Namn på studiet
PE301 Praktisk-pedagogisk utdanning, deltid
Studiepoeng
60 studiepoeng
Organisering
Utdanninga omfattar 30 studiepoeng pedagogikk, 30 studiepoeng fag-/yrkesdidaktikk og 12 veker rettleidd praksis.
Studiet er eit deltidsstudium over to år. Undervisninga vil til vanleg føregå fredag og laurdag med om lag 7 samlingar og to vekesamlingar pr. studieår.
Kompetanse / formell grad
Utdanninga gir undervisningskompetanse på mellomsteget og ungdomssteget i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse studenten har i botnen. Fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan kvalifisere til opptak på vidareutdanningar for lærarar.
Målgruppe
Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium som er retta mot studentar med yrkesfagleg utdanning (fagbrev), 3-årig profesjonsutdanning eller studentar med 3 års studiar på universitet eller høgskule i relevante skulefag. Fagkompetansen avgjer kva for skuleslag og skulefag ein vert kvalifisert for.
Mål for studiet
Formålet med utdanninga er å kvalifisere studentar for lærararbeid på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og voksenopplæring. Studiet er yrkesretta og praksisbasert og tar utgangspunkt i lærarens arbeidsfelt, prinsipp i opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnskule og vidaregåande skule.
Studentane skal utvikle fagleg og didaktisk kompetanse
Spørsmål om eigenart, legitimering og arbeidsmåtar er ein føresetnad for å kunne grunngi dei vala ein gjer som lærar, og kan forankrast til bestemte kunnskapssyn og læringssyn. I diskusjonen om desse spørsmåla møtest fag-/yrkesdidaktikk og pedagogikk. Didaktikk i vid meining er kjernen i pedagogikkstudiet og omfattar undervisningsarbeid, refleksjon og teori knytt til praksis. Eigen undervisningspraksis har derfor ein viktig plass i studiet.
Studentane skal utvikle evne til å analysere mål, utvikle medvit og refleksjon i høve til læringsprosessar og korleis vurdere ulike former for kompetanse.
Studentane skal utvikle sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse
Dei prioriteringane ein lærar står overfor, er avhengige av elevføresetnader og den sosiale og kulturelle konteksten lærar og elev er ein del av. Grunnlagstenking i pedagogikk opnar for å drøfte det verdigrunnlaget, dei målsetjingane og dei samfunnsoppgåvene skulen til ulike tider har. I studiet vert det lagt vekt på arbeidsmåtar som fremjar kritisk refleksjon og evne til å analysere praksis i lys av pedagogisk teori.
Studiet skal skape koplingar på tvers av fag og mellom yrkesfag og allmennfag. Yrkesfaga og allmennfaga byggjer på ulike danningstradisjonar, men begge tradisjonane har ein sentral plass i høve til det overordna siktepunktet for skulen om å skape gode arenaer for læring.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Studiet byggjer på avlutta studium i fag/ yrke. Opptakskrava er
1) Generell studiekompetanse, allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskule eller vidaregåande opplæring
2) Generell studiekompetanse, tre-årig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring
3) Generell studiekompetanse, fag-/svennebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis.
Opptak til studiet i fagdidaktikk krev minimum 60 studiepoeng i to fag eller minimum 60 studiepoeng i det faget dei tek 30 studiepoeng fagdidaktikk i, med innhald som har relevans for undervisning i skolen.
Innhald / oppbygging
Innhaldet i studiet kan samanfattast i tre målområde, jf. kapittel 2.3 i rammeplanen:
læraren og eleven/lærlingen (A)
læraren og organisasjonen (B)
læraren og samfunnet (C)
Progresjonen i studiet og koplinga mellom fag-/yrkesdidaktikk og pedagogikk vert konkretisert i emneplan for dei ulike faga og i undervisningsplan ved studiestart.
Innhaldet i studiet vert fokusert på målområda A og B i haustsemesteret og målområda A, B, C i vårsemesteret.
Tema i studiet:
- Elevføresetnader og tilpassa opplæring
- Planlegging, tilrettelegging og evaluering av undervisning og læring
- Arbeid med mål og vurdering
- Arbeidsformer og organisering
- Kommunikasjon og samhandling
- Rettleiing og elevvurdering
- Læreplanteori og læreplananalyse
- Ulike perspektiv på kunnskap og læring
- Læringsmiljø og klassemiljø
- Lærarolle, yrkesetikk
- Utvikling og sosialisering med vekt på ungdomsalder
- Barn og ungdom i utsette livssituasjonar
- Likestilling- og kjønnsperspektiv
- Samfunn, verdigrunnlag og pedagogisk grunnsyn
- Fleirkulturelt perspektiv
- Elevaktive læringsformer (t.d tema- og prosjektarbeid, problembasert
- læring)
- Digital kompetanse og bruk av IKT i ulike fag
- Eigenart, legitimering og utvikling av faga
- Elevar med særskilte behov, individuell opplæringsplan
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Skulen som organisasjon
- Skulebasert vurdering og skulevurdering
- Entreprenørskap
Studiet er delt i tre delemne der pedagogikk og fag/yrkesdidaktikk er integrerte i sluttvurderinga.
Delemne pedagogikk:
Mål for emnet
Pedagogikk inngår som ein profesjonsdannande og samanbindande komponent i PPU-studiet.
Gjennom teoretiske studiar, praksis og refleksjon over praksis, skal studentane få pedagogiske innsikt og kompetanse.
Perspektiv på oppseding og omsorg er ein sentral del av studiet. Undervisning på dei ulike nivåa (mellomsteg, ungdomssteg, vidaregåande opplæring og vaksneopplæring) krev ei heilskapleg tilnærming til undervisning og læring, og evne til å møte elevane der dei er. Å utvikle dugleik, forståing og evne til refleksjon vil difor bli vektlagt gjennom heile studiet, og særleg knytt til læraren sine ulike oppgåver.
Grunnlagstenking i pedagogikk vil vere eit naturleg utgangspunkt i drøftingar kring samfunnsoppgåver, verdigrunnlag og målsetjingar til skulen, og eit utgangspunkt for å utvikle eit reflektert pedagogisk grunnsyn. Lærararbeid inneheld samarbeidsoppgåver både i forhold til kollegaer, elevar og foreldre. Samarbeid i ein skulekultur som er prega av fellesskap og utvikling er område som me vil sjå nærare på i lys av ulike perspektiv.
Innhald
- Verdigrunnlag og pedagogisk grunnsyn (og syn på individ og samfunn)
- Perspektiv på læring
-
Elevføresetnader og tilpassa opplæring
- Utvikling, sosialisering
- Læringsstrategiar, læringsstilar
- Barn og ungdom i utsette livssituasjonar
- Fleirkulturelt perspektiv
- Elevar med særskilte behov, mål ,lovverk, overordna prinsipp, kartlegging
- Læreplanteori og læreplananalyse
-
Planlegging, tilrettelegging og evaluering av undervisning og læring
- Arbeid med mål
- Arbeidsformer
- Organisering
- Arbeidsmåtar, Prosjektarbeid
- Differensiering
- IKT
- elevvurdering
-
Lærarolle, yrkesetikk
- Rettleiing
- Kommunikasjon og samhandling/ samarbeid
-
Skulen som organisasjon
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Skulebasert vurdering og skulevurdering
- Aksjonsforsking, aksjonslæring, erfaringslæring
Delemne i fagdidaktikk:
Mål for emnet
Studentane skal utvikla kunnskapar om eigenarten til faget, kva som er innhaldet i faget i skulen, kvifor og korleis ein arbeider med faget.
Innhald
- Elevføresetnader og tilpassa opplæring
- Arbeid med gjeldande læreplanar
- Læringsteori, lærarrolla
- Arbeidsformer, læringsmiljø
- Elevvurdering
- Fagspesifikke emne
- Utviklingsarbeid
- Digital kompetanse i faget
- Fleirkulturelt perspektiv
- Tema- og prosjektarbeid
- Faget sin eigenart, utvikling og legitimering
Fagdidaktikkstudiet i eitt fag (30 studiepoeng) skal bygge på og innehalde dei same målområda som dei fyrste 15 studiepoeng. Studiet skal òg gi moglegheit for fordjuping innafor ulike tema i det fagdidaktiske området og spesialisering innafor skuleslag.
Delemne i yrkesdidaktikk:
Mål for emnet
At studenten utviklar medvit om eiga yrkesrolle, yrkeskultur og yrkeskvalifisering for å kunne nytte dette i eige didaktisk arbeid som lærar. Studentane må kunne analysere det mangfald av kompetansebehov som fins i samfunnet i høve til yrkesopplæring, vidareutvikle undervisning og læreplanar på dette grunnlaget, og utvikle evne til å vurdere eiga lærarrolle i lys av denne kunnskapen.
Innhald
- Eigenart, legitimering og utvikling av faga
-
Elevføresetnader og tilpassa opplæring
-Læring og læringsmiljø
-
Planlegging, tilrettelegging og evaluering av undervisning og læring
- Arbeid med gjeldande læreplanar
- Organisering, arbeidsmåtar og differensiering
- Elevar med særskilte behov, individuell opplæringsplan
- Elevvurdering
- Digital kompetanse
- Rettleiing
-
Kommunikasjon og samhandling
- Praksisfellesskap
-
Utviklingsarbeid i skule og yrke
-Skulen som organisasjon
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er eit
deltidsstudium som strekkjer seg over to studieår . Det vert gjeve undervisning i pedagogikk og grupper i fag- og yrkesdidaktikk. Noko undervisning i fag/ yrkesdidaktikk vert gjeve i felles grupper på tvers av fag. I den fag/ yrkesdidaktiske delen av studiet møter studentane ulike undervisningsformer, og ein del av læringsarbeidet er basert på individuelt arbeid/ sjølvstudium.Arbeidsformer i ulike fag vil vere ein del av praksisopplæringa.
IKT og utvikling av digital kompetanse er ein sentral del av studiet, gjennom aktiv bruk av læringsplattforma Class Fronter.
Undervisninga vekslar mellom fellesundervisning og arbeid i grupper, og mellom teori og praktiske aktivitetar. Studentaktive og problembaserte læringsformer har ein sentral plass i studiet, til dømes arbeid i grupper, drøftingar i seminar, prosjektarbeid, ulike praktiske aktivitetar. Føremålet er å
- gi studentane innsikt i yrkesfeltet gjennom undervisninga i pedagogikk og fag-/yrkesdidaktikk
- sjå teori og praksis i samanheng ved å nytte eigne praksiserfaringar i arbeidet med teori
- få innsikt i samarbeidslæring og erfaring med grupper som læringsarena
- fremje kritisk refleksjon, lære å stille spørsmål og evne til å lytte
- bidra til at studentane utviklar medvit om sine eigne læringsstrategiar
Arbeidsformene skal gje studentane høve til å reflektere over og vidareutvikle eigne læringsstrategiar og vere eit føredøme i høve undervisning i grunnskule og vidaregåande skule. Studentrettleiing og lærarrettleiing er ein del av arbeidsprosessen. Alle studentar får tilbod om rettleiing innafor fastsette tidsfristar på tekstar/ anna arbeid i studiet (t.d. arbeid som skal liggje i mappe til eksamen). Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar, og kommunikasjonsplattforma Classfronter er eit viktig arbeids- og læringsverktøy. Det er målet om at utdanninga samla sett gjennom pedagogikk, fag/ yrkesdidaktikk og praksis skal gje erfaring med, og kunnskap om, varierte arbeids- og undervisningsformer, som avgjer kor mykje ein nyttar ulike arbeidsformer.
Oppstartsveke
Første veka vekslar mellom
- Korte introduksjonsførelesingar med drøfting av eigenarten til studiet.
- Mindre samlingar der studentar og lærarar diskuterer eigne forventningar, eventuelle tidlegare praksiserfaringar og aktuelle problemstillingar i skulen. Arbeid med forventingar til studiet skal fylgjast opp gjennom heile studieåret.
- Praktiske innføringskurs i samarbeid med biblioteket der studentane får øving i ClassFronter, problembasert læring, samarbeidslæring, kommunikasjon og prinsipp for arbeid med studentrespons.
Praksisverkstad
Grupper av studentar har ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av praksisverkstaden saman med lærarar. Praksisverkstad kan føregå før og / eller etter praksis. Progresjonen i samlingane er knytt til dei tre målområda i kapittel 2.3 i rammeplanen. Nokre samlingar er organiserte på tvers av fag. Lærarar frå fag-/yrkesdidaktikk og pedagogikk skal vere med på samlingane, og på nokre av samlingane også lærarar frå grunnskulen eller den vidaregåande skulen.
Studentane har hovudansvaret for innhaldet på samlingane. Problemstillingane som dei presenterer kan opne for erfaringsutvekslingar, vere utgangspunkt for drøftingar av teori og faglitteratur, vere opptakten til eit arbeidskrav i fag-/yrkesdidaktikk eller pedagogikk eller vere knytte til undervisningsopplegg som studentane ønskjer å prøve ut eller få kommentarar på. Problemstillingar kan òg vere innspel til emne som studentane ønskjer skal følgjast opp i undervisninga i fag-/yrkesdidaktikk og pedagogikk.
Praksis
Praksis har eit samla omfang på 12 veker og skal vere knytt til fag som studenten har undervisningskompetanse i, både i grunnskulen og i vidaregåande skule. Praksis er ein sentral læringsarena i utdanninga, på lik linje med undervisning i pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk. Praksis er obligatorisk og vert vurdert til greidd/ikkje greidd. Sjå eigen praksisplan for utdanninga.
Studieopphald i utlandet
Det kan bli lagt til rette for Nordplus-utveksling i samband med praksis.
Arbeidskrav
Målet med arbeidskrav er at studentane skal arbeide med sentrale problemstillingar i utdanninga gjennom året. Dei ulike faga vektlegg ulike mål for studiet, og arbeidskrava er ein måte å fokusere på målsetjingar i rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for faga og utdanninga. Gjennom arbeidskrav vil det òg bli fokusert på haldningar og ferdigheiter som studentane skal utvikle, t.d. kommunikasjon og samarbeid, munnleg og skriftleg framstilling, presentasjonsteknikkar og liknande. Arbeidskrav skal godkjennast før eksamen av faglærar.
Deltaking i obligatoriske aktivitetar
T.d. gruppeaktivitetar, praktiske aktivitetar, praksisverkstad, skrivekurs, gjennomføre ulike yrkesrelevante oppgåver for fellesskapet i klassen (t.d. utval, råd), fellestema i fag/ yrkesdidaktikk m.m. Det vil gå fram av undervisningsplanen i dei ulike faga kva aktivitetar som er definert som obligatorisk.
Deltaking og presentasjon av læringsarbeid
Studentane skal gjennomføre to arbeid frå ei studentaktiv læringsform (t.d. PBL, prosjekt, munnleg framføring og liknande), det eine i pedagogikk og det andre i fag/ yrkesdidaktikk.
Sluttvurdering
Sluttvurderinga inneheld vurdering av PU- arbeid, arbeid i mappe og individuell munnleg eksamen, og føregår i vårsemesteret, 2. studieår.
PE 301 401 Rapport frå pedagogisk utviklingsarbeid i gruppe. Pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk
Gjennom pedagogisk utviklingsarbeid (PU- arbeid) skal studentane få kompetanse til å fornye og vidareutvikle innhald, arbeidsmåtar og læring i skulen. Arbeidet er organisert i grupper på tvers av fag eller innanfor same fag. PU- arbeidet skal handle om didaktikk i eige fag. Studentar med to fag kan velje kva fag dei vil arbeide med. Studentane formulerer overordna mål for arbeidet, problemstilling og tek tidleg i lanleggingsfasen kontakt med øvingslærar. Det vert utarbeidd ein eigen plan for PU- arbeidet. PU- arbeidet skal dokumenterast gjennom ein rapport (i gruppe).
Vekting: 30 %
PE301 403 Individuell munnleg eksamen. Pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk
Den munnlege sluttevalueringa er ein fagleg samtale som tek utgangspunkt i sentrale emne i pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk. Studentar med fagdidaktikk i to fag (15 sp) skal trekkje fag på eksamen.
Vekting 40 %
PE301 402 Mappe. Pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk
Mappa skal innehalde arbeid/ tekstar frå pedagogikk og fag/yrkesdidaktikk. Det er ei målsetjing at tekstane vert knytt til aktivitetar i praksis. Arbeida kan vere skriftlege tekstar, munnlege framlegg, andre dokumentasjonsformer, arbeid i praksisverkstad m.m. Det vert laga mal for alle arbeida som seier noko om mål, innhald, form, omfang, vurderingskriterier og frist for rettleiing.
Vekting 30 %
Innhald i mappa:
Fagdidaktikk 15 sp: Ein korttekst i kvart fag (om lag 6-8 sider).
Fagdidaktikk/ yrkesdidaktikk 30 sp: To korttekstar ( om lag 6-8 sider).
Pedagogikk 30 sp: To korttekstar (om lag 6-8 sider).
Tverrfagleg: Ein reflekterande tekst der studenten gjer greie for eigne læringsstrategiar og eigen læringsprosess gjennom studiet.
Pensum
Pensumliste vert presentert ved studiestart. I nokre delemne i studiet vil det bli noko sjølvvalgt pensum.