About Norway - In Norway

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
About Norway - In Norway

Studiepoeng
30

Organisering
Heltidsstudium

Innleiing

Studiet er eit tilbod til internasjonale studentar som ynskjer kunnskap om norsk språk og samfunnsliv. Studiet vert også tilbydd til norske studentar.

Kompetanse / formell grad

Studiet kan inngå i ein bachelorgrad med 30 studiepoeng.

Målgruppe

Målgruppa er internasjonale studentar som kjem til HSF for eit opphald på inntil eitt semester. Studentar kan velje å ta heile, eller deler av studiet, eventuelt kombinere emne frå studiet med andre emne som høgskulen tilbyr.

Mål for studiet

Studiet skal gi internasjonale studentar kunnskap om og praktisk øving i norsk språk. Studentane får og kjennskap til grunnleggjande trekk i norsk økonomi og norsk velferdspolitikk.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptakskravet er generell studiekompetanse med unntak av krav til norskkunnskapar.

Innhald / oppbygging

Studiet er sett saman av tre emne:

Norsk for framandspråklege, 10 studiepoeng
Norsk økonomi i eit internsajonalt perspektiv, 10 studiepoeng
Norsk velferdspolitikk, 10 studiepoeng

Undervisnings- og læringsformer

I studiet vil det bli nytta varierte arbeidsformer. Praktiske språkøvingar, innlevering av skriftlege arbeid, førelesingar og arbeid i grupper.

Arbeidskrav

Arbeidskrava går fram av emneomtalane

Sluttvurdering

Sluttvurderinga går fram av emneomtalane

Pensum

Sjå emneomtalane

About Norway - In Norway
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H)
SA505 Norsk velferdspolitikk 10,00 O 10
NO305 Norsk for framandspråklege 10,00 O 10
SØ6-300 Norsk økonomi i eit internasjonalt
perspektiv
10,00 O 10
Sum: 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne