AF / Institutt for k... / 3301 Kulturanalyse I
Ingen
Studenten skal tileigne seg ein grunnleggjande, kulturanalytisk kompetanse innafor felta samhandlingsanalyse, språk og symbolbruk og sosiale skiljeliner. Denne kompetansen skal fyrst og fremst vere av handverksmessig art. Studenten skal bygge opp ei fortolkande evne og bli i stand til å bruke analytiske omgrep på sosiale prosessar og symbolbruk som er tilgjengelege for direkte erfaring (observasjon).
Forelesingar, skriftlege (obligatoriske) oppgåver, gruppearbeid, diskusjonar, presentasjon av skriftlege øvingar.
Kurset fokuserar på sosial samhandling. Gjennom ulike døme frå kvardagsliv og frå kulturfeltet vil det bli vist korleis kultur er eit aspekt ved all menneskeleg verksemd.Sentrale tema er:
Kulturomgrepet
Samhandlingsanalyse og prosessforståing
Samanlikning og metodisk relativisme
Frå observasjon via data til analyse
Symbol og omgrep som kommunikasjonsreiskap
Kjønn, alder, klasse, region, etnisitet
Makt
Skriftleg individuell heimeeksamen som tel 40% av samla karakter og individuell sluttprøve som tel 60%. Graderte karakterar. Både heimeeksamen og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.