AF / Institutt for k... / 2103 Norsk som andrespråk  

2103 Norsk som andrespråk

Hovedemnekode:
2103

Emnenavn:
Norsk som andrespråk

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IKH


Studiepoeng:
10,00

Varighet:
1/2 år

Forkunnskaper:

Det er ein fordel om studentane har kunnskapar tilvarande emnet lingvistikk eller emnet grammatikk, pragmatikk og tekstanalyse.

 

Læringsmål:

Studentane skal få grunnleggande kunnskapar om andrespråkslæring. Dei skal kunne bruke terminologien i faget, og kunne kommentere mellomspråkstekstar. Studentane skal få øving i munnleg og skriftlig presentasjon av nokre av emna.

Organisering:

Vårsemesteret, 3 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Innhold:

Emnet gir ei innføring i dei grunnleggande disiplinane i norsk som andrespråk, blant anna det å vere tospråkleg, språktypologi, andrespråkstileigning, språkundervisning og innvandrings- og skolepolitikk i Noreg.

Vurderingsformer:

Individuell heimeoppgåve på ca. 2500 ord, som tel 40% , og 5 timars sluttprøve, som tel 60%. Det krevst ståkarakter på både oppgåva og sluttprøva.

Publisert av:
Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>