Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Sosialt arbeid, bachelorstudium  

Sosialt arbeid, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Sosialt arbeid, bachelorstudium

Studiepoeng
180

Organisering
Heiltid. Siste opptak haust 2005.

Innleiing

RAMMEPLANEN
Studieplanen for sosionomutdanninga er regulert av rammeplan og forskrift fastsett av UF 1.des. 2005. Rammeplanen er nasjonal og skal vere retningsgivande for høgskulane si tilrettelegging av studiet. I rammeplanen er det ein generell del og ein studiumspesifikk del. Den generelle delen er felles for fleire utdanningar i helse- og sosialfag. Denne delen utgjer 30 studiepoeng. I tillegg er 30 studiepoeng felles for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane. Dei tre utdanningane ved Avdeling for samfunnsfag har såleis 60 studiepoeng felles.

Dei siste 20 åra har vore prega av store helse- og sosialpolitiske reformer som mellom anna har auka behovet for tverrfagleg kompetanse. Eit utdanningspolitisk mål for høgskulesektoren er auka samordning av sosialarbeidarutdanningane (Rammeplan og forskrift for barnevernpedagog-, sosionom og vernepleiarutdanningane).

VERDIAR
Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga, og utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for eigenverdien til mennesket og solidaritet med dei svake står sentralt.

MÅLSETJING
Helse- og sosialfagutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukar og andre tenesteytarar.

FELLES INNHALDSDEL
Felles innhaldsdel skal medverke til å danne felles haldningar og ferdigheter, samt å gi forståing for felles referanseramme i yrkesutøvinga. I følgje rammeplanane skal felles innhaldsdel medverke til å utdanne yrkesutøvarar som:
- i sitt arbeid tar utgangspunkt i brukarane sine behov, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld
- ha evne til å reflektere over og grunngi arbeidet sitt i forhold til overordna faglege og etiske perspektiv, og som kan sjå si eiga yrkesrolle i eit kritisk lys
- tar medansvar for tilbakemelding til faglege og politiske styresmakter om årsaker til hjelpebehov, og om verknader av tiltak og uheldige samfunnsforhold
- har kunnskap om andre yrkesgrupper, og som kan vurdere eigen og andre sin kompetanse i konkrete samarbeidssituasjonar.

FELLESEMNE - 60 STUDIEPOENG
Følgjande fag er delvis felles emne for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane:
- psykologi
- jus
- vitskapsteori og forskingsmetode
- etikk
- organisasjonsteori
- sosialpolitikk
- stat- og kommunalkunnskap
- sosiologi
- levekår
- sosialantropologi
- kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
- tverrfagleg samarbeid.

Kompetanse / formell grad

Bachelor i sosialt arbeid.

Sosionomen sin kompetanse er retta mot arbeid i alle delar av helse- og sosialfeltet. Profesjonelt sosialt arbeid skjer i hovudsak i direkte kontakt mellom sosionomar og brukarar. Brukaren kan vere eit lokalsamfunn, ein organisasjon, ei gruppe, ein familie eller enkeltpersonar. Det styringsmessige aspektet er viktig i arbeidet i den kommunale og statlege sosial- og barneverntenesta. Sosionomar må kunne analysere sosiale problem ut frå ulike rammer for forståing, og intervenere på ulike nivå. Sosionomar må kunne sakshandsaming, utøve fagleg skjønn, planleggje og iverksetje tiltak.

Målgruppe

Målgruppa er personar som er interessert i å yte bistand til og samarbeide med mennekse i ulike livsfasar, og med ulik sosial og kulturell bakgrunn.

Mål for studiet

Sosionomutdanninga er ei generalistprega sosialarbeidarutdanning som kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt, og mot ulike målgrupper. Ein sosionom skal ha god kunnskap om samfunnsforhold som skaper sosiale problem, og skal medverke til at samfunnet gjennom sosiale hjelpeordningar fremjer befolkninga si evne og moglegheit til å meistre livsoppgåvene sine, og førebyggje sosiale problem.

Sosiale problem kan vere av materiell, personleg og relasjonell karakter. Ein sosionom skal ha kompetanse til å løyse konfliktar og ha gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til sjølvrefleksjon.

Høgskulen skal mellom anna:
- leggje tilrette for at studentane tileigner seg kunnskap, ferdigheiter og haldningar basert på det fremste innan forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
- tilby eit læringsmiljø som fremjer studenten sitt faglege engasjement, deltaking og personlege utvikling, samt fremje studenten sine evner til kritisk refleksjon
- vere i dialog med praksisfeltet, brukarorganisasjonar og forsking innan fagområdet.

Studentane skal etter avslutta utdanning mellom anna:
- ha kunnskap om og forståing for korleis samfunnsmessige strukturar/prosessar skaper og held vedlike sosiale problem
- kunne arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetnader, og handtere slike konfliktar med fokus på brukarane sine interesser
- kunne arbeide med menneske med ulik realitetsoppfatning og ha evne til å arbeide i fleirkulturell kontekst
- ha oversikt over hjelpeapparatet og i samarbeid med andre yrkesgrupper og brukarar/klientar kunne bruke det i arbeidet med å redusere sosiale problem
- ha kompetanse i ulike sosialfaglege arbeidsformer, med spesiell vekt på arbeidsformer der brukarar er aktive deltakarar og mobiliserer eigne ressursar,enten desse er enkeltpersonar, familiar, grupper eller sosiale nettverk
- kunne delta i fagleg utviklingsarbeid, ta i bruk nye arbeidsmåtar på grunnlag av forsking og annan fagleg innovasjon, og ha forståing for eiga personleg og fagleg utvikling
- kunne arbeide med juridiske spørsmål innan sosionomen sine arbeidsområde
- kunne dokumentere, kvalitetsutvikle og evaluere arbeidet sitt.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

STUDIESPESIFIKK DEL – Bachelor i sosialt arbeid
(sjå også felles del/generell del under avsnittet Innleiing)

Fag og studiepoeng - Bachelor i sosialt arbeid

Fag

Stp 1. året

Stp. 2. året

Stp. 3. året

Sum stp. alle år

Samfunnsfag

18

10

15

43

Juridiske emne

9

3

3

15

Psykologi

9

5

6

20

Sosialt arbeid,
grunnelement

9

9

9

27

Sosialt arbeid,
arbeidsmåtar

9

9

15

33

Praksis

6

24

 

30

Bacheloroppgåve

   

12

12

Sum studiepoeng

60

60

60

180

Progresjon
Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområde, og det er eit mål å kunne integrere teori og kunnskap frå dei ulike faga.

Det første året skal studentane få eit overblikk over dei ulike faga sine tenkjesett og metodar, samt få innblikk i arbeidsområde til sosionomar.
I det andre året er fokus meir retta mot det anvendte aspektet i faga, og studentane skal trene seg i å knyte teori til praksis. Det er ein 16 vekers klientretta praksisperiode i 3. semester. Tredje året blir ei vidareføring av dei to første åra, men med meir fokus på tematisk undervisning. Dette året skal studenten også arbeide med ei bacheloroppgåve. Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli nytta ulike undervisningsformer i løpet av studiet: førelesingar, seminar, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, trening i munnleg og skriftleg framstilling, praksisstudium og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Studentane skal lære å skrive akademisk, og dei skal gjennom mappeoppgåver trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, strukturering og formidling av kunnskap.

Det er obligatorisk deltaking i delar av undervisninga, sjå under "Arbeidskrav".

Arbeidsmappe - skriftleg arbeid
Oppgåver til arbeidsmappe vert levert til faglærar, som gir tilbakemelding. Oppgåve
kan leverast inn to gonger for tilbakemelding. Faglærar fastset frist for innlevering og tilbakemelding. Studenten kan deretter omarbeide oppgåva fram til innlevering til presentasjonsmappa. Individuelle oppgåver omarbeidast individuelt, og gruppeoppgåver gruppevis. Oppgåvene i arbeidsmappa er grunnlaget for utveljing til presentasjonsmappa, som er ein del av sluttvurdering/eksamen.

Presentasjonsmappe – skriftleg arbeid til sluttvurdering
Presentasjonsmappa innheld oppgåver som er ein del av eksamen. Høgskulen vel ut 1 oppgåve frå arbeidsmappa, og deretter vel studenten 1 oppgåve. Til dagen for innlevering av presentasjonsmappa skal studenten ha 2 komplette eksemplar av alle oppgåver frå arbeidsmappa. Kl 0830 dagen for innlevering til presentasjonsmappe kunngjer Høgskulen ved oppslag på avdelinga, på klassen si nettside og i Classfronter kva oppgåve Høgskulen har vedteke at studenten skal levere inn. I tillegg skal studenten sjølv velje ut og levere inn ei av dei resterande oppgåvene frå arbeidsmappa. Begge oppgåvene skal leverast inn i 2 eksemplar. Dersom Høgskulen har valt ut ei gruppeoppgåve til innlevering, skal gruppa levere inn 2 eks. av denne. Oppgåva skal vere påført kandidatnummer til alle i gruppa. Dersom ein enkelt student vel ut ei gruppeoppgåve skal vedkommande levere inn 2 eks. av denne, men berre føre opp eige kandidatnummer. Gruppeoppgåver kan ikkje omarbeidast individuelt.

Praksis

Praksisopplæringa er ein sentral del av sosialarbeiderutdanningane. Praksis skal bidra til at studentane får auka forståing for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Sosionomstudentane skal ha 30 studiepoeng praksis; 6 studiepoeng prosjektpraksis første studieåret og 24 studiepoeng klientretta praksis i haustsemesteret andre studieåret.

Studenten får tilskot til bu- og reiseutgifter i den klientretta praksisperioden, jfr. Felles reglement for dekning av bu- og reiseutgifter til studentane. Studenten betaler sjølv evt. utlegg til reise ved besøk av kontor/institusjon i prosjektpraksis.

PROSJEKTPRAKSIS
Denne type praksis inneber at studentane skal gjere seg kjende med institusjonar og organisasjonar der sosialarbeidarar arbeider. Høgskulen har ansvar for å inngå avtalar med dei kontora/institusjonane som studentane tek utgangspunkt i i sitt arbeid med prosjektpraksis.Studentane skal bli kjende med arbeidsoppgåver som blir utført av sosialarbeidarar og oppgåvedeling mellom yrkesgrupper. Studentane skal få kunnskap om dei ulike forvaltningsnivåa og kva funksjonar desse har. Dei skal vidare få auka sosialpolitisk kunnskap. Studentane skal få trening i både munnleg og skriftleg framlegging, og trening i å dokumentere eige arbeid. Studentane skriv ei oppgåve der kunnskap frå mellom anna juss, samfunnsvitskapleg metode og samfunnsfag
skal nyttast. Arbeidet er eit gruppearbeid. Det blir arrangert seminar der studentane legg fram arbeida sine, og formidler kunnskap og erfaring frå sine prosjekt. Framlegginga er obligatorisk. Kvar gruppe har rett på inntil 3 timar rettleiing. Skulen oppnemner opponentgrupper.

KLIENTRETTA PRAKSIS
Høgskulen har ansvar for å skaffe praksisplassar. Alle studentane skal få tilbod om individuell samtale med praksisansvarleg før utplassering. Føremålet med samtalen er å drøfte studenten sitt lærebehov i relasjon til praksis. I praksistida følgjer studenten arbeidstida ved praksisplassen. Studenten har 7,5 timar lesetid per veke. Studenten har teieplikt, jfr. forvaltningslova. Praksisperioden strekkjer seg over 16 veker i 3. semester.
I den klientretta praksisperioden skal studenten under rettleiing mellom anna:
– få praktisk erfaring med direkte klientarbeid, sakshandsaming, rådgiving og behandlingsarbeid
– få trening i å skilje mellom personlege, faglege og samfunnsmessige verdiar
– få trening i å setje brukarane sine eigne val i fokus
– øve opp evne til å avsløre verdikonfliktar og etiske dilemma i praktisk helse- og sosialarbeid; på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
– øve opp evne til etisk refleksjon og utvikle etisk handlingsreiskap
– få kunnskap om korleis det sosiale hjelpeapparatet fungerer; arbeidsoppgåver,
organisering, klientrelasjonar og samarbeidspartnarar
– få trening i å analysere problem og iverksetje måtar å arbeide med dei på, samt
å få trening i å vurdere konsekvensar av sosiale problem
– få trening i samtaleteknikk i samhandling med klientar og samarbeidspartnarar
– få trening i skriftleg framstilling
– få trening i å arbeide med juridiske spørsmål innan sosionomen sine arbeidsområde.

Krav til praksisinstitusjonen
Praksisinstitusjonen må kunne gi oppgåver som er relevante for sosionomar. Studenten må få høve til å arbeide med bestemte oppgåver. Rettleiar må ha høve til å ta seg av studenten og gi rettleiing.

Krav til praksisrettleiar
Rettleiar må ha erfaring frå arbeidsområdet for sosionomar, ha oversikt over arbeidsfeltet sitt og ha kjennskap til samarbeidspartnarane. Rettleiar må ha kunnskap om sosialt arbeid i vid forstand. Rettleiar bør delta på høgskulen si rettleiarsamling. Saman med studenten skal rettleiar utarbeide ein kontrakt over aktuelle arbeidsoppgåver og korleis rettleiinga skal leggjast til rette. Rettleiar har ansvar for å setje studenten inn i institusjonen si organisering og arbeidsområde, og finne eigna arbeidsoppgåver for studenten. Rettleiar skal setje av 2 timar per veke til rettleiing av studenten.

Høgskulen sine plikter overfor rettleiar
Høgskulen har ansvar for å tilby og leggje tilrette for rettleiarsamling for praksisrettleiarar. Høgskulen betaler kost og losji, samt refunderer naudsynte reiseutgifter ved slike samlingar. Høgskulen har plikt til å halde kontakt med praksisplassen i praksisperioden, og skal arrangere eitt besøk til kvar student i praksistida. Høgskulen betaler honorar til rettleiar i samsvar med til ein kvar tid gjeldande satsar vedteke av Høgskulen.

Studenten sine læreområde i praksis er mellom anna:
– få erfaring med ferdigheiter i sosialt arbeid som førebuing til framtida yrkesrolle - ansvar og oppgåver
– praktisere og vidareutvikle kunnskap, ferdigheiter og haldningar i direkte samhandling med brukarar og under kunnig rettleiing
– tileigne seg kunnskap og fagleg innsikt som ikkje er skrive om i litteraturen, i samarbeid med røynde yrkesutøvarar
– strukturere intervju- og samtalesituasjonen med klientar
– øve opp evne til å avsløre verdikonfliktar og etiske dilemma
– øve opp evne til etisk refleksjon og utvikle etisk handlingsreiskap
– reflektere over, vurdere og diskutere etikk og fagutøving
– øve seg i å kritisk vurdere forhold til eiga problem-/situasjonsforståing
– tileigne seg kunnskap om livsvilkår og vise solidaritet overfor menneske som er i ein utsett posisjon, og kunne fremje deira interesser og rettar
– finne fram til og leggje vekt på klienten sine eigne ressursar
– innhente erfaringar om oppbygging og organisering til sosial- og helsetenesta
– ivareta rettstryggleik i tilknyting til informasjonsinnhenting, og i arbeid med saksframstilling/relasjonsarbeid
– samarbeide med ulike yrkesgrupper
– samle erfaring som kan bli drøfta på høgskulen og bli nytta som grunnlag for vidare læring.

Pensum
Delar av pensum knytt til praksisperioden skal vere sjølvvalt, men skal godkjennast av høgskulen. Det sjølvvalde pensumet skal vere på 600 sider.

Fråvær i klientretta praksis
Maksimumsgrensa for fråver er ti dagar. Sjukefråvær ut over tre dagar skal dokumenterast med legeattest. Praksisrettleiar kan innvilge permisjon i inntil tre dagar. Permisjonsøknader ut over dette skal avgjerast av Høgskulen. Praksis må vere godkjent før studenten kan fortsetje studiet.

Studieopphald i utlandet

Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret tredje studieåret ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Del av praksis andre studieåret kan eventuelt takast i utlandet.

Arbeidskrav

For å få godkjent deltaking i undervisning (gjeld også prosjektpraksis, praksisførebuing og etterpraksisseminar) må ein ha teke del i min. 80% i kvart tema med krav til deltaking, og fått godkjent evt. tilhøyrande oppgåver. Samtlige arbeidskrav må vere godkjende før ein kan få sluttvurdering/ta eksamen.

Sjå også avsnittet Undervisnings- og læringsformer som omtalar skriftleg arbeid til mapper 1. og 2. studieåra.

Sluttvurdering

Studenten skal i løpet av dei tre studieåra vurderast mellom anna på grunnlag av fleire skriftlege arbeid som vert lagt i mapper, bacheloroppgåve og gjennom skriftleg og munnleg eksamen.

Lovlege hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen: ordliste, lovsamling/særtrykk med kryssreferansar og understrekningar samt lovforskrifter utan kommentarar.
Munnleg eksamen: Lovsamling utdelt av høgskulen.

Karakterar: Bokstavkarakterar.

Ny/utsett eksamen: Før starten av nytt studieår.

Oppflyttingskrav: Greidd årseksamen er ein føresetnad for å få oppflytting til påfølgjande studieår. Praksis må vere greidd før ein kan gå vidare i studiet.

Pensum

Pensum er på om lag 4000 sider kvart studieår. Delar av pensum er på andre språk enn norsk (dansk, engelsk, svensk). Andre studieåret skal studenten sjølv velje 600 sider pensum knytt til praksis, og tredje studieåret 400 sider knytt til bacheloroppgåva. Alt sjølvvalt pensum skal godkjennast av høgskulen.

Bachelor i sosialt arbeid (sosialfag)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
SOS530 Bachelor i sosialt arbeid, 3. studieåret
(kull 05)
60,00 O            
Sum: 0 0 0 0 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne