Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Historie, bachelorstudium  

Historie, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Historie, bachelorstudium

Studiepoeng
180 studiepoeng.

Organisering
Heiltid.

Kompetanse / formell grad

Bachelor i historie.

Målgruppe

Studiet vender seg mot studentar som ønskjer å gå vidare til studium på mastergradsnivå i historie og ulike typar tverrfaglege masterstudium der historie inngår. Saman med praktisk-pedagogisk utdanning gjev bachelorstudiet undervisningskompetanse. Ein bachelorgrad i historie kan også kvalifisere for t.d. medie- og kulturarbeid, arbeid ved museum, arkiv, forlag og ymse utgreiingsarbeid.

Mål for studiet

Bachelorstudiet i historie ved HSF legg vekt på å gje kunnskap om og innsikt i viktige sider av den historiske utviklinga i og utanfor vårt eige land frå mellomalderen og fram til i dag. Studiet skal vere med på å auke forståinga for menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve slik at det kan vere med på å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. Vinklinga på historiestudiet skal sjåast både frå ein lokal, regional, nasjonal og global synsvinkel, dette gjeld så vel metode, kjeldebruk og realhistorie.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse/realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Studiet har 6 emne i historie som til saman utgjer 75 studiepoeng. Dei byggjer på ei kronologisk innføring i historiefaget gjennom emna Eldre historie, Nyare historie, Samtidshistorie I og Samtidshistorie II, i tillegg til eit fordjupingsemne i lokalhistorie: Ressursar/Menneske/Teknologi og ei bacheloroppgåva. Vidare inngår dei historierelevante emna Globalisering, stat og samfunn og Samfunnsvitskapleg metode, der historisk metode utgjer 5 studiepoeng. Samla utgjer alle desse emna 105 studiepoeng.

Første og andre året har studentane eit fast løp med dei nemnde emna. Det tredje året vel dei frå andre fag ved HSF, ved andre høgskular og universitet eller i utlandet.

Studiemodell

1. år

2.år

3. år

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

6. semester

Eldre historie**

15 sp.

Nyare historie**

15 sp.

Ressursar/Menneske/Teknologi**/***

15 sp.

Valfritt

Døme:

Sosiologiske perspektiv
15 sp.

Ungdom og arbeid
10 sp.

Utlandet
30 sp

Valfritt

Tilrådd:

Den sosiale kroppen
15 sp.

Barndommens og ungdommens historie
15 sp.

Samfunnsvit. metode*

15 sp.

Globalisering, stat og samfunn*

15 sp.

Ex phil 10 sp.

Samtidshistorie II**, 5 sp. (valfritt)

Bacheloroppgåve i historie**

15 sp.

Ex fac 10 sp.

Samtidshistorie I**
10 sp.

* Fellesemne for bachelorstudia historie og sosiologi - ungdomssosiologi.
** Disiplinemne.
*** Undervisning på laurdagar over to semester.

Undervisnings- og læringsformer

I tillegg til forelesingar og seminarundervisning skal studentane skrive ei fordjupingsoppgåve som tilsvarer 15 studiepoeng. Vidare skal dei skrive mappeoppgåver som tel som del av sluttvurdering. Mappeoppåver blir kommenterte skriftleg av faglærar.

Frivillige ekskursjonar
Haustsemesteret første studieåret: Ei veke til Tartu universitetet i Estland med undervisning i estisk historie, kultur og samfunn. Vårsemesteret andre studieåret: Statsarkivet i Bergen. I løpet av studiet vitjer ein også De Heibergske Samlingar/Sogn folkemuseum for å sjå korleis historie vert formidla gjennom bygningar og reiskapar.

Studieopphald i utlandet

Som ein del av bachelorstudiet kan studentane ta 5. eller 6. semester ved Augustana College i USA, Tartu Universitet i Estland eller Växjö Universitet i Sverige.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

Det vert nytta ulike vurderingsformer: oppgåver til mappe, munnleg eksamen, skuleeksamen og skriftleg oppgåve med munnleg etterprøving.

Pensum

Sjå under emneomtalane.

Bachelor i historie: 1. og 2. året
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
SA533 Eldre historie før 1870 15,00 O 15          
ME520 Samfunnsvitskapleg metode 15,00 O 15          
SA534 Nyare historie 1870 - 1945 15,00 O   15        
SA500 Globalisering, stat og samfunn 15,00 O   15        
SA545 Examen Philosophicum 10,00 O     10      
SA570 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege
tenkemåtar
10,00 O     10      
SA536 Samtidshistorie I 10,00 O     10      
SA538 Samtidshistorie II 5,00 V       5    
SA522 Ressursar/Menneske/Teknologi 15,00 O       15    
SA523 Bacheloroppgåve i historie 15,00 O       15    
Sum: 30 30 30 35 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelor i historie: Delstudium i utlandet 3. året

Studentane ved bachelorstudiet i historie kan ta eitt eller begge semester tredje året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Historiestudiet har internasjonale avtalar med Augustana College i USA, Tartu Universitet i Estland og Växjø Universitet i Sverige. Der kan ein mellom anna ta desse emne:

Augustana College: Westerne Civilzation, Hitler and the Holocaust og Recent U.S. History.
Tartu University: Baltic Studies.

Växjö Universitet: Migration - Globala og lokala perspektiv, Migration og identitet og Historia - allmän kurs.

Ved studiet tilrår ein utanlandsopphald i haustsemesteret.


Bachelor i historie: Døme på valemne haustsemesteret 3. året
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
SA582 Sosiologiske perspektiv 15,00 V         15  
SO550 Ungdom og arbeid 10,00 V         10  
Sum: 0 0 0 0 25 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelor i historie: Tilrådde valemne vårsemesteret 3. året
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
SA585 Den sosiale kroppen 15,00 V           15
SA537 Barndommens og ungdommens historie 15,00 V           15
Sum: 0 0 0 0 0 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Andre valemne 3. året

Ved HSF kan studentane også ta emne ved andre avdelingar, til dømes engelsk ved Avdeling for økonomi og språk og Idrett ved Avdeling for lærarutdanning og idrett.