Naturfag årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Naturfag årsstudium

Studiepoeng
60

Innleiing

Du kan velje årsstudium i naturfag ved å kombinere emne som inngår i bachelorstudia i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag eller Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag. Ved å sette saman emne frå desse utdanningane kan du forme eit årsstudium som er tilpassa dine interesser og framtidsplanar. Vi rår til at du kombinerer emne med tanke på vidare studium enten ved høgskule eller universitet.

Det vert tatt atterhald om at alle emne vert undervist.

Kompetanse / formell grad

Studiet kan gå inn som del av ein bachelorgrad eller gje grunnlag for fritak ved tilsvarande emne ved eit universitet. Emna i årsstudiet i naturfag kan godkjennast som valfri del av allmennlærarutdanninga ved HSF.

Målgruppe

Årsstudiet høver for studentar som vil ta studiet som del av eit høgskule- / universitetsstudium i realfag og for lærarar som ynskjer vidareutdanning.

Mål for studiet

Årsstudiet i naturfag skal gje grunnleggjande naturfaglege kunnskapar og setje studenten inn i naturvitskapleg tenkjemåte og arbeidsstil, og øve opp den praktiske dugleiken i samband med laboratorie- og feltarbeid.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptakskrav er generell studiekompetanse og 2MX eller 2MY eller 3MZ. I tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI eller (2KJ + 3BT) eller (2BI + 3BT). Studentane vel emne ved studiestart.

Innhald / oppbygging

Studiemodell for naturfag årsstudium kan vere identiske med første året i bachelorstudia i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag eller Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag, sjå desse.

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet og består av emne tilsvarande 60 studiepoeng. Emna vert undervist etter kvarandre og vert avslutta med ei evaluering etter kvart emne. Arbeidsmengda i kvart emne tilsvarar 10 studiepoeng. For nærare omtale av dei einskilde emna, sjå emneomtalane.

Det er mogleg å velje andre emne enn dei som er sett opp i dei nemnde studiemodellane. Aktuelle valfag er emne som inngår i første året i dei tre naturfaglege bachelorstudia. Valfridomen kan bli avgrensa av time- og eksamensplan.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga kombinerer forelesingar med gruppearbeid og laboratorie- og feltarbeid. I tillegg vert det arrangert ekskursjonar til brear, fjell, fjordar og dalar i Sogn og Fjordane. Laboratorieøvingar og feltundervisning er obligatorisk.

Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise / opphald, jmf. HSF sitt reglement for dekking av bu- og reiseutgifter.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna, sjå emneregisteret.

Pensum

Pensum er lista under kvart einskild kurs.

Naturfagleg årsstudium, døme på emne som kan inngå i årsstudiet 2007 - 2008
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
GE465 Brekurs med teori og praksis 6,00 V 6  
BI424 Botanikk grunnkurs 10,00 V 10  
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 V 10  
GE413 Kartlære og GIS 10,00 V 10  
BI445 Økologi og evolusjon 10,00 V 10  
KJ415 Kjemi 10,00 V 10  
GE408 Mineralogi og petrografi 10,00 V   10
ME420 Statistikk med bruk av programvare 10,00 V   10
GE407 Fysikk og geofysikk 10,00 V   10
PL471 Landskapets kulturarv / Landscape
heritage
10,00 V   10
BI434 Vegetasjonsøkologi 10,00 V   10
GE417 Kvartærgeologi og klimautvikling 10,00 V   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne