Studiehandbok 07/08 / Studium / AVDELING FOR SAMFUNNSFAG / Sosialt arbeid, bachelorstudium (frå haust 2006)  

Sosialt arbeid, bachelorstudium (frå haust 2006)

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Sosialt arbeid, bachelorstudium (frå haust 2006)

Studiepoeng
180

Organisering
Heiltid.

Innleiing

Denne studieplanen gjeld for studentar som blir teke opp ved studiet frå og med hausten 2006. UNNTAK: Emna for 1. studieåret gjeld berre kull 07.

RAMMEPLANEN
Studieplanen for sosionomutdanninga er regulert av rammeplan og forskrift fastsett av Utdannings- og forskningsdepartementet 1. desember 2005. Rammeplanen er nasjonal og skal vere retningsgivande for høgskulane si tilrettelegging av studiet. I rammeplanen er det ein generell del og ein studiumspesifikk del. Den generelle delen er felles for fleire utdanningar i helse- og sosialfag. Denne delen utgjer 30 studiepoeng. I tillegg er 30 studiepoeng felles for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane. Dei tre utdanningane ved Avdeling for samfunnsfag har om lag 60 studiepoeng felles.

Dei siste 20 åra har vore prega av store helse- og sosialpolitiske reformer som mellom anna har auka behovet for tverrfagleg kompetanse. Eit utdanningspolitisk mål for høgskulesektoren er auka samordning av sosialarbeidarutdanningane (Rammeplan og forskrift for barnevernpedagog-, sosionom og vernepleiarutdanningane).

VERDIAR
Menneskerettane står sentralt i helse- og sosialfaga, og utdanningane har felles verdigrunnlag der prinsipp som respekt for eigenverdien til mennesket og solidaritet med dei svake står sentralt.

MÅLSETJING
Helse- og sosialfagutdanningane har som overordna mål å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukar og andre tenesteytarar.

FELLES INNHALDSDEL
Felles innhaldsdel skal medverke til å danne felles haldningar og ferdigheter, samt å gi forståing for felles referanseramme i yrkesutøvinga. I følgje rammeplanane skal felles innhaldsdel medverke til å utdanne yrkesutøvarar som:
- i sitt arbeid tar utgangspunkt i brukarane sine behov, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld
- ha evne til å reflektere over og grunngi arbeidet sitt i forhold til overordna faglege og etiske perspektiv, og som kan sjå si eiga yrkesrolle i eit kritisk lys
- tar medansvar for tilbakemelding til faglege og politiske styresmakter om årsaker til hjelpebehov, og om verknader av tiltak og uheldige samfunnsforhold
- har kunnskap om andre yrkesgrupper, og som kan vurdere eigen og andre sin kompetanse i konkrete samarbeidssituasjonar.

FELLESEMNE
Følgjande fag er delvis felles emne for barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane:
- psykologi
- jus
- vitskapsteori og forskingsmetode
- etikk
- organisasjonsteori
- sosialpolitikk
- stat- og kommunalkunnskap
- sosiologi
- levekår
- sosialantropologi
- kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
- tverrfagleg samarbeid.

SKIKKAVURDERING
Studentar som tek til på barnevern-, sosionom- og vernepleiarstudium etter 1. august 2006 vert omfatta av Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Kompetanse / formell grad

Bachelor i sosialt arbeid.

Sosionomen sin kompetanse er retta mot arbeid i alle delar av helse- og sosialfeltet. Profesjonelt sosialt arbeid skjer i hovudsak i direkte kontakt mellom sosionomar og brukarar. Brukaren kan vere eit lokalsamfunn, ein organisasjon, ei gruppe, ein familie eller enkeltpersonar. Det styringsmessige aspektet er viktig i arbeidet i den kommunale, fylkeskommunale og statlege sosial- og barneverntenesta. Sosionomar må kunne analysere sosiale problem ut frå ulike rammer for forståing, og intervenere på ulike nivå. Sosionomar må kunne sakshandsaming, utøve fagleg skjønn, planleggje og iverksetje tiltak.

Målgruppe

Målgruppa er personar som er interessert i å yte bistand til og samarbeide med menneske i ulike livsfasar, og med ulik sosial og kulturell bakgrunn.

Mål for studiet

Sosionomutdanninga er ei generalistprega sosialarbeidarutdanning som kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt, og mot ulike målgrupper. Ein sosionom skal ha god kunnskap om samfunnsforhold som skaper sosiale problem, og skal medverke til at samfunnet, gjennom sosiale hjelpeordningar, fremjer befolkninga si evne og moglegheit til å meistre livsoppgåvene sine, og førebyggjer sosiale problem.

Sosiale problem kan vere av materiell, personleg og relasjonell karakter. Ein sosionom skal ha kompetanse til å løyse konfliktar og ha gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til sjølvrefleksjon.

Høgskulen skal mellom anna:
- leggje tilrette for at studentane tileigner seg kunnskap, ferdigheiter og haldningar basert på det fremste innan forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
- tilby eit læringsmiljø som fremjer studenten sitt faglege engasjement, deltaking og personlege utvikling, samt fremje studenten sine evner til kritisk refleksjon
- vere i dialog med praksisfeltet, brukarorganisasjonar og forsking innan fagområdet.

Studentane skal etter avslutta utdanning mellom anna:
- ha kunnskap om og forståing for korleis samfunnsmessige strukturar/prosessar skaper og held vedlike sosiale problem
- kunne arbeide i relasjonar prega av krysspress og interessemotsetnader, og handtere slike konfliktar med fokus på brukarane sine interesser
- kunne arbeide med menneske med ulik realitetsoppfatning og ha evne til å arbeide i fleirkulturell kontekst
- ha oversikt over hjelpeapparatet og i samarbeid med andre yrkesgrupper og brukarar/klientar kunne bruke det i arbeidet med å redusere sosiale problem
- ha kompetanse i ulike sosialfaglege arbeidsformer, med spesiell vekt på arbeidsformer der brukarar er aktive deltakarar og mobiliserer eigne ressursar,enten desse er enkeltpersonar, familiar, grupper eller sosiale nettverk
- kunne delta i fagleg utviklingsarbeid, ta i bruk nye arbeidsmåtar på grunnlag av forsking og annan fagleg innovasjon, og ha forståing for eiga personleg og fagleg utvikling
- kunne arbeide med juridiske spørsmål innan sosionomen sine arbeidsområde.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Bachelorstudiet i sosialt arbeid er delt inn i 12 emne, kvart med avsluttande eksamen. Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet. Emna første året skal gi studentane eit innblikk i dei ulike faga sine tenkjesett og metodar, samt få innblikk i arbeidsområde til sosionomar. I det andre året er fokus meir retta mot det anvendte aspektet i faga, og studentane skal trene seg i å knyte teori til praksis. Det er ein 19 vekers klientretta praksisperiode i fjerde semester. Tredje året blir ei vidareføring av dei to første åra, og dette året skal studenten også arbeide med ei bacheloroppgåve. Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområde, og det er eit mål å kunne integrere teori og kunnskap frå dei ulike faga.

STUDIEMODELL

Sosialt arbeid 1. studieåret

Sosialt arbeid 2. studieåret

Sosialt arbeid 3. studieåret

Haust

Vår

Haust

Vår

Haust

Vår

Introduksjon til sosialt arbeid

10 sp

Psykologi,forskingsmetode

og sosialt arbeid

15 sp

Arbeid med menneske

i ulike livsfasar

10 sp

Praksis

30 sp

Kvalitativ metode

og kulturforståing
15 sp

Bacheloroppgåve

15 sp

Velferdssamfunnet

20 sp

Sosialt arbeid, kommunikasjon og refleksjon

15 sp

Arbeid med barn og

familier i barnevernet

10 sp

 

Levekår og

sosialpolitikk

15 sp

Profesjonsutøving

15 sp

   

Avvik, førebygging

og globalisering

10 sp

     

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

30 sp

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli nytta ulike undervisningsformer i løpet av studiet: førelesingar, seminar, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, rollespel, ferdigheitstrening m/video, trening i munnleg og skriftleg framstilling, praksisstudium og individuelt studium. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa formålet med dei ulike delane av studiet. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Studentane skal lære å skrive akademisk, og dei skal trene seg i teknikkar for innhenting av kunnskap, bearbeiding av litteratur, strukturering og formidling av kunnskap.

Det er obligatorisk deltaking i delar av undervisninga, sjå under "Arbeidskrav" og omtalane av dei ulike emna.

Skriftleg arbeid
I nokre av emna skal studentane skrive oppgåver. Desse vert levert inn til faglærar ein gong for tilbakemelding. Oppgåver leverast inn via det elektroniske læringssystemet Classfronter.

Praksis

Praksisopplæringa er ein sentral del av sosialarbeiderutdanningane. Praksis skal bidra til at studentane får auka forståing for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Sosionomstudentane skal ha 36 studiepoeng praksis; 6 studiepoeng prosjektpraksis første studieåret og 30 studiepoeng klientretta praksis i vårsemesteret andre studieåret. Den klientretta praksisperioden inkluderer praksisførebuing og -oppsummering ved Høgskulen.

Studenten får tilskot til bu- og reiseutgifter i den klientretta praksisperioden, jfr. Felles reglement for dekning av bu- og reiseutgifter til studentane. Studenten betaler sjølv evt. utlegg til reise ved besøk av kontor/institusjon i prosjektpraksis.

Studieopphald i utlandet

Studenten kan søkje om å ta haustsemesteret tredje studieåret ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet. Del av praksis andre studieåret kan eventuelt takast i utlandet.

Arbeidskrav

For å få godkjent deltaking i undervisning må ein ha teke del i min. 80% i kvar undervisingsbolk/kvart tema med krav til deltaking, og fått godkjent evt. tilhøyrande oppgåver. I enkelte emne er det krav til deltaking i all undervising, medan det i andre gjeld enkelte bolkar. Samtlige arbeidskrav må vere godkjende før ein kan få sluttvurdering/ta eksamen.

Sluttvurdering

Studenten skal i kvart emne vurderast mellom anna på grunnlag av skriftlege arbeid, praksis, bacheloroppgave og gjennom skriftleg og munnleg eksamen.

Lovlege hjelpemiddel
Skriftleg skuleeksamen: ordliste, lovsamling/særtrykk med kryssreferansar og understrekningar samt lovforskrifter utan kommentarar.
Munnleg eksamen: Lovsamling utdelt av Høgskulen.

Karakterar
Greidd/ikkje greidd på nokre av emna og bokstavkarakterar på resten. Sjå omtale av dei ulike emna.

Oppflyttingskrav
Alle emne kvart studieår må vere greidd før ein kan gå vidare på neste. I tillegg må somme emne vere greidd før ein tek til med praksis andre året og dei avsluttande emna i vårsemesteret tredje året. Sjå omtale av dei ulike emna.

Pensum

Pensum er på om lag 4000 sider kvart studieår. Delar av pensum er på andre språk enn norsk (dansk, engelsk, svensk). Andre studieåret skal studenten sjølv velje 400 sider pensum knytt til praksis, og tredje studieåret 400 sider knytt til bacheloroppgåva. Alt sjølvvalt pensum skal godkjennast av høgskulen.

Obligatoriske emne i Bachelor i sosialt arbeid
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
SOS5-100 Introduksjon til sosialt arbeid 10,00 O 10          
BSV5-100 Velferdssamfunnet 20,00 O 20          
SOS5-101 Psykologi, forskingsmetode og sosialt
arbeid
15,00 O   15        
SOS5-102 Sosialt arbeid, kommunikasjon og
refleksjon
15,00 O   15        
SOS5-201 Avvik, førebygging og globalisering 10,00 O     10      
SOS5-200 Arbeid med menneske i ulike livsfasar 10,00 O     10      
BS5-200 Arbeid med barn og familiar i
barnevernet
10,00 O     10      
SOS5-202 Praksis sosialt arbeid 30,00 O       30    
SOS5-300 Kvalitativ metode og kulturforståing -
sosialt arbeid
15,00 O         15  
SOS5-301 Levekår og sosialpolitikk 15,00 O         15  
SOS5-303 Profesjonsutøving sosialt arbeid 15,00 O           15
SOS5-302 Bacheloroppgåve sosialt arbeid 15,00 O           15
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne