AF / Institutt for k... / 3501 Oversyn over verdshistoria før 1750  

3501 Oversyn over verdshistoria før 1750

Hovedemnekode:
3501

Emnenavn:
Oversyn over verdshistoria før 1750

Avdeling:
Avdeling for allmenne fag


Institutt:
IKH


Studiepoeng:
10,00

Varighet:
Eit semester

Nivå:
Bachelor

Forkunnskaper:

Ingen

Læringsmål:

Studiedelen skal gje eit samanhengande oversyn over verdshistoria frå antikken til om lag 1750.

Organisering:

Undervisning: Forelesing og seminar. 

Innhold:

Frå antikken til den industrielle revolusjonen

Denne studiedelen gir ein samanhengande oversikt over verdshistoria frå antikken til ca. 1750. Tyngdepunkta er:

- Samfunn og politikk i antikkens Hellas
- Den politiske utviklinga (republikk og keisardøme) i Roma
- Det romerske verdsriket
- Samfunn og økonomi i middelaldaren
- Europa tek form - styreformer og nasjonar
- Framveksten av sterke statsmakter
- Krig og maktkamp i tidleg nytid
- Den kristne kyrkja blir splitta
- Verdsmarknad og kulturmøte

Vurderingsformer:

Vurderinga består av ei undervegsprøve og ei sluttprøve. Undervegsprøva tel ein tredjedel og sluttprøva to tredjedelar av samla karakter i studiedelen. Båe eksamensdelane må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Undervegsprøva er ei skoleprøve (kunnskapsprøve 3 timar) i første halvdel av oktober. Ein avgrensa del av pensum (om lag ein fjerdedel av samla pensum) ligg til grunn for prøva. Kva delar (tidsperiodar) dette er, vert gjort kjent ei veke før prøva.

 

Sluttprøva er ei skoleprøve (essay-oppgåve 4 timar) i slutten av semesteret. Heile pensum kan prøvast.

 

 

Publisert av:
Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>