Lokalhistorie SA520

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Lokalhistorie SA520

Studiepoeng
30 studiepoeng

Organisering
Deltid haust og vår. Undervisning annan kvar laurdag.

Kompetanse / formell grad

Studiet tel 30 studiepoeng i ein universitets- eller høgskulegrad.

Målgruppe

Lærarar som ønskjer vidareutdanning og andre interesserte.

Mål for studiet

I studiet av lokalsamfunnet skal studenten tileigne seg kunnskap om lokalsamfunnet i perioden 1650-2000. Gjennom ei førelesingsrekke i skal dei få innføring i faget, metodane og realhistorie. Ut frå dette skal dei først skrive ei mindre oppgåve på 5-7 sider og deretter ei større oppgåve på 10-15 sider basert på kjelder av ulik karakter.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

– Innføring i lokalhistorie som fagdisiplin.
– Kunnskap om kjelder, kjeldebruk og metode.
– Praktisk øving i skriftleg vitskapleg framstilling.
– Realhistorisk kunnskap om forholdet mellom ressursar, menneske og teknologi, med lokalsamfunnet som ramme.
Studiet inneheld didaktiske element.

Studenten skal skrive ei større oppgåve på 10-15 sider og ei mindre på 5-7 sider. Desse er ein del av eksamen i form av mappevurdering.

I den store oppgåva skal studenten kunne forme ut ei avgrensa problemstilling med utgangspunkt i eit lokalhistorisk emne, eller eit oppgitt emne frå faglærar, eller eit undervisningsopplegg basert på eit lokalhistorisk emne. Til å svare på dette skal studenten kunne leite fram fleire kjelder av ulik karakter. Oppgåva skal vere utforma etter ei problemstilling laga av studenten i samråd med faglærar og basert på primærkjelder som vert gjennomgått i undervisninga.
Ekskursjonar:
- Statsarkviet i Bergen i byrjinga av andre semester.
- Estland i byrjinga av første semester.
Studentane betaler sjølv utlegg til ekskursjonane.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning, oppgåveskriving og individuelt arbeid.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

SA520:
101 Skuleeksamen 6 timar, vekting 50%.
102 Mappe: Individuell skriftleg oppgåve på 10-15 sider, vekting 35%.
103 Mappe: Individuell skriftleg oppgåve på 5-7 sider, vekting 15%.
Bokstavkarakter.

Ein tek opp att den delen av eksamen ein eventuelt stryk i. Ved stryk skal omarbeidd tekst leverast inn.

Pensum

Mrk.: Titlar merka * gjeld bøker som er å få kjøpt, resten er å finne i kompendium.

1. Lokalhistorie som fag/Arbeidsformer, kjeldekunnskap

Kjernepensum:

* Sandnes, Jørn: Handbok i lokalhistorie. Faget og metodene (1983) side 9-124.

Sandal, Per: Lokalhistorie (1983) (eige kompendium) s. 10-163.

Stoa, Nils Johan: Lokalhistoriske kilder. Bruk av trykte og utrykte kilder i undervisning og

lokalhistorisk granskning (1993) 77 s.

Velure, Magne: Museet - Mangfald, minne, møtestad. i kap. 4: Museumshistorikk (s. 23 -33) og kap. 5: Museet som samfunnsinstitusjon (s. 35 -42) NOU 7/1996

Richard Petterson: Kulturella arv och kollektiva minnen: Vem är i behov av vad? Nordisk

Museologi 1 - 2002, s. 79-88

Hodne, Kjelstadli og Rosander (red): Muntlige kilder (1981). Følgjande artiklar: Rosander, Gøran: Muntlige kilder - hva og hvorfor?, s. 11-21.

Slettan, Dagfinn: Muntlig historie - en mangesidig virksomhet, s. 22-33.

Kjelstadli, Knut: Kildekritikk (muntlige kilder), s. 66-84.

2. Natur/samfunn og teknologi

Kjernepensum:

*Sogner, Sølvi:Far sjølv i stua og familien hans. Trekk fra norsk familiehistorie før og nå

(1990) s. 9-95.

Sunde, Rasmus: Årsaksforklaringar bak emigrasjonen til Amerika ( 1999) 18 s.

* Dyrvik, Ståle m.fl.: Norsk økonomisk historie 1500-1970(1979): Kapitla 1-2 s. 9-33, kap.13-14 s. 122-153, kap 19 s. 184-199 og kap. 24 s. 237-251.

Lunden, Kåre: Jordbruksproduksjonen-teknikk, produktivitet i Noregs Landbrukshistorie II (2002): side 141-279.

Tranberg, Anna: Markedsorienterte bondenæringer i Norge på 1700-tallet, i Bol og by, Landbohistorisk tidsskrift, ( Kerteminde 1997), s. 106 -127.

Avdem, Anna Jorunn/Kari Melby: Oppe først og sist i seng (1985) s. 100-126 og 154-180.

*Almås, Reidar: Bygdesosiologi (1985), side 15-77 og s.133-197.

Med atterhald om endring.