Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Sosiologi - ungdomssosiologi, bachelorstudium  

Sosiologi - ungdomssosiologi, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Sosiologi - ungdomssosiologi, bachelorstudium

Studiepoeng
180 studiepoeng.

Organisering
Heiltid.

Kompetanse / formell grad

Bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi.

Målgruppe

Utdanninga er eit tilbod til studentar som ynskjer å gå vidare på masterstudium i sosiologi. Saman med praktisk-pedagogisk utdanning gjev bachelorstudiet undervisningskompetanse i vidaregåande skule. Utdanninga er relevant vidareutdanning for sosialarbeidarar.

Mål for studiet

Studiet i ungdomssosiologi skal gje grunnleggande innsikt i sosiologien som vitskap. Studenten får høve til å gjere seg kjend med hovudtradisjonar innan sosiologien, og nokre av dei sentrale debattane og posisjonane innan faget i dag. Studenten skal lære seg korleis teoriar, modellar og ulike perspektiv vert nytta i sosiologiske analysar og kunne vurdere kritisk innhald, metode og konklusjonar i forskingsrapportar og undersøkingar. Studiet gjev ei generell innføring i sosiologi, medan ungdomstida som livsfase er det empiriske fokuset. Problemstillingar knytt til sosialisering og identitetsdanning er sentrale, og dermed legg studiet også vekt på dei sentrale arenaene og institusjonane for identitetsdanning; skulen, media, familien, arbeid og dei jamnaldrande. Vidare rettast merksemda mot nye handlingsmønster blant ungdom og spørsmålet om desse varslar meir omfattande sosiale endringsprosessar.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse/realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Studiet har sju emne i sosiologi, som til saman utgjer 100 studiepoeng. Fem av emna (til saman 70 poeng) er disiplinemne i sosiologi, medan to emne (til saman 30 poeng) er felles med Bachelorstudiet i historie. Fellesemna er Samfunnsvitskapleg metode og det tverrfaglege emnet Globalisering, stat og samfunn. Studentane kan dessutan ta ex phil (10 studiepoeng) og ex fac (10 studiepoeng). For å få godkjent bachelorgraden i sosiologi -ungdomsosiologi må studentane ta fleire støtteemne som t.d. Barndommens og ungdommens historie, Nyare historie, Samtidshistorie, engelsk eller idrett, ved HSF. Andre fag ved HSF eller ved andre høgskular eller universitet i Noreg eller i utlandet kan vera aktuelle.

Studiemodell:

1. år

2.år

3. år

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

6. semester

Sosiologiske perspektiv**
15 stp.

Globalisering, stat og samfunn*
15 stp.

Ex phil
10 stp.

Ulikskap og marginalisering**
15 stp.

Valfritt

Til dømes:
emne ved
Universitetet i Växjö, Sverige

Valfritt

Tilrådd:

Den sosiale kroppen
15 stp.

Barndommens og ungdommens historie
15 stp.

Samfunnsvit. metode*

15 stp.

Sosiale institusjonar**

15 stp.

Ex fac 10 stp.

Bacheloroppgåve**

15 stp.

Ungdom og arbeid**

10 stp.

* Fellesemne for sosiologi og historie.
** Disiplinemne.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning og skriftlege arbeid.

Studieopphald i utlandet

Studentar kan i valfagdelen av bachelorutdanninga nytte seg av dei generelle utvekslingsavtalane HSF har på institusjonsnivå.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

Det vert nytta ulike vurderingsformer som individuell heimeeksamen, individuell skriftleg skuleeksamen, individuell oppgåve med rettleiing og munnleg eksamen (sjå under kvar emneomtale). Kvar modul har eiga sluttvurdering.

Pensum

Sjå under dei ulike emna.

Bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
SA582 Sosiologiske perspektiv 15,00 O 15          
ME520 Samfunnsvitskapleg metode 15,00 O 15          
SA583 Sosiale institusjonar 15,00 O   15        
SA500 Globalisering, stat og samfunn 15,00 O   15        
SA545 Examen Philosophicum 10,00 O     10      
SA570 Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege
tenkemåtar
10,00 O     10      
SO550 Ungdom og arbeid 10,00 O     10      
SA584 Ulikskap og marginalisering 15,00 O       15    
SO590 Bacheloroppgåve i sosiologi 15,00 O       15    
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi: Tilrådde valemne vårsemesteret tredje året
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
SA585 Den sosiale kroppen 15,00 V           15
SA537 Barndommens og ungdommens historie 15,00 V           15
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne