Namn på studiet
Helse- og sosialadministrasjon, 1-årig vidareutdanning
Studiepoeng
I utdanningssamanheng kan studiet inngå i ein universitets- eller høgskulegrad. Det utgjer då eitt års normert studietid (60 studiepoeng).
Organisering
Studiet er organisert som eit deltidstilbod over fire semester. Studiet er fullt ut samordna med første året av HSF sitt masterstudium i organisasjon og leiing og delvis med årsstudiet i Utdanningsadministrasjon
Innleiing
Dette er eit 1-årig vidareutdanningsstudium med samfunnsvitskaplege, økonomiske, administrative og juridiske fag. Studiet skal dekkje trongen for administrativ vidareutdanning hjå ei brei gruppe av personar med grunnutdanning frå helse- og sosialsektoren dekkjast. Studiet skal kvalifisere for administrative oppgåver og leiarstillingar i helse- og sosialsektoren.
Kompetanse / formell grad
I utdanningssamanheng kan studiet inngå i ein universitets- eller høgskulegrad. Avhengig av studentanes bakgrunn elles kan det ved HSF kvalifisere for vidare deltaking i masterstudiet i organisasjon og leiing.
Målgruppe
Studiet rettar seg mot personar i yrkeslivet som søkjer relevant kunnskap og innsikt for å ha administrasjons- og leiarstillingar innan helse- og sosialsektoren. Målgruppa er personar med avslutta grunnutdanning og praksis frå ein av dei tre nemnde sektorane.
Mål for studiet
Hovudmålet for studiet er å kvalifisere personar med profesjonsutdanning og yrkeserfaring til administrative stillingar og leiarstillingar innan helse- og sosialfeltet.
Delmåla for dei enkelte emna er :
Helse- og sosialrett
Emnet i helse- og sosialrett skal gje studentane forståing for dei mest sentrale lovene innan offentleg sakshandsaming, sosial vernerett, helsevernet og trygdesektoren. Emnet skal gjere studentane i stand til sjølvstendig saksførebuing etter desse lovene.
Helseøkonomi
Emnet skal gi kunnskap om offentleg økonomiforvaltning innan helse- og sosialsektoren. Budsjettering som planleggings- og vedtaksinstrument står sentralt og studentane skal få grunnlag for å utføre standard budsjettoppsett og enkle økonomiske analysar.
Organisasjon og leiing
Målet med emnet i organisasjon og leiing er at studentane skal lære å sjå driftseiningane innan sektoren gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om sentrale problemområde, hypoteser og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåde er sentrale. Ei innføring i sentrale teoriar om leiing er ein integrert del av organisasjonsforståinga.
Leiing av grunneining
Gjennom emnet skal studentane få kjennskap til sentrale problemstillingar knytte til det å ha utviklings- og driftsansvar for utøvande einingar innan helse- og sosialsektoren. Studentane skal tileigne seg forståing for kommunikasjonsprosessar, IKT-utvikling og organisering av tverrfagleg samarbeid i praksis.
Helse- og sosialpolitikk
Emnet skal oppøve studentane si evne til å analysere og forstå helse- og sosialpolitikken som ramme for utøving av rolla som helse- og sosialarbeidarar og leiarar i sektoren. Studentane skal forstå korleis grunneiningar i sektoren vert påverka av desse rammene.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
For opptak til studiet gjeld desse krava til utdanning:
- Avslutta grunnutdanning – minimum 3 år – på eitt av dei profesjonsområda som studiet dekkar. Døme på slike utdanningar sjukepleie, sosionomutdanning, vernepleie og barnevernspedagogikk.
- Andre relevante fagkombinasjonar på bachelor, cand. mag. eller tilsvarande nivå.
- Studentane må dessutan har minst to års praksis frå yrket dei har kvalifisert seg for. Det er høve til å dispensere frå kravet om praksis dersom særlege grunnar ligg føre (t.d. personar som nyleg har omskulert seg).
Også andre med relevant utdanning og praksis kan på bakgrunn av realkompetanse takast opp til årsstudiet, men ikkje til masterstudiet. Søkjarar som fyller krava i prikkpunkta ovanfor vert prioriterte til studiet.
Dei som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse, eller vert vurdert kompetente etter realkompetanse kan søkje om opptak til delemne i studiet
Innhald / oppbygging
Årsstudiet er samordna med masterstudiet i organisasjon og leiing – helse- og sosialpolitikk som utgjer 120 studiepoeng. Årsstudiet utgjer 60 av desse studiepoenga. Emna med utheva skrift i tabellen nedanfor syner oppbygginga av studiet.
|
Master steg 3
|
Masteroppgåve (30 sp)
|
|
Master steg 2
|
Leiing og endring i organisasjonar (20 sp)
|
Forskingsstrategiar og metode (10 sp)
|
Helse- og sosialpolitikk (20 sp)
|
|
Helseøkonomi (10 sp)
|
|
Master steg 1
|
Organisasjon og leiing (10 sp)
|
Helse- og sosialrett(10 sp)
|
Drift av grunneining(10 sp)
|
Heile eller deler av emne vil bli gjennomført som felles undervisning med studiet i Utdanningsadministrasjon/ Master i organisasjon og leiing. Studiet blir gjennomført som deltidsstudium over fire semester. Modellen nedanfor syner den normale gjennomføringa av studiet.
|
1.sem
|
2.sem
|
3.sem
|
4.sem
|
|
Org. og leiing
|
Drift av grunneining
|
Helse- og sosial- politikk
|
|
Helse- og sosialrett
|
|
|
|
Helseøkonomi
|
|
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er bygt opp rundt samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt.
Samlingane kan vere både i helgar og over ei heil veke. Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av IKT som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet.
Det er ein føresetnad for gjennomføring av studiet at studentane har tilgang til e-post og internett. Classfronter skal nyttast aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.
I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeide med tekstar som på ulike måtar bidreg til innæring av fagstoff. Studentane får tilbod om, og har krav på, rettleiing individuelt,eller i grupper, i utforming av tekstane. Heile eller delar av tekstane kan leverast inn til sluttvurdering og fungerer i fleire emne som eksamen.
Tabellen nedanfor syner dei ulike tekstane som skal arbeidast med i kvart emne:
|
Sem
|
Emne
|
Teksttypar
|
|
1
|
OR614 Organisasjon og leiing
|
Bruke relevant teori i drøfting av eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass
|
|
2
|
JU613 Helse- og sosialrett
|
Utarbeide svar på øvingsoppgåver utlevert av faglærar
|
|
2
|
OR683 Drift av grunneining
|
Utarbeiding av dokument som handlar om utviklings-prosessar på eigen arbeidsplass.
|
|
3
|
SA652 Helse-økonomi
|
Utarbeidet svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar
|
|
4
|
SA657 Helse- og sosialpolitikk
|
Bruke relevant teori i drøfting av eit fagleg problem. Utforme som fagleg paper/artikkel
|
Studentane har krav på rettleiing i samband med tekstutforming og oppgåveløysing.
Praksis
Det blir ikkje stilt krav til praksis undervegs i studiet.
Studieopphald i utlandet
Det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.
Arbeidskrav
Det er lagt opp til to arbeidskrav i studiet. Det første semesteret skal studentane skrive eit startdokument, og i siste semesteret eit avsluttande refleksjonsdokument.
|
Sem.
|
Innhald/krav
|
|
1
|
A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet
|
|
4
|
A-krav. nr. 2: Læringsdokument: Individuelt utforma refleksjonsdokument der studenten vurderer si eiga læring og utbytte av studiet
|
Begge arbeidskrav skal godkjennast av studieleiar eller den faglæraren studieleiar peikar ut. Godkjent arbeidskrav nr. 1 er ein føresetnad for å levere tekstar til sluttvurdering i første semester, og godkjent arbeidskrav nr. 4 er eit vilkår for å levere tekst til sluttvurdering i fjerde semester.
Det er utforma eigne retningsliner for innhaldet i dei to arbeidskrava.
Sluttvurdering
Tabellen nedanfor syner den samla oversikta over sluttvurderingar. Som det går fram av tabellen, kan studentane velje å la det vere tett samband mellom fagtekstar og sluttvurdering. Det vert ikkje lagt opp til nokon form for tradisjonell skuleeksamen.
|
Sem
|
Emne
|
Tekst som skal leverast til sluttvurdering
|
|
1
|
Organisasjon og leiing
|
Dokument på maks 5 s. som drøftar eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass innan dato gjort kjent av faglærar.
|
|
2
|
JU613 Helse- og sosialrett
|
Svar på utlevert juridisk oppgåve innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks 10 s.
|
|
2
|
OR683 Drift av grunneining
|
Refleksjonsdokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Maks 10 s. leverast innan dato som vert gjort kjent av faglærar.
|
|
3
|
SA652 Helseøkonomi
|
Svar på utleverte økonomiske oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent.
|
|
4
|
SA657 Helse- og sosialpolitikk
|
Fagleg paper eller artikkel innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks 10 s.
|
Det vert nytta bokstavkarakterar i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneplan.Intern/ekstern sensur skjer etter eigen plan på avdelingsnivå. Intern/ekstern sensur skjer etter eigen plan på avdelingsnivå. Intern/ekstern sensur skjer etter eigen plan på avdelingsnivå.
Pensum
Pensumlitteratur går fram av omtalen av dei einskilde emna i studiet. Pensumlitteraturen i studieplanen vil undervegs bli supplert og endra. Den endelege pensumlitteraturen vert gjort kjend på HSF sine heimesider i byrjinga av kvart eksamenssemester.
For nokre emne er supplerande pensum/tilleggslesing oppgjeve. Dersom pensum vert henta her, skal faglærar eksplisitt gjere dette klart for studentane ved byrjinga av eksamens-semesteret.
Vi reknar vanlegvis med omlag 65 - 85 sider pr studiepoeng, men dette kan i stor grad variere mellom emne.