Spesialpedagogikk, PE331

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Spesialpedagogikk, PE331

Studiepoeng
30 studiepoeng

Organisering
Haust og vårsemesteret
Undervisninga vert avvikla torsdag, fredag og delvis laurdag, med til saman omlag tolv samlingar fordelt over studieåret.

Kompetanse / formell grad

Studiet er valfritt fag 4.studieår i den 4-årige allmennlærarutdanninga og vidareutdanning for førskole- og allmennlærarar, vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og for personar med utdanning i idrett for funksjonshemma og fag- og yrkeslærarar. Studiet gir kompetanse tilsvarande tidlegare 1.avdeling spesialpedagogikk. Ved nokre høgskolar kan dette studiet/delar av studiet gå inn som ein del av ein mastergrad i spesialpedagogikk.

Målgruppe

Allmenn- og førskulelærarar, 4.årsstudentar i den 4-årige allmennlærarutdanninga, vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og for personar med utdanning i idrett for funksjonshemma og fag- og yrkeslærarar.

Mål for studiet

Å vidareutvikle den fagleg-pedagogiske og metodiske innsikta til studentane og deira dugleik og haldning til det spesialpedagogiske feltet, slik at dei skal bli i stand til å:

  • å forstå korleis tilhøva i barnehage, skule, familie, nærmiljø og samfunn kan føre til at funksjonshemming kan oppstå, utviklast og oppretthaldast
  • å skaffe seg kunnskap om og innsikt i oppbygginga av og funksjonen til det etablerte hjelpeapparatet, slik at ein betre blir i stand til å rettleie og ta vare på funksjonshemma barn og deira familiar, og deira rettar i barnehage, skule, nærmiljø og storsamfunn
  • å forstå problem, reaksjonar og åtferdsmønster hos barn med ulike funksjonshemmingar og/eller ugunstige oppvekstvilkår
  • å skaffe seg kunnskap om og innsikt i ulike signal på funksjonssvikt, seinka eller avvikande utvikling, og å kunne vere med på å førebyggje slik utvikling
  • å bruke observasjon som metode i spesialpedagogisk arbeid, bruk av ulike observasjonsmetodar og vidareføring av observasjon til pedagogiske verkemiddel
  • å kunne arbeide med spesialpedagogiske oppgåver mellom anna i samarbeid med føresette og ulike hjelpeinstansar
  • å ta del i fagleg utviklingsarbeid og endringsprosessar med utgangspunkt i det spesialpedagogiske arbeidet
  • å organisere læring i allsidig samansette grupper og i eit inkluderande miljø
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Utdanning som allmenn- eller førskulelærar, faglærar, sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog eller utdanning i idrett for funskjonshemma.

Innhald / oppbygging

Studiet er sett saman av følgjande emne:

  • psykologiske/sosiologiske emne
  • spesifikke lærevanskar
  • observasjon og testing
  • ulike funksjonsvanskar
  • kreative fag og aktivitetar
  • hjelpemiddel i det spesialpedagogiske arbeidet
  • målsetting og organisatoriske rammer i spesialpedagogisk arbeid
Undervisnings- og læringsformer

Det spesialpedagogiske studiet har ein sterk praksistilknyting og refleksjonen mellom teori og praksis er ein viktig del av det spesialpedagogiske studiet. Arbeids- og undervisningsformer vil vere førelesing, gruppe-, kollokvie-, prosjekt-, individuelt arbeid og litteraturstudiar. Kollokviearbeid vil vere ei arbeidsform som kjem i tillegg til den ordinære undervisningstida. Balansen mellom lærarstyrt og studentstyrt undervisning vil bli avgjort ut frå stoffet og ut frå samråding mellom studentar og lærarar. I studiet vil ein arbeide med IKT som arbeids- og læringsverktøy. Fronter vert brukt som informasjons- og kommunikasjonshjelpemiddel.
Ein ekskursjon i løpet av studieåret. Kostnader knytt til turen må dekkast av den einskilde student.

Praksis

Praksis skal være minst 3 veker, t.d. ved eit PPT - kontor, i ein klasse eller gruppe ved skole/barnehage.

Arbeidskrav
  • Ein individuell rapport eller grupperapport knytt til praksis
  • Eit prosjektarbeid i gruppe med presentasjon i haustsemesteret
  • Eit individuelt arbeid i vårsemesteret
  • Testkurs m/individuell- eller grupperapport knytt til gjennomføring av testar
  • Praksis; praksisførebuing, gjennomføring og etterarbeid

Obligatorisk frammøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld går fram av semesterplanen.

Sluttvurdering

Vårsemesteret.
PE 331 Individuell skriftleg eksamen.
Eksamenstid: 6 timar.

Pensum

Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15 september og for vårsemesteret 15. februar.