteret og haustsemesteret
Mål
- Utvikla grunnlag for å reflektera rundt sentrale fagdidaktiske problemstillingar og undervisningsmetodar som vert brukte i faget eller faga
- Utvikla kunnskap om praksisskulen som organisasjon, skuleleiing og teamsamarbeid
- Tileigna seg kunnskap om korleis skulen arbeider i forhold til fleirkulturelt arbeid
- Utvikla evne til å meistra større ansvarsoppgåver
Fagoversikt første til fjerde semester
matematikk norsk pedagogikk Krl Glsm
|
1. semester
|
7.5 poeng
|
7.5 poeng
|
5 poeng
|
10 poeng
|
|
|
2. semester
|
7.5 poeng
|
7.5 poeng
|
5 poeng
|
10 poeng
|
|
|
3. semester
|
15 poeng
|
5 poeng
|
10 poeng
|
|
|
|
4. semester
|
|
10 poeng
|
10 poeng
|
|
10 poeng
|
Eit overordna krav til praksis er at studentane skal ha praksis i matematikk, norsk og krl i dei periodane der dei har faget som studiefag og at øvingslæraren underviser i faga.
Praksisoppgåver første til fjerde semester
Første semester
Pedagogikk og norsk er ansvarsfag
- Observasjon/observasjonsoppgåve med fokus på oppstart av timar/ aktivitetar, overgangar og avslutning.
- Studentane skal prøva ut ei mindre tverrfagleg praksisoppgåve utforma i samarbeid mellom studentar, ansvarsfag og praksisfelt.
I matematikk vert studentane oppfordra til å studera korleis læraren bruker omgrep og legg til rette undervisninga. I krl vert studentane oppmoda om å studera korleis læraren legg til rette undervisninga. Eit notat frå kvar student er utgangspunkt for erfaringsutveksling i seminargruppene etter praksisperioden. Det skal skrivast eitt notat frå kvar praksisgruppe til matematikk og eitt til krl.
I praksisperioden vert studentane og øvingslæraren samde om eit tverrfagleg tema i krl og norsk som studentane skal førebu for praksis i andre semester.
Andre semester
Krl, pedagogikk og norsk er ansvarsfag
- Studentane skal arbeida ut eit større tverrfagleg undervisningsopplegg med bakgrunn i ei fagleg fordjuping i eit tema. Undervisningsopplegget skal ha eit omfang på om lag to veker i samarbeid med ansvarsfaget og praksisfeltet.
- Studentane skal prøva ut delar av dette undervisningsopplegget. Utvalet skjer i samarbeid med øvingslæraren.
- Studentane skriv eit refleksjonsnotat etter utprøvinga.
Tredje semester
Matematikk er ansvarsfag
- Studentane skal arbeida ut og gjennomføra eit undervisningsopplegg med eit omfang på minst seks undervisningstimar i matematikk. Studentgruppa og øvingslæraren må ta kontakt med kvarandre tidleg i semesteret for å verta samde om eit aktuelt emne for matematikkundervisninga i praksisperioden.
- Studentane skal skriva ein gjennomarbeidd rapport som tek utgangspunkt i undervisninga, og som viser stor grad av refleksjon.
Studentane kan i tillegg få ei mindre oppgåve i pedagogikk.
Fjerde semester
Matematikk, norsk og pedagogikk er ansvarsfag
- Studentane skal planleggja og gjennomføra eit prosjekt som dei får rettleiing i av øvingslærarar og faglærarar.
ANSVAR FOR PRAKSIS
Studieleiaren er
- fagleg ansvarleg for praksisopplæringa
- teamleiar
- ansvarleg for å følgja opp enkeltstudentar i praksis
Studieleiaren i samarbeid med praksiskonsulenten
- har ansvar for å informera om praksisopplæringa
- har ansvar for å gjera avtalar om praksisskular
- skal kalla inn til praksisførebuande møte
- skal arrangera regionsamlingar i samarbeid med faglærarane
- har ansvar for å leggja planar for praksis ut på Classfronter i god tid før praksisperioden tek til
Rektor
- har hovudansvar for praksisopplæringa i praksisskulen
- har ansvar for å informera studentane om dei punkta som er sette opp under mål for kvart semester
Øvingslærarane
- har ansvar for å leggja planar for praksis ut på Classfronter i god tid før det praksisførebuande møtet
- har ansvar for øvingsopplæringa i praksisskulen, inkludert rettleiing
- skal vurdera studentane i praksisopplæringa og skriva praksisrapport
- har ansvar for å vera med på møte og kurs som er ein del av tilsetjingsforholdet deira, mellom anna praksisførebuande møte og regionssamlingar
Faglærarane
- har ansvar for å leggja planar for fag ogpraksis ut på Classfronter i god tid før det praksisførebuande møtet
-
har ansvar for kontakt med praksisskular i praksisperioden og praksisdeltaking på praksisskulen ved å
-kommentera undervisningsopplegg
-vera til stades i undervisninga eller i deltakande observasjon
-vera med på etterrettleiing
-ha samtale med studentane
-ha samtale med øvingslærarane
-gå aktivt inn i praksissituasjonen om mogleg og ynskjeleg
-har ansvar for å vere med på eller leia regionssamlingar og praksisoppsummeringar
-har ansvar for å synleggjera praksisrelaterte og fagdidaktiske sider ved faget
Faglæraren avtalar omfang og tidspunkt for praksisdeltaking med øvingslæraren på det praksisførebuande møtet.
Studentane
- har ansvar for eit aktivt læringsarbeid i førebuing, gjennomføring og etterarbeid av praksisopplæringa
- har ansvar for å ta kontakt med øvingslæraren og leggja planar for praksis ut på Classfronter i god tid før praksisperioden tek til
- har ansvar for si eiga praksismappe
SAMARBEID OM PRAKSIS
Classfronter
Classfronter er kommunikasjonsplattform mellom studentane, øvingslærarane, faglærarane, studieleiaren og praksiskonsulenten. Classfronter skal nyttast til å leggja ut planar for praksis, meldingar og til å gjera oppgåver knytte til praksis før, under og mellom praksisperiodane.
Ansvarsfag
Alle fag har eit felles ansvar for praksis, men ansvarsfaget har eit spesielt ansvar for det faglege innhaldet i praksisperioden.
Praksisteam
Teamet omfattar studieleiaren, praksiskonsulenten, fagteamet, to representantar for øvingslærarane og to representantar for studentane. Teamet evaluerer praksis og praksissamarbeidet etter at praksisperiodane er over. Studieleiaren kallar inn til møte.
Regionsamlingar
Praksiskonsulenten kallar inn til regionssamling for faglærarar, øvingslærarar og studentar for kullet om lag midt i ein praksisperiode. Ansvarsfaga leier møtet. Studentane skal i samarbeid med øvingslærarane leggja ei situasjonsskildring eller ei eller fleire problemstillingar frå praksis ut på Classfronter, ei med utgangspunkt i profilen for praksisperioden og ei frå kvart av dei faga studentane har på høgskulen dette semesteret. Problemstillingane eller situasjonsskildringa må gjerne ha ei positiv vinkling. Faglærarane møter på regionssamlingane og drøftar problemstillingane eller situasjonsskildringane med studentar og øvingslærarar opp mot aktuell teori.
MØTER I SAMBAND MED PRAKSIS 2006/07
For 2A, praksis ungdomssteget
- Veke 38: Praksisførebuande møte for rektorar, øvingslærarar, studentar, faglærarar og praksisadministrasjonen torsdag 21. september 2006 frå klokka 11.00 til 16.00 på Avdeling for lærarutdanning og idrett, Høgskulen.
- Veke 39: Fredag 29. september 2006. Studentane møter elevane og praksisskulen heile dagen.
- Veke 46: Praksisoppsummering for studentar og faglærarar måndag 13. november 2006 frå klokka 09.00 til 12.00 på Avdeling for lærarutdanning og idrett, Høgskulen. Øvingslærarane vert inviterte via Classfronter og kan møta om dei ynskjer.
For 2A, praksis småskulesteget
- Veke 7: Praksisførebuande møte for rektorar, øvingslærarar, studentar, faglærarar og praksisadministrasjonen tysdag 13. februar 2007 frå klokka 11.00 til 16.00 på Avdeling for lærarutdanning og idrett, Høgskulen.
- Veke 12: Fredag 23. mars 2007. Studentane møter elevane og praksisskulen heile dagen.
- Veke 17: Regionssamlingar på skulane for studentar, øvingslærarar og faglærarar.
- Veke 18: Praksisoppsummering for studentar og faglærarar måndag 30. april 2007 frå klokka 09.00 til 12.00 på Avdeling for lærarutdanning og idrett, Høgskulen. Øvingslærarane vert inviterte via Classfronter og kan møta om dei ynskjer.
For 2F, praksis i 1. klasse
- Veke 7: Praksisførebuande møte for rektorar, øvingslærarar, studentar, faglærarar og praksisadministrasjonen tysdag 13. februar 2007 frå klokka 11.00 til 16.00 på Avdeling for lærarutdanning og idrett, Høgskulen.
- Veke 12: Fredag 23. mars 2007. Studentane møter elevane og praksisskulen heile dagen.
- Veke 18: Praksisoppsummering for studentar og faglærarar måndag 30. april 2007 frå klokka 09.00 til 12.00 på Avdeling for lærarutdanning og idrett, Høgskulen. Øvingslærarane vert inviterte via Classfronter og kan møta om dei ynskjer.
RETTLEIING
Studentane har krav på ti rettleiingstimar per veke på barnesteget og ni timar på ungdomssteget. Desse timane kjem i tillegg til 20 timar undervisning per veke i gjennomsnitt som studentane skal vera med i og ha ansvar for. Tid til planlegging, møte med rektor og andre møter kjem i tillegg til timar til undervisning og rettleiing.
I rettleiingstimane er praksisgruppa til vanleg samla, og øvingslæraren leier desse møta. Studentane bør oppmuntrast til å arbeida med og utvikla sin eigen praksisteori gjennom analyse av og refleksjon over sin eigen praksis og praksisen til andre. Oppgåva til rettleiaren er å oppmuntra til individuell utvikling og sjølvstendig arbeid. Studentane vert oppfordra til å skriva logg i kvar praksisperiode. Formålet er å ta vare på og utvikla tankar, opplevingar, reaksjonar, røynsler og utviklingsområde hjå studentane frå periode til periode.
Førrettleiing
Før undervisninga skal studentane levera eit rettleiingsgrunnlag som utgangspunkt for samtale om mål, innhald og arbeidsmåtar. Studentane har ansvaret for å formulera kva dei ønskjer rettleiing i.
Etterrettleiing
Etter undervisninga skal samtalen med øvingslæraren leggja vekt på evna til analyse hjå studentane og evna deira til å reflektera over planlegging, gjennomføring og vurdering.Eigenvurdering og eigenutvikling er eit viktig mål.
Praksismappe
Før første praksisperiode lagar studentane ei individuell praksismappe der dei kan dokumentera refleksjon over si eiga læring i praksis frå første til fjerde studieår. Praksismappa kan til dømes innehalda observasjonar, loggar, oppgåver, undervisningsopplegg eller tankar rundt det, inntrykk frå rettleiingssamtalar, referat frå møte og liknande.
Det er eit mål at praksismappa skal støtta opp om den personlege utviklinga. Innhaldet er eit godt grunnlag for individuell rettleiing og progresjon.
VURDERING
Frå studieplanen til allmennlærarutdanninga av 27.03.03:
Vurdering i praksis:
- Deltaking i praksisopplæringa med førebuing, gjennomføring og etterarbeid er obligatoriske arbeidskrav.
- Studenten skal verta vurdert etter karakterskalaen greidd/ikkje greidd.
- Vurderinga ikkje greidd i praksis vil seia at ein student ikkje kan følgje nokon del av studieprogrammet i neste studieår.
- Andre og siste forsøk i praksis kan tidlegast gjennomførast i neste tilsvarande praksisperiode.
- Studenten har rett til å få rettleiing av høgskulen i tida fram til neste praksisperiode.
- Vurderinga ikkje greidd i praksis i andre forsøk vil seia at studenten ikkje lenger har studierett.
- Praksisopplæringa i fjerde studieår vert knytt til oppgåver gjevne i fagstudiet. Vurderinga av desse oppgåvene, inkludert praksisdelen, går inn i dei einskilde faga.
VURDERINGSKRITERIUM
Det skal vera ein progresjon i praksisopplæringa frå første til fjerde studieår. Studenten må ha
- dokumentert evne til å planleggja, gjennomføra og reflektera over undervisninga
- vist evne til samarbeid og kommunikasjon
- vist fagleg og didaktisk kompetanse
- vist yrkesetisk kompetanse
- vist endrings- og utviklingskompetanse
Dersom det er tvil om ein student greier praksisperioden, skal studieleiaren ved høgskulen kontaktast straks.
Vurdering
- Øvingslærar skal skrive ei vurdering pr. student etter praksis er avslutta ved praksisskulen. Frist for innsending av vurderinga er 14 dagar etter avslutta praksis. Mal som skal nyttast finn de www.hisf.no/alu/allmennlaerar/praksis/ og den heiter vurdering. Rektor, øvingslærar og student skal skrive under og studenten si eigenvurdering skal ligge ved.
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal føregå gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering begynner ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurderiing er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 42 b, i forskrift om skikkavurdering vedteken av KUF 16. august 1999 og i rammeplanar for lærarutdanningane fastsett 3. april 2003. I tillegg gjeld dekanvedtak 4. april 2005.
De finn meir informasjon om dette på heimesida til allmennlærarutdanninga i Sogn og Fjordane; www.hisf.no/alu/allmennlaerar/