Studiehandbok 06/07 / Studium / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Ungdomssosiologi, årsstudium  

Ungdomssosiologi, årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Ungdomssosiologi, årsstudium

Studiepoeng
60 (4 x 15)

Organisering
Heiltid.

Innleiing

Årsstudiet i ungdomssosiologi gir ei innføring i sosiologi med vekt på ungdomssosiologiske problemstillingar. Med dette studiet tek ein slik sikte på å formidle innsikt i dei unge sine oppvekstvilkår i moderne og seinmoderne samfunn.

Kompetanse / formell grad

Emna i studiet inngår i bachelorstudiet i ungdomssosiologi, og tel 60 studiepoeng i ein universitets- eller høgskulegrad. Studiet kan nyttast som skulerelatert fag i 4. året i allmennlærarutdanninga.

Målgruppe

Personar som ynskjer studiet som ein del av ein bachelorgrad eller som skulerelatert fag 4. året i allmennlærarutdanninga, eller som vidareutdanning for sosialarbeidarar.

Mål for studiet

Studenten skal

  • demonstrere grunnleggjande innsikt i sentrale sosiologiske teoriar og korleis desse kan nyttast i studiet av ungdom sine oppvekstvilkår i moderne samfunn. Særleg sentralt er ulike teoriar om sosialisering og forståinga av sentrale sosialiseringsinstitusjonar som familien, nærmiljøet, utdanningsinstitusjonen og media.
  • vise evne til å nytte sosiologisk teori overfor sentrale ungdomssosiologiske problemstillingar på pensum. Stikkord: Marginaliseringsprosessar blant unge, endra kjønnsroller og –identitetar, og variasjon i oppvekstvilkår i bygd og by. Ei overgripande problemstilling er kva konsekvensar aukande mangfald av livsstilar og nye former for sosiale og kulturelle tilhøve har for ungdom
  • tileigne seg grunnleggande kunnskap om korleis ein gjennomfører samfunnsvitskaplege undersøkingar. Undervisninga skal formidle kva muligheiter og avgrensingar som ligg i bruken av kvantitative og kvalitative data. Studenten skal få praktisk øving i bruk av metode.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Studiet er sett saman av fire emne à 15 studiepoeng:

  • Sosiologiske perspektiv
  • Samfunnsvitskapleg metode
  • Sosiale institusjonar
  • Kultursosiologi*.

Emna kan takast separat og eventuelt kombinerast med andre emne/studium, til dømes allmennlærarutdanning.

*Kultursosiologi er ein påbyggingsmodul som føreset at studenten anten har tatt Sosiologiske perspektiv eller Sosiale institusjonar.

Didaktikk er integrert i studiet gjennom tematisering av sosiologiens historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon, og meir spesielt gjennom å sjå sosiologi som grunnlag for refleksjon over ungdom sin livssituasjon og som medium for orientering i denne livssituasjonen.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Undervisninga er lagt opp som førelesingar og som seminar- og kollokviearbeid over pensum og i tilknyting til skriftlege arbeid.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

Det vert nytta ulike vurderingsformer som individuell heimeksamen, individuell skriftleg skuleeksamen, individuell oppgåve med rettleiing og munnleg eksamen. Sjå nærare under emneomtalane.

Pensum

Sjå i omtalen av dei ulike emna.

Ungdomssosiologi årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
ME520 Samfunnsvitskapleg metode 15,00 O 15  
SA582 Sosiologiske perspektiv 15,00 O 15  
SA583 Sosiale institusjonar 15,00 O   15
SA584 Ulikskap og marginalisering 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne