Namn på studiet
Rusproblematikk, vidareutdanning
Studiepoeng
60 studiepoeng
Organisering
Deltidsstudium over to år med undervisning i haust- og vårsemesteret.
Innleiing
Vidareutdanning i rusproblematikk er eit tverrfagleg studietilbod for helse- og sosialpersonell og andre som ynskjer å styrkje og vidareutvikle sin faglege og personlege kompetanse i arbeid med rusproblematikk på ulike nivå.
Vidareutdanning i rusproblematikk byggjer på ”Rammeplan og forskrift – vidareutdanning i rusproblematikk” (Rådet for høgskoleutdanning i helse- og sosialfag. Godkjent av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, 1995) og ”Kvalitetsreforma” (Stortingsmelding 27 2000-2001).
Vidareutdanning i rusproblematikk vert gitt av avdeling for samfunnsfag (ASF) og er lokalisert i Sogndal. 21 studiepoeng er felles med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og studentane følgjer då undervisning ved avdeling for helsefag (AHF) i Førde.
Målgruppe
Tilsette i kommunal, fylkeskommunal, statleg eller privat verksemd som har arbeidsoppgåver knytt til rusproblematikk. Arbeidsoppgåvene bør primært vere retta mot førebyggjande arbeid, men dei kan og vere innan planlegging og iverksetting av ulike typar tiltak i nærmiljø.
Mål for studiet
Vidareutdanninga skal gje kunnskap om rusfeltet generelt, og gje grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter i arbeidet med rusproblematikken i forhold til individ, grupper og nærmiljø.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
3-årig grunnutdanning innan helse-/sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, eller anna relevant 3-årige høgskule- eller universitetsutdanning og eit års relevant praksis. Realkompetanse.
Innhald / oppbygging
Deltidsutdanning over 2 år. Studiet er sett saman av to emne, kvar med 30 studiepoeng. I første emne er 21 studiepoeng felles med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Det vert lagt opp til fem vekesamlingar per semester.
Studiemodell:
|
1. år - emne 1 - 30 studiepoeng
|
2.år - emne 2- 30 studiepoeng **
|
|
*Delemne 1 (12 sp): Menneske, psyskiske lidingar/rusavhengnad og det sosiale miljø.
|
Delemne 1(9sp): Etikk og jus. Samfunnsvitskapleg forskingsmetode.
|
|
*Delemne 2 (9 sp): Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
|
Delemne 2 (10 sp): Prosjektpraksis og oppgåve.
|
|
Delemne (9 sp): Kunnskap om rus og rusmiddelsmisbruk. Sosiologisk og psykologisk grunnlagsforståing.
|
Delemne 3 (11 sp): Førebyggjande arbeid og behandling i nærmiljø. Samfunnsmessig grunnlagsforståing.
|
* Felles undervisning med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, v/AHF i Førde. Det kan vere aktuelt å nytte undervisningslokale i mindre omfang på dei andre studiestadane som er knytt til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
** Studentane må ha greidd emne 1 for å gå vidare til emne 2.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er deltidsstudium der kvar einskild er i praksisfeltet mellom undervisningsperiodene. Arbeidsmetodane i studiet skal avspegle dette, slik at studentane har høve til å reflektere over eigen praksis og integrering av teori og praksis vil bli i fokus. Det vert forventa at studentane tek med erfaringar frå eigen praksis til undervisninga.
Undervisningsformene vil veksle mellom førelesningar, retteleiing, gruppearbeid, rollespel, ferdigheitstrening og seminar. Det vert forventa stor grad av sjølvstudium frå studenten si side.
Praksis
Prosjektpraksis, 10 studiepoeng. Studentane vel sjølv tema for sin observasjon. Studentane har høve til å gjennomføre prosjektpraksis i utlandet. Sjølvvalt pensum skal veljast med utgangspunkt i tema for prosjektpraksis. Tema og sjølvvalt pensum skal godkjennast av Høgskulen.
Studieopphald i utlandet
Studentane har høve til gjennomføre prosjektpraksis i utlandet. Det er elles ikkje lagt opp til at studentane kan ha studieopphald i utlandet.
Arbeidskrav
Godkjende arbeidskrav er føresetnad for å få sluttvurdering/ta eksamen. Arbeidskrava er definert under dei ulike emna.
Sluttvurdering
Kvart emne i vidareutdanninga har eiga sluttvurdering. Skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen og oppgåve i samband med prosjektpraksis.
Pensum
Oversikt over pensum vil bli delt ut ved semesterstart kvart studieår. Pensum er på omlag 4000 sider og studentane vel sjølve 700 av desse.