Studiehandbok 06/07 / Studium / AVDELING FOR HELSEFAG / VIDAREUTDANNINGAR / Hjerneslag, vidareutdanning, 15 sp  

Hjerneslag, vidareutdanning, 15 sp

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Hjerneslag, vidareutdanning, 15 sp

Studiepoeng
15

Organisering
Studiet er lagt til rette som eit deltidsstudium over to semester fordelt på fire samlingar. Første samling er på tre dagar, dei andre samlingane på to dagar.

Innleiing

Kvart år vertom lag 15000 menneske ramma av hjerneslag i Noreg. Det er den tredje hyppigaste dødsårsaka, årleg døyr om lag 5000 menneske av sjukdomen. Om lag 60000 menneske lever med ulike funksjonshemmingar etter hjerneslag.

Statens helsetilsyn sin "Veileder i rehabilitering av slagrammede" frå 1996, påpeikar at rehabiliteringstilbodet til slagramma er av varierande kvalitet, til dels prega av manglande rehabiliteringskompetanse generelt og manglande kunnskap om slagrehabilitering spesielt.

Verdas helseorganisasjon (WHO) har fylgjande definisjon på hjerneslag:

A stroke is characterized by a focal neurological deficit due to local disturbance in the blood supply to the brain: its onset it usually abrupt
but may extend over a few hours or longer. (WHO,1971):

Funksjonshemming som fylgje av hjerneslag er eit stort og komplekst problem både for den sjuke, pårørande og samfunnet. I den vestlege verda er hjerneslag den hyppigaste årsak til varig funksjonshemming og invaliditet.

Hjerneslag vert brukt som felles omgrep for både blødingar i hjernen og for hjerneinfarkt. Det medisinske omgrepet for begge tilstandane er cerebrovaskulær sjukdom, forkorta CVA. Hjerneinfarkt er årsak til om lag 80% av alle hjerneslag.

Akutt behandling av hjerneslag er tillagt nevrologiske og medisinske avdelingar i sjukehus, ca 30% fortsetter med rehabilitering i spesialisthelsetenesta (Statens helsetilsyn, Veilederi rehabilitering av slagrammede 4-96). Rehabilitering startar så snart pasienten sin medisinske tilstand er stabil. Årleg treng om lag 5000 pasientar med hjerneslag rehabiliteringstilbod.

I samhandling med slagpasienten kan helsearbeidaren oppleve problem med å forstå personen. Samtalar kan bli vanskelege på grunn av svikt i språk-, minne- og orienteringsevne hjå pasienten, og på grunn av dømmekrafta hans eller hennar. Utfordringa er å oppfatte det som plagar den sjuke personen, og gi hjelp ut frå kroppsuttrykk, utsegner og sjukdomsteikn. Samtidig dukkar det opp problem som svarar til den evna slagpasienten har til å klare seg i dagleglivet. Meistring av gjeremål i dagleglivet vert endra og kan føre til at personar med hjerneslag vert avhengige av andre.

Kompetanse / formell grad

Etter fullført studium skal studenten vere betre kvalifisert til å ha det faglege ansvaret for personar med hjerneslag på sitt fagområde i og utanfor institusjon. Det er eit mål at kunnskap om hjerneslag skal heve kvaliteten av helsetilbodet til personar med hjerneslag.

Målgruppe

Fagpersonell på kommunalt eller statleg nivå, samt i privat verksemd, som arbeider med individ- og miljøretta tiltak for menneske med funksjonsproblem etter hjerneslag. Dette gjeld ulike fagpersonar særlig innan helse- og omsorgssektoren og sosialsektoren.

Studiet vil vere av særleg interesse for fagpersonell som arbeider med slagrehabilitering,utvikling og oppfølging av individuelle tiltak og planar.

Mål for studiet

Overordna mål for studiet er at deltakarane, utifrå sitt fag og sitt arbeidsfelt, skal vidareutvikle sin faglege, tverrfaglege og mellommenneskelege handlingskompetanse innan akutt behandling og re-/habilitering av slagpasientar.

Studiet skal utfordre haldningar og verdiar og understøtte studentane si evne til å utnytte og utvikle sin profesjonelle kunnskap i samhandling med brukarens erfaringsbaserte kunnskap. Dette i ein heilskapleg og målretta plan- og arbeidsprosess, med den slagramma som sentral og aktiv aktør i eigen rehabiliteringsprosess.

Studiet i hjerneslag har som mål at studenten

  • Kan gjere greie for ulike årsaker, konsekvensar, behandling og rehabiliteringstiltak ved hjerneslag
  • Kan gjere greie for behandling og observasjonar ved akutt hjerneslag
  • Har evne til å setje seg inn i opplevingar hjå slagpasienten og familien knytte til sjukdom, oppleving av kriser, tap og sorg
  • Kan gjere greie for ulik funksjonssvikt hjå slagpasienten
  • Har kunnskap til å kunne møte og samarbeide med slagpasienten i deira re-/habiliteringsprosess
  • Har kunnskap til å vere med i eit tverrfagleg arbeid og vurdere behandling og intervensjon
  • Har uvikla evne til å vere tilstades i ein likeverdig relasjon, og med autoritet som fagperson
  • Har utvikla evne til å planleggje og gjennomføre fagleg grunna tiltak i høve til omsorg og behandling
  • Har utvikla relasjonskompetanse som fører til samarbeid med familie og anna nettverk
  • Har forståing for korleis ulikesyn på kunnskap og faglige perspektiv,styrer tenking og handling i re-/habiliteringsarbeidet

Skal kunne nytte individulle planar som eit samordningsinstrument og kunne utarbeide individuelle planari samarbeid med brukaren og pårørande.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Krav til opptak er 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning frå høgskule eller universitet. Søkjarar må ha minst eitt års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning. Søkjarar med anna universitetsutdanning og søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskild vurdering.

Innhald / oppbygging

Innhaldet i studiet omhandlar både akutt fasen og rehabiliteringsprosessen og skal gje studentane ei grunnleggjande forståing for dei prinsipp som må leggjast til grunn i arbeidet med hjerneslagpasienten og deira familiar.

Arbeidet med hjerneslagpasienten inneheld mange tverrfaglege slutningar og løysing av oppgåver saman med brukar av tenesta og nære personar.

Tema

Tverrfagleg arbeid og individuell plan går som ein raud tråd gjennom alle samlingane.

1 samling.

  • Førekomst
  • Årsaker til og konsekvensar av hjerneslag.
  • Patologi
  • Akutt behandling
  • Medisinsk og medikamentell behandling
  • Tverrfagleg behandling i akuttfasen.

2 samling.

  • Kommunikasjonssvikt / afasi.
  • Dysfagi.
  • Perseptuell og kognitiv svikt
  • Psykososiale konsekvensar

3 samling

  • Bobath og Motor Relearning Program
  • Nevropsykologisk svikt, klinisk kartlegging og målemetodar
  • Fysisk funksjonssvikt

4 samling

  • Den gamle pasienten med hjerneslag
  • Brukarperspektivet og brukarmedverknad
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rehabilitering
Undervisnings- og læringsformer

Læring er ein aktiv prosess med vekt på ulike former for kunnskap og faginnhald, og studiet skal inspirere til aktiv studentdeltaking. Det er ynskjeleg at studentane er i dialog med si eiga erfaring og med ny kunnskap som vert formidla av andre i faglitteratur, fellessamlingar eller praksis. Praksis og eiga erfaring før studiet og i studiet er viktig kunnskap. Å vere i ein læreprosess kan omtalast som ein periode med merksemd på refleksjon og vurdering av eigne erfaringar og ny kunnskap.

Studiet vert organisert som deltidsstudium og gjev difor gode rammer for refleksjon og arbeid med fagstoffet over tid . Det gjer også at studenten kan bruke praktiske situasjonar fråyrkeskvardagen i rettleiing.

Studiet opnar med ei felles samling på tre dagar der arbeidsformer og dei ulike samlingane av studiet og vert presentert. Det blir brukt varierte arbeidsformer for å nå målet med studiet ; førelesningar, gruppearbeid, seminar og sjølvstudium.

Nokre av førelesningane er ein del av etterutdanningstilbodet ved Avdeling for Helsefag og blir derfor utlyste som kurs.

Arbeidskrav

80 % frammøte til undervisning.

Skriftleg individuelt arbeidskrav på makimalt to sider ( 5000 teikn).

Sluttvurdering

HS 115 002 Presentasjonsmappe (40% av sluttkarakter)
Studenten leverer eit individuelt skriftleg arbeid som inngår i sluttvurdering. Det skriftlege arbeidet har eit omfang på ni sider(ca +/- 24 300 teikn). Faglærar gir tilbakemelding på det skriftlege arbeidet og studenten har moglegheit for å omarbeide det skriftlege arbeidet før levering av presentasjonsmappe.

HS 115 001 Skriftleg eksamen, 4 timar (60% av sluttkarakter)

Pensum

Utgjeve i kompendium er merket med *. Dette vert å få kjøpt ved Avdeling for Helsefag ved studiestart.

Berg-Johnsen, J og Bakke, SJ (2003) ”Spontane intrakranielle blødninger” (Kapittel 29, s. 321-335). I: Gjerstad, L, Skjeldal, OH og Helseth, E (red.), 3. utg. Nevrologi og nevrokirurgi. Fra barn til voksen. Nesbru: Vett og Viten AS.*

Bredland, EL, Linge, OA og Vik, K (2002), 2. utg. Det handler om verdighet. Ideologi og praksis i rehabiliteringsarbeid. Gyldendal Akademisk, s. 26-39, s. 89-101, s. 169-179.*

Budowick, M (mfl.) (1992). Anatomisk atlas. Oslo: Universitetsforlaget. s. 17, s. 25, s. 27, s. 29, s. 57.

Burton, CR (2000). “A description of the nursing role in stroke rehabilitation”. I: Journal of Advanced Nursing. Vol. 32. Nr. 1. s. 174-181.*

Burton, CR (2000). “Re-thinking stroke rehabilitation: the Corbin and Strauss chronic illness

trajectory framework”. I: Journal of Advanced Nursing. Vol. 32. Nr. 3. s. 595-602.*

Carr, JH og Shepherd, RB (2003). Stroke Rehabilitation. Guidelines for Exercise and Training to Optimize Motor Skill. Philadelphia: Elsevier Limited. s. 209-232.*

Dahl, AE (mfl.) (2006). “Constraint-Induced Movement Therapy. Ikke-kompensatorisk trening for subakutte og kroniske slagpasienter med lammelser i overekstremitet”. I: Fysioterapeuten. 73. årgang. Nr. 1. s. 29-31.*

Davies, PM (2003), 2. utg. Skridt for skridt. En vejledning i behandling for voksne hemiplegikere. København: FADL. s. 57-81, s. 322-373.*

Friis, P (2003). ”Akuttbehandling av hjerneslag” (Kapittel 6, s. 83-96). I: Engedal, K og Wyller, TB (red.). Aldring og hjernesykdommer. Oslo: Akribe.

Gammeltoft, BG (2005). Skjulte Handicaps hos personer ramt av hjerneskade. En sansemæssig – kropslig tilgang. Høng: Sct. Eligius.

Gjelsvik, B (mfl.) (2002). Retningslinjer for fysioterapi ved Sentralnervøse sykdommer og skader. Bergen: Fysioterapiavdelingen, Haukeland sykehus, Fysioterapiavdelingen. s. 5-12, s. 18-24, s. 29-33.

Gjelsvik, B (mfl.) (2002). Retningslinjer for håndtering av slagrammede. Del 1. Bergen: Helse Bergen HF. Haukeland Sykehus. Avdeling for Fysikalsk Medisin og Rehabilitering.

Hæstad, H (mfl.) (2006). ”Bobathkonseptets utvikling, teoretiske grunnlag og kliniske praksis”. I: Fysioterapeuten. 73. årgang. Nr. 3. s. 16-20.*

Indredavik, B (2006). ”Cerebrovaskulær sykdom”. Norsk legemiddelhåndbok [Online]. 11 sider. Web-adresse: http://www.legemiddelhandboka.no/xml/ [18. oktober 2006]*

Indredavik, B (2004). ”Hjerneslag” (Kapittel 12, s.125-148). I: Wekre, LW og Vardeberg, K (red.). Lærebok i rehabilitering. Når livet blir annerledes. Bergen: Fagbokforlaget.*

Johnsen, H (2006). ”Behandling i slagenhet gir best effekt”. I: Fysioterapeuten. 73.årgang. Nr. 1. s. 22-23.*

Kerty, E (2003) ”Nevrooftalmologi” (Kapittel 42, s. 493-506). I: Gjerstad, L, Skjeldal, OH og Helseth, E (red.), 3. utg. Nevrologi og nevrokirurgi. Fra barn til voksen. Nesbru: Vett og Viten AS.*

Linge, O (1998). ”Individuelle rehabiliteringsplaner en soleklar rett?”. I: Rehabiliteringsmagsinet Bris. Nr. 1. s. 47-51.*

Moesmand, AM og Kjøllesdal, A (2004), 2. utg. Å være akutt kritisk syk. Om pasientens og de pårørendes psykososiale reaksjoner og behov. Oslo: Gyldendal Akademisk. s. 35-67.*

Molina, CA (mfl.) (2001). “Time Course of Tissue Plasminogen Activator-Induced Recanalization in Acute Cardioembolic Stroke: A Case-Control Study”. I: Stroke. Vol. 32. Nr. 12. s. 2821-2827.*

Nakken, KO (2003). Fokus på epilepsi. Oslo: Cappelen akademisk. s. 13-15, s. 42-53, s. 194-198.*

Nilsagård, Y (mfl.) (2004). “Skuldersmärta efter stroke – prevention och behandling”. I: Nordisk Fysioterapi. Vol. 8. Nr. 4. s. 174-182.

Nyberg-Hansen, R (2003). ”Cerebrovaskulære sykdommer” (Kapittel 27, s. 289-305). I: Gjerstad, L, Skjeldal, OH og Helseth, E (red.), 3. utg. Nevrologi og nevrokirurgi. Fra barn til voksen. Nesbru: Vett og Viten AS.*

O’Sullivan, SB (2001). “Stroke” (Kapittel 17, s. 519-581). I: O`Sullivan, SB og Schmitz, TJ (eds.) (2001) 4. ed. Physical Rehabilitation. Assessment and Treatment. Philadelphia: F.A. Davis Company. s. 519-581.*

Pettersen, R (2003). ”Vannlatingsforstyrrelser etter hjerneslag” (Kapittel 8, s. 109-121). I: Engedal, K og Wyller, TB (red.). Aldring og hjernesykdommer. Oslo: Akribe.

Reinvang, I (1995). ”Språkforstyrrelser”. I: Tidsskr Nor Lægeforen. 115. årgang. Nr. 11. s. 1376-8.*

Sand, O (mfl.) (2006), 2. utg. Menneskekroppen. Fysiologi og anatomi. Oslo: Gyldendal Akademisk. s. 114-117, s. 123-134.*

Schrader, J (mfl.) (2003). “The ACCESS Study: Evaluation of Acute Candesartan Cilexetil Therapy in Stroke Survivors”. I: Stroke. Vol. 34. Nr. 7. s. 1699-1703.*

Sletvold, O (2003). ”Hjernens aldring” (Kapittel 2, s. 33-43). I: Engedal, K og Wyller, TB (red.). Aldring og hjernesykdommer. Oslo: Akribe.

Stensvold, H og Utne, L (red.) (1999), 2. utg. Dysfagi. Oslo: Ad Notam Gyldendal.

Thommessen, B (2003). ”Hva kjennetegner den gamle slagpasienten?” (Kapittel 7, s. 97-108). I: Engedal, K og Wyller, TB (red.). Aldring og hjernesykdommer. Oslo: Akribe.

Uvebrant, P og Bjørnstad, A (2003). ”Cerebrovaskulære sykdommer hos barn” (Kapittel 28, s. 307-320). I: Gjerstad, L, Skjeldal, OH og Helseth, E (red.), 3. utg. Nevrologi og nevrokirurgi. Fra barn til voksen. Nesbru: Vett og Viten AS.*

van Cranenburgh, B (2004). Neglekt hos apopleksipasienter – et forsømt problem. I: Ergoterapeuten. Vol. 47. Nr. 1. s. 20 – 27.*

Wyller, TB (2003). ”Hjerneslag – noen epidemiologiske poenger” (Kapittel 5, s. 65-82). I: Engedal, K og Wyller, TB (red.). Aldring og hjernesykdommer. Oslo: Akribe.

Wyller, TB og Sveen, U (2002). ”Ikke-språklige kognitive symptomer etter hjerneslag”. I: Tidsskr Nor Lægeforen. 122. årgang. Nr. 6. s. 627-30.*

Sosial- og helsedirektoratet (2001). Veileder for individuell plan 2001.*

I tillegg skal studenten ha 250 sider sjølvvalgt pensum.