AF / Institutt for k... / 3302 Kunst- og kulturhistorie  

3302 Kunst- og kulturhistorie

Hovedemnekode:
3302

Emnenavn:
Kunst- og kulturhistorie

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IKH


Studiepoeng:
20,00

Forkunnskaper:

Ingen

 

Læringsmål:

Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om og forståing for norsk og europeisk kunst- og kulturhistorie dei siste 250 åra. Dei skal kunne gjere greie for og syne innsikt i kulturelle tema, og kunne relatere desse til andre samfunnstilhøve i samtida. Vidare skal dei kunne gjere greie for sentrale epokar og retningar innanfor ulike kunstartar, og for kunsten sin plass i samfunnet. Dei skal òg kunne syne korleis idéar og førestellingar kan komme til uttrykk i kunsten.

Organisering:

Forelesingar, gruppearbeid og fagturar fordelte over to semester.

Innhold:

Kurset gir ei fyrste innføring i europeisk og norsk kunst- og kulturhistorie i tidsromet 1750-2000, og omfattar følgjande hovudtema/-delar:

Hovudtrekk i økonomiske og sosiale endringar
Sentrale trekk ved samværs- og samarbeidsformer i bygd og by
Idéar og førestellingar
Framveksten av sentrale kunst- og kulturinstitusjonar
Rolla til kunsten og kunstnaren i samfunnet
Sentrale epokar og retningar i kunstartane: Biletkunst, arkitektur, musikk, litteratur

Vurderingsformer:

Obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar.

Publisert av:
Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>