Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI OG SPRÅK / Informasjonsbehandling, bachelorstudium  

Informasjonsbehandling, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Informasjonsbehandling, bachelorstudium

Studiepoeng
180 studiepoeng

Organisering
Heiltid

Kompetanse / formell grad

Fullført studium gjev vitnemål som "Bachelor i informasjonsbehandling".
Studiet gjev grunnlag for opptak til ulike mastergradstudium innan fagområdet i inn- og
utland. I yrkessamanheng vil studiet høve godt for stillingar både i næringslivet, i
skuleverket eller anna offentleg forvaltning.

Målgruppe

Studiet vil høve for studentar med generell studiekompetanse/realkompetanse som
ønskjer ei ikkje-teknologisk utdanning innan informasjonsbehandling, anten som eiga
avslutta utdanning eller som del av til dømes masterutdanning.

Mål for studiet

Målet med studiet er å formidle kunnskapsaspektet framfor teknologiaspektet i
informasjonsteknologi ved å gje studentane:
• ei oversikt over korleis informasjonsteknologi kan nyttast til å samle inn,
organisere, bearbeide, formidle og presentere informasjon
• ei oversikt over korleis dei kan ta del i utvikling av nye it-baserte system,
endring av eksisterande system, og kva verknad slike system kan ha på ein
arbeidsplass
• innsyn i korleis datahandteringssystem er oppbygde og korleis dei kan
realiserast.
• oversikt over dei viktigaste prinsippa for datakommunikasjon
• oversikt over prinsipp for leiing og drift av it-system
• innsyn i korleis operativsystem er oppbygde og korleis dei styrer ressursane i itsystem
• innsyn og trening i teknikkar i prosjektstyring og -deltaking
• oversikt over ulike sider ved it-forandringsprosessar (initiering, leiing,
konsekvensar)
• innsyn i analyse og utvikling av algoritmar, og val av passande datastrukturar
• oversikt over prinsippa for objektorientert programmering i grafisk miljø
• oversikt over dei viktigaste prinsippa for kvalitetssikring av it-system
• innsyn i prinsipp for samhandling mellom menneske og maskin, både i
tradisjonell programvare, over internett og i nye teknologiar som wap, pda og
liknande
• innsyn i datastøtta samarbeid, samhandling og læring og korleis dette kan
nyttast i organisasjonar

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptakskravet er generell studiekompetanse eller realkompetanse.
For alle nye studentar vert det eit obligatorisk forkurs i edb. Kurset tek til ved
semesterstart og gir i tillegg til generelle edb-kunnskapar ei innføring i høgskulens
datautstyr og programvarer.

Innhald / oppbygging

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet. Dei fleste emna har

innlevering av oppgåver til vurdering undervegs, og vert avslutta med eksamen.

Emna har studiepoeng etter arbeidsmengde. Studiet er samansett av 14 emne, kvart på 10 eller 15 studiepoeng, til saman 180 studiepoeng. Dei tre første semestera er felles, med obligatoriske grunnleggjande emne, medan resten av studiet har relativt stor fridomsgrad ved ulike valemne. I tillegg til dei valemna som vert tilbydde innanfor studiet, er det høve til å velje ein del emne frå andre studium.

Emne frå andre studium som er aktuelle val:

OR6-101 Organisasjonskunnskap (Økonomi og administrasjon) (H-10 stp)

BD640 Den elektroniske marknadsplassen. (Økonomi og informasjonsbehandling) (V-15 stp)

BØ6-300 Logistikk(Økonomi og administrasjon) (H-10 stp)

OR6-200 Entreprenørskap og innovasjon (Økonomi og administrasjon) (H-10 stp)

OR673 Leiing og organisasjonsutvikling (Økonomi og administrasjon) (V-15 stp)

OR685 Marknadsanalyse og merkevarestrategi. (Økonomi og administrasjon) (V-15 stp)

Undervisnings- og læringsformer

Det vil verte lagt stor vekt på problemorientert arbeid i grupper under rettleiing.
Undervisninga vil såleis ha mindre tradisjonelle førelesingar og vere meir lagd opp til
at studentane skal setje seg inn i stoffet ved å arbeide med konkrete
problemstillingar.

Praksis

Prosjektarbeidet kan utførast i samarbeid med næringslivet i regionen, og kan i
mange høve tene som praksis for kandidatane.

Studieopphald i utlandet

Det er høve til å ta valemna i 4. semester i utlandet.

Avdelinga har avtalar med University of Stirling (Skottland), Universitetet i St.
Petersburg (Russland), Augsburg University (USA) med fleire.

Arbeidskrav

Det er krav om godkjende innleverte skriftlege arbeid i dei fleste emna.

Sluttvurdering

Eksamensordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Pensum

Det er ført opp litteraturliste under kvart emne, men lista er førebels og ikkje fullstendig. Studentar vert såleis oppmoda om ikkje å kjøpe pensumlitteratur før dei har kontakta faglærar, då endringar kan inntreffe.

Bachelorstudium i informasjonsbehandling - obligatoriske emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
IN610 Informasjonssystem 15,00 O 15          
IN620 Operativsystem og datakommunikasjon 15,00 O 15          
IN630 Menneske-maskin samhandling 15,00 O   15        
IN640 Datahandteringssystem 15,00 O   15        
IN651 Objektorientert programmering 10,00 O     10      
IN635 Databaseadministrasjon 10,00 O     10      
IN637 It-drift 10,00 O     10      
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 10,00 O         10  
OR6-301 Prosjektleiing 10,00 O         10  
IN690 Bacheloroppgåve informasjonsbehandling 15,00 O           15
Sum: 30 30 30 0 20 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelorstudium i informasjonsbehandling - valfrie emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
BD640 Den elektroniske marknadsplassen 15,00 V       15   15
IN655 Algoritmar og datastrukturar 15,00 V       15   15
IN646 Internettprogrammering 15,00 V       15   15
IN660 Samarbeids- og læresystem 15,00 V       15   15
OR685 Marknadsanalyse og merkevarestrategi 15,00 V       15   15
OR6-100 Marknadsføring 5,00 V       5   5
OR6-206 Personalleiing 5,00 V       5   5
OR6-300 Endringsleiing 15,00 V       15   15
OR6-201 Forretningsidé og forretningsplan 10,00 V         10  
OR6-101 Organisasjonskunnskap 10,00 V         10  
IN616 Systemutvikling og it-leiing 10,00 V         10  
OR6-200 Entreprenørskap og innovasjon 10,00 V         10  
OR6-202 Føretaksstrategi 10,00 V         10  
IN691 Bacheloroppgåve informasjonsbehandling
med fagdidaktikk
15,00 V           15
Sum: 0 0 0 100 50 115
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne