Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Allmennlærar / Allmennlærarutdanning, heiltid (studieplan med praksis)
Studieplanen byggjer på Rammeplan for allmennlærarutdanninga med forskrift fastsett 3. april 2003 .Fagporteføljen er i samsvar med stortingsvedtak i 2002 (obligatorisk del) og prioriteringar som siktar mot at allmennlærarutdanninga skal ha tilstrekkeleg breidde. Samstundes kjem porteføljen i møte krav til ei viss fordjuping (valfri del) til dømes ved opptak til Master i lærarutdanning.
Planane for faga må ta omsyn til at
Øvingsopplæringa utgjer ei konkret kopling mellom lærarutdanninga og yrkesfeltet, og det er viktig at alle fag brukar praksis til å lære om og prøve ut arbeidsmåtar og tilrettelegging av fagstoffet.
Studiet er ei yrkesutdanning som kvalifiserer for arbeid som allmennlærar. Etter fullførte 180 studiepoeng kan studentar velje å avslutte studiet, og få tildelt ein bachelorgrad. Graden vert gitt etter krav i HSF sitt reglement for bachelorgrad, og gir ikkje lærarkompetanse. Etter fullførte 180 studiepoeng er studentar også kvalifiserte for opptak til Master i lærarutdanning, gitt at dei har ei godkjent eining på minst 60 studiepoeng innanfor eit skulefag. Fullført studium, 240 studiepoeng, kvalifiserer for vitnemål for 4-årig allmennlærarutdanning.I samsvar med Stortingsmelding nr. 16 (2001-2002) og Forskrift om vilkår for tilsetjing i skulen er det den einskilde student som gjennom eigne val sikrar seg kompetanse for tilsetjing på ulike steg i skulen. Allmennlærarutdanninga legg opp til at dei første 30 studiepoenga i alle fag skal gje grunnleggjande kompetanse for alle steg. Påbygging ut over dei første 30 studiepoenga kan vere retta mot eitt eller fleire steg i skulen.
Personar som ynskjer å arbeide som lærar i grunnskulen, eller som ynskjer å nytte allmennlærarutdanninga som grunnlag for anna arbeid.
Allmennlærarutdanninga skal kvalifisere til arbeid som lærar i grunnskulen og fremje personleg danning hos studentane. Studiet er yrkesretta og praksisbasert, og tek utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt, prinsippa i opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnskulen.Utdanninga tek mål av seg til å vere aktuell og heile tida på høgde med dei endringar som skjer i den skulen den er retta mot. Med det forstår vi:
Opptakskrav til allmennlærarutdanning er generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg kjem krav om minimum karakteren 3 i kvart av faga norsk og matematikk, og 35 skulepoeng totalt.
Den obligatoriske delen av utdanninga - 1. og 2. studieårStudiemodellen nedanfor viser korleis dei obligatoriske faga er plasserte
Haustsemesteret
Vårsemesteret
1.år
Pedagogikk 10 sp Norsk 10 spMatematikk 10 sp
Norsk 10 spMatematikk 20 sp
2.år
Pedagogikk 10 sp Norsk 10 spKRL 10 sp
Pedagogikk 10 sp KRL 10 sp*GLSM 10 sp**
3.år
Valfri del (skulefag) 60 sp
4.år
Valfri del (skulefag/skulerelevante fag) 60 sp
sp=studiepoeng * KRL står for Kristendoms-, Religions- og Livsynskunnskap ** GLSM - Grunnleggjande lese- skrive- og matematikkopplæringAndre fag vil også kome inn i den obligatoriske delen i samsvar med det som går fram av punktet nedanfor om samarbeid mellom fag og utdanningar.
Den valfrie delen av utdanninga - 3. og 4. studieår
Valfrie fag (fast tilbod)
Obligatorisk/sikrapå annan måte
Påbygging/nye fag
KRL,Kultur- og verdifag (alternerande)
20 sp (KRL)
30 sp
Kunst & Handverk (alternerande)
30 sp (15 sp +15 sp)
Matematikk
30 sp + 30 sp
Musikk (alternerande)
Norsk
Idrett
60-120 sp *
Engelsk
60 sp *
Pedagogikk
Skulerelevant fag
Naturfag
Samfunnsfag
60 sp
* Inngår i andre bachelorgradarHøgskulen har i tillegg eit valtilbod som varierar frå år til år.
Studentar i den 4-årige allmennlærarutdanninga kan bruke vidareutdanningseiningar som del av utdanninga. Minst 60 studiepoeng i den valfrie delen av utdanninga må vere skulefag (fag som vert undervist i grunnskulen).
Samarbeid mellom fag og utdanningarAllmennlærarutdanninga skal vere samarbeidsorientert:
Emneplanane skal samla sett ivareta dei dimensjonane som går fram av rammeplanen kap. 2.5 og med slik ansvarsfordeling:
Studenten skal sjølv ha digital kompetanse som hjelp til kommunikasjon og læring, ha innsikt i digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit, og kunne korleis IKT kan nyttast som læremiddel i skulen:
Andre tema og tverrfaglege tema som vert ivaretekne i utdanninga. T ema I – V er å sjå på som arbeidskrav med obligatorisk frammøte.
Arbeids- og vurderingsformer i allmennlærarutdanninga skal fylgje krava i kap. 2.4 i rammeplanen. Arbeidsmåtane og vurderingsordningane skal ivareta eit heilskapleg perspektiv på utdanninga. Det betyr at det er viktig at faga samarbeider i fagplanprosessen. Undervisnings- og læringsformene går fram av emneplan og emneomtale for kvart einskild fag/emne i utdanninga.
Praksisopplæringa har allmennlærarpraksis som hovudsikte og er eit samlande element i utdanninga. Praksisopplæringa er difor eit felles ansvar for alle fag i utdanninga. Faglærarar, studentar og praksisskular (øvingslærarar og rektorar) har saman ansvar for å planleggje, gjennomføre og bearbeide praksiserfaringane, og samarbeide om å utvikle ein heilskapleg lærarkompetanse.
Praksis skal vere ei innføring i rolla som allmennlærar.
Mål
Praksisopplæringa skal gje studentane innblikk i dei krava og forventningane som vert stilte til læraren i alle delar av verksemda i skulen. Det er viktig at studentane opplever samanheng i opplæringa, og at teori og praksis kan utfylla kvarandre. Røynsler og problemstillingar frå praksisfeltet er difor ein sentral del av fagstudia og yrkesrettinga av utdanninga.
Faglærarane og øvingslærarane er lærarutdannarar på ulike arenaer. Det krev eit tett og forpliktande samarbeid i forhold til studentoppfølging.
Organisering,omfang og innhald i praksis
Samarbeid om praksis
Praksisførebuande møteI førekant av kvar praksisperiode vert det arrangert praksisførebuande møte for studentar, faglærarar, rektorar og øvingslærarar. Obligatorisk deltaking.
FronterFronter er kommunikasjonsplattform mellom studentane, øvingslærarane, faglærarane, studieleiaren og praksiskonsulenten. Fronter skal nyttast til å leggja ut planar for praksis, meldingar og til å gjera oppgåver knytte til praksis før, under og mellom praksisperiodane.
AnsvarsfagAlle fag har eit felles ansvar for praksis, men ansvarsfaget har eit spesielt ansvar for det faglege innhaldet i praksisperioden.
Praksisteam Teamet omfattar studieleiaren, praksiskoordinatoren, fagteamet, to representantar for øvingslærarane og to representantar for studentane. Teamet evaluerer praksis og praksissamarbeidet etter at praksisperiodane er over. Studieleiaren kallar inn til møte.
RegionsamlingarPraksiskoordinator kallar inn til regionssamling for faglærarar, øvingslærarar og studentar for kullet om lag midt i ein praksisperiode. Ansvarsfaga leier møtet. Studentane skal i samarbeid med øvingslærarane leggja ei situasjonsskildring eller ei eller fleire problemstillingar frå praksis ut på Fronter, ei med utgangspunkt i profilen for praksisperioden og ei frå kvart av dei faga studentane har på høgskulen dette semesteret. Problemstillingane eller situasjonsskildringa må gjerne ha ei positiv vinkling. Faglærarane møter på regionssamlingane og drøftar problemstillingane eller situasjonsskildringane med studentar og øvingslærarar opp mot aktuell teori.
RettleiingStudentane har krav på 10 rettleiingstimar per veke på barnesteget og 9 timar på ungdomssteget. Desse timane kjem i tillegg til 20 timar undervisning per veke i gjennomsnitt som, studentane skal vera med i og ha ansvar for. Tid til planlegging, møte med rektor og andre møte kjem i tillegg til timar til undervisning og rettleiing.
Modell for praksis første til tredje studieåret
Allmennlærarpraksisen byggjer på spiralprinsippet med aukande krav til fordjuping og skifte av perspektiv. Det er viktig at studentane får variert praksisopplæring og får kjennskap til og ta i bruk varierte arbeidsformer i tråd med læreplanverket.
Studieår
Veker
Profil
Ansvarsfag**
1
Haust
MS*
4
Praksis med vekt på lærarrolla både i observasjon og utføring
Vår
MS
Praksis med vekt på elev og læringsmiljø
Matematik
2
US*
Tverrfagleg praksis med vekt på elev og oppvekstmiljø
Norsk/KRL/pedagogikk
SS*
Praksis med vekt på GLSM
Norsk/ matematikk/pedagogikk
3
Allmennlærarpraksis med vekt på skule og samfunn inkludert skuleovertaking
Valfrie fag
*MS = mellomsteg / US = ungdomssteg / SS = småskulesteg. **Ansvarsfag = alle fag har eit felles ansvar for praksisen, men ansvarsfaget har eit spesielt ansvar for det faglege innhaldet i praksisperioden.
Første studieår
Studentane følgjer same øvingslærar i begge periodane. Øvingslæraren og studenten bør difor saman koma fram til i kva semester dei ulike måla bør vektleggast. Det er naturleg at det vert stilt stadig større krav til sjølvstendig arbeid og ansvar. Studentane bør vera med å ta ansvar for undervisning så snart dei kjenner seg klare til det, og i samråd med øvingslæraren.
Praksisoppgåver - første semester
Pedagogikk er ansvarsfag
Begge tema vert førebudde i ansvarsfaget før praksis. Tverrfagleg deltaking i oppsummeringa. Begge desse oppgåvene skal munna ut i eit individuelt, skriftleg innspel til praksismappa.
Praksisoppgåver - andre semester
Matematikk er ansvarsfag
Studentane kan i tillegg få ei mindre oppgåve i norsk.
Andre studieår
Praksisoppgåver - tredje semesterNorsk, krl og pedagogikk er ansvarsfag
Så sant det er mogeleg, skal kvar student ha ansvar for å planleggja og gjennomføra ein heil skuledag i perioden.
Praksisoppgåver - fjerde semesterMatematikk, norsk og pedagogikk er ansvarsfag
Tredje studieår
Praksisoppgåver - sjette semester(skule-/teamovertaking vår 3. studieår)
ProgresjonPraksisopplæringa må vere allsidig med stigande krav til sjølvstende og ansvar. Progresjonen i praksis og forventningane til praksis kjem fram i notatet Ein lærer av den skulen ein går i – om progresjon i praksis og øvingslærar si rolle. I samsvar med dette er det fagteamet saman med praksisskulen som gir praksis eit fagleg innhald og ein forsvarleg progresjon.
Vurdering i praksis
Retningsliner for vurderinga
MidtvegssamtaleØvingslærar skal gjennomføre ein midtvegssamtale med studenten. Utgangspunktet for samtalen er mål for praksis og vurderingskriteria. Samtalen skal datofestast og førast på skjema: Mal for vurdering.
Dersom det er tvil om ein student skal få godkjent ein praksisperiode, skal studenten i tillegg til vanleg rettleiing, også få ei førebels skriftleg vurdering. Denne skal gjevast så tidleg som mogeleg. Ved praksisperiodar som varer 4 veker eller mindre, skal varsel gjevast om lag midtvegs i perioden. Denne vurderinga skal klart gjere greie for vurderinga så langt og klargjere vilkår for ”greidd” praksis ved sluttvurdering. I slike tilfelle skal studieleiar informerast snarast mogeleg. Det er utarbeidd eige skjema for slik tvilsmelding som skal sendast til studenten med kopi til studieleiar.
SkikkavurderingVurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal føregå gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering begynner ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg med kopi til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er heimla i Lov om universitet og høyskoler, §4-10. Dette er nærare omtala i Forskrift om skikkethetsvurdering, fastsett av Kunnskapsdepartementet.
Studentane i allmennlærarutdanninga skal ha høve til å gjennomføre eit opphald i utlandet som del av utdanninga. Det blir lagt til rette både for studieopphald (3 månader eller meir) og kortare praksisopphald som primært siktar mot utvida erfaring (1 - 4 veker).
Lange periodarDelstudium i utlandet er lagt til 3. og 4. studieår.
Korte periodarDet vert lagt til rette for at studentar hentar erfaring frå kortare opphald i utlandet. Slike tilbod kan som regel bli gjevne grupper av studentar. Alle studieopphald i utlandet som skal inngå i allmennlærarutdanninga, skal godkjennast av studieleiar på førehand etter søknad. Berre studentar med tilfredsstillande studieprogresjon får tilbod om studieopphald i utlandet.
Det er eit overordna mål å gje studentane ei heilskapleg profesjonsutdanning med utgangspunkt i dei fem kompetanseområda (Rammeplanen kap. 1); fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse. For å nå dette målet vil ein del læringsaktivitetar krevje at studentane er aktivt deltakande. Slike læringsaktivitetar vert definert som arbeidskrav, og vil ha fokus på utvikling av den mangfaldige yrkeskunnskapen ein skal ha som allmennlærar. Som ein viktig del av kvalifisering til allmennlæraryrket skal studentane vere med på å utvikle eit lærande og handlande studiefellesskap.
Det skal førast frammøteliste i all obligatorisk undervisning. Me viser òg til § 8.2.1 og § 8.2.2 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved HSF. Kvart fag i utdanninga skal informere tydeleg ved studiestart korleis arbeidskrav skal fylgjast opp.
Faglærarar i teamet vil bli pålagt ansvar for oppfølging av tema som går på tvers av faga i utdanninga.
Alle emna har obligatoriske arbeidskrav. Nærare presisering går fram av omtale av kvart einskild emne i utdanninga. Sjå emneomtalane.
Vurderingsformene i studiet skal:
Sluttvurderinga går fram av omtale av kvart einskild emne i utdanninga. Sjå emneomtalane.
Pensum går fram av emneomtale for kvart einskild emne i utdanninga.
Praksis i allmennlærarutdanninga har eit omfang på 20 veker rettleidd praksis. Praksis må vera gjennomført og greidd før vitnemål for utdanninga kan skrivast ut.
120 studiepoeng er valfrie. Det er eit krav at minst 60 studiepoeng er undervisningsfag i skulen, og 60 studiepoeng kan vera skulerelevante fag. Høgskulen har nokre faste valfagstilbod. I tillegg har Høgskulen eit vidareutdanningstilbod som varierar frå år til år.