Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI OG SPRÅK / Engelsk med fagdidaktikk, årsstudium  

Engelsk med fagdidaktikk, årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Engelsk med fagdidaktikk, årsstudium

Studiepoeng
60

Organisering
Heiltid.

Kompetanse / formell grad

Studiet utgjer 60 studiepoeng og kan inngå i ein bachelorgrad ved universitet og høgskular. Studiet kan inngå som valfag i 4-årig allmennlærarutdanning.

Mål for studiet

Ved å gje studenten fagleg innsikt skal studiet både vera eit middel til personleg utvikling og kvalifisera til lærararbeid. Dette todelte hovudmålet inkluderer følgjande delmål:

– gje kunnskap om språket, korleis det vert brukt og stimulera til språkglede
– øva opp funksjonell og sikker personleg språkdugleik
– gje kunnskap om og innsikt i kulturelle, sosiale, historiske og politiske tilhøve i engelsktalande land
– gje studenten gode litteraturopplevingar
– gje kunnskap om og utvikla evne til å planleggja og gjennomføra undervisning
– gjere studenten i stand til å nytte Internett som eit hjelpemiddel til informasjonsinnsamling

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptakskravet er generell studiekompetanse/realkompetanse. Krav til forkunnskapar i norsk kan fråvikast for internasjonale studentar.

Innhald / oppbygging

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet.

Studiet er delt inn i 5 emne som utgjer til saman 60 studiepoeng.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil bli lagt opp som førelesningar og øvingar i gruppe. Kommunikasjonsspråket i timane vil vera engelsk. Bruk av språket vert sett på som eit hovudmål, og gjennom heile studiet vil dette verta vektlagt. Internett vert nytta til kunnskapsinnhenting og kommunikasjon. Informasjon til studentane vert gjeve via Fronter og elles på faste tidspunkt ein gong i veka. Det vil også bli organisert ‘tutorials’, som er samtalar på engelsk mellom ein av faglærarane og studentane, der ein tek opp emne som motivasjon, progresjon i studiet, arbeidsmåtar, og oppfølging av skriftleg arbeid.

Studieopphald i utlandet

I studiet inngår eit 2 vekers opphald ved The Norwegian Study Centre i York i veke 45 og 46. Opphaldet er lagt opp med hovudvekt på praktisering av språket, men det vil òg bli gitt førelesingar om emne frå samfunnsliv og litteratur. Kvar vekedag vil studentane få undervisning av engelske lærarar.
Skulebesøk vil inngå som eit tilbod til lærarstudentane og andre som ønskjer det spesielt.
Statens Lånekasse gir ekstralån og Høgskulen gir eit lite tilskot.

Arbeidskrav

Kvart emne vil ha forskjellige arbeidskrav, og det vil gå fram av omtalen under dei einskilde emna. Faglærar fastset frist for innlevering av arbeidskrav.

Engelsk med fagdidaktikk årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EN6-101 Engelsk grammatikk 10,00 O 10  
EN6-105 Samfunnsstudium 10,00 O 5 5
EN6-104 Engelskspråkleg litteratur 20,00 O 10 10
EN6-102 Fagdidaktikk med praksis 10,00 O 5 5
EN6-100 Engelsk fonetikk 10,00 O   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne