Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Samfunnsfag, årsstudium  

Samfunnsfag, årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Samfunnsfag, årsstudium

Studiepoeng
60 (4 x 15) studiepoeng

Organisering
Heiltid.

Innleiing

Årsstudium i samfunnsfag er eit fleirfagleg studium. Med utgangspunkt i eldre og nyare historie, globalisering/stat/samfunn og samfunnsvitskapleg metode, vil undervisninga gi innsikt i samfunnet og samfunnsutviklinga i fortid og notid.

Kompetanse / formell grad

Studiet utgjer første året av bachelorstudiet i historie, og tel 60 studiepoeng i ein universitets- eller høgskulegrad. Saman med studiet i lokalhistorie kan det utgjere ein del av bacheleorstudiet i historie som eventuelt kan gje opptak til mastergradsstudium i historie. Studiet kan nyttast som skulerelatert fag 4. året i allmennlærarutdanninga.

Målgruppe

Personar som ynskjer studiet som ein del av ein bachelorgrad eller som skulerelatert fag 4. året i allmennlærararutdanninga.

Mål for studiet

Studenten skal :

  • Gjere greie for hovudtrekk i norsk - og verdshistorie og forklare sentrale økonomiske, sosiale og politiske endringsprosessar.
  • Få ei innføring i dei mange sidene av globaliseringsdiskusjonen, med vekt på økonomi, politikk og kulturelle institusjonar.
  • Tileigne seg grunnleggande kunnskap om korleis ein gjennomfører samfunnsvitskaplege undersøkingar. Undervisninga skal formidle kva muligheiter og avgrensingar som ligg i bruken av kvantitative og kvalitative data. Studenten skal få praktisk øving i bruk av metode.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Noregs- og verdshistorie
Historiedelen utgjer halvparten av pensum på årsstudiet. Emnet skal gje studentane ei grunnleggande innføring i norsk - og verdshistorie frå mellomalderen fram til 1945. Det skal gje forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet. Vekta på problemfelta statsutvikling og samfunnsendring gjer ei forståing av teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar naudsynt. Dette fagemnet er oppdelt i to modular: eldre og nyare historie.

Globalisering, stat og samfunn
Sentrale spørsmål i emnet er knytta til kva som skjer med nasjonalstaten sine politiske og økonomiske styringsvilkår under overnasjonale organ, kva som kjenneteiknar media og informasjonsteknologien si rolle i den kulturelle globaliseringa, kva som kjenneteikner den nye geografisk mobiliteten i lyset av historiske erfaringar, samt spekteret av ideologiske posisjonar i globaliseringsdebatten.

Samfunnsvitskapleg metode
Emnet gjev ei generell innføring i korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Eitt sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data. Emnet er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskningsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. I tillegg til førelesingar og innlevering av skriftlege arbeid, vert det lagt til rette for seminarundervisning og diskusjon i mindre studentgrupper.

I alle dei fire emna i studiet skal studenten skrive oppgåver til mappe, som er grunnlag for del av sluttvurdering/eksamen.

Studieopphald i utlandet

Det vert lagt opp til ei vekes frivillig ekskursjon til Estland. Studetane betaler reise og opphald sjølve.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

Ulike eksamensformer som individuell heimeeksamen, individuell skriftleg eksamen og munnleg eksamen i tillegg til mappeoppgåve. Sjå nærmare under emneomtalane.

Pensum

Sjå i omtalen av dei ulike emna.

Samfunnsfag årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
ME520 Samfunnsvitskapleg metode 15,00 O 15  
SA533 Eldre historie før 1870 15,00 O 15  
SA534 Nyare historie 1870 - 1945 15,00 O   15
SA500 Globalisering, stat og samfunn 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne