I særtilfelle kan studenten velje eit anna fordjupingsemne enn dei som er nemnde i studieplanen, særleg når emnet er relevant for hovudoppgåva. Emnet - med innhald og pensumliste - må godkjennast av instituttet før semesterstart. Emnet må falle innanfor fagfeltet "kulturstudiar", slik det er avgrensa i studieplanen, og det må finnast kompetanse i emnet ved instituttet. Ein kan ikkje rekne med at det blir tilbydd særskild undervisning i slike emne.
Studentframlegging i løpet av kurset. Avsluttast med prøveforelesing eller munnleg eksamen, sjå under Eksamen og vurderingsformer. Sjølvvald emne skal alltid vurderast med munnleg eksamen.