Du kan velje årsstudium i natur- og teknologifag ved å kombinere emne som inngår i bachelorstudia i akvakultur, ingeniørfag elektro (automasjonsteknikk) eller landskapsplanlegging. Ved å sette saman emne frå desse utdanningane kan du forme eit årsstudium som er tilpassa dine interesser og framtidsplanar. Vi rår til at du kombinerer emne med tanke på vidare studium enten ved høgskule eller universitet.
Det vert tatt atterhald om at alle emne vert undervist.
Studia kan gå inn som del av ein bachelorgrad eller gje grunnlag for fritak ved tilsvarande studium ved eit universitet. Det er gode overgangsordningar til universiteta.
Årsstudiet i natur- og teknologifag kan godkjennast som valfri del av allmennlærarutdanninga ved HSF.
Årsstudia høver for studentar som vil ta studiet som del av eit høgskule- / universitetsstudium i realfag og for lærarar som ynskjer vidareutdanning.
Dei naturfaglege årsstudia skal gje grunnleggjande naturfaglege kunnskapar og auka forståinga for naturfaga og korleis naturvitskapleg kunnskap er ein føresetnad for vårt velferdssamfunn. Vidare skal studia setje studenten inn i naturvitskapleg tenkjemåte og arbeidsstil, og øve opp den praktiske dugleiken i samband med laboratorie- og feltarbeid. Kvart av dei tre årsstudia svarer til 1 års naturfagleg grunnstudium ved universiteta.
Opptakskrav er generell studiekompetanse og 2MX eller 2MY eller 3MZ. I tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI eller (2KJ + 3BT) eller (2BI + 3BT). Studentane vel emne ved studiestart. Dei som vel teknologifaglege emne, må då dokumentere 2FY/3MX eller tilsvarande.
Studiemodell for dei naturfaglege årsstudia kan vere identiske med første året i bachelorstudia i akvakultur, landskapsplanlegging eller ingeniørfag elektro (automasjonsteknikk), sjå desse.
Studia er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet og består av emne tilsvarande 60 studiepoeng. Kvart emne vert avslutta med eksamen. For nærare omtale av dei einskilde emna, sjå emneomtalane.
Det er mogleg å velje andre emne enn dei som er sett opp i dei nemnde studiemodellane. Aktuelle valfag er emne som inngår i første året i dei tre naturfaglege bachelorstudia. Valfridomen kan bli avgrensa av time- og eksamensplan.
Undervisninga kombinerer forelesingar med gruppearbeid og laboratorie- og feltarbeid. I tillegg vert det arrangert ekskursjonar til brear, fjell, fjordar og dalar i Sogn og Fjordane. Laboratorieøvingar og feltundervisning er obligatorisk.
Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise/opphald, jmf. HSF sitt reglement for dekking av bu- og reiseutgifter.
Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna, sjå emneregisteret.
Pensum er lista under kvart einskild kurs.