Emnet føreset Grammatikk, pragmatikk og tekstanalyse
Studentane skal få innføring i tekstteori og tekstanalyse, og få trening i å arbeide sjølvstendig med ei problemstilling innanfor dette feltet.
Teorien skal nyttast på eit utval tekstar frå ulike genrar (ca. 25 sider).
Haustsemsteret, 3 veketimar i 15 veker. Forelesingar, seminar, individuell rettleiing.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.
Mappevurdering med to individuelle skriftlege arbeid som tel 40 %. 5 timars sluttprøve som tel 60 %. Det krevst ståkarakter både på dei innleverte arbeida og på sluttprøva.