Studiedelen skal gje eit samanhengande oversyn over norsk historie frå forhistorisk tid til om lag 1800.
Undervisning: Forelesing (evt. seminar).
Tyngdepunkta i undervisninga vil vere:
- Land og folk frå istid til vikingtid
- Rikssamling og kristning
- Kongemakt og kyrkjemakt i høgmellomalderen
- Mellomaldersamfunnet
- Pest og krise
- Nordiske unionar og nordiske krigar
- Næringsliv og samfunnsgrupper i tidleg nytid
- Statsmakta og undersåttane
Skoleeksamen (4 timar) i slutten av semesteret. Oppgåva kan vere ei essay-oppgåve og/eller mindre spørsmål.