Emnet skal gjere studentane kjende med sentrale problemstillingar og metodar i marknadsføringa. Emnet vil gi studentane noko bransjeinnsikt ved gjennomgang/presentasjon av eksempel frå bransjar og bedrifter og ei grunnleggjande forståing for marknadsføringas verkeområde, slik at studentane kan delta i løysing av enkle marknadsføringsproblem i praksis.
3-4 timar forelesing i haustsemesteret.
Dei elementa som blir dekka i emnet er:
-
Oppgåvene for marknadsføringa
-
Historisk utvikling
-
Grunnleggjande definisjonar og omgrep
-
Marknadsføringsleiing og strategisk planlegging
-
Kjøpsåtferd i forbrukar- og bedriftsvaremarknader (behov, ønskje, krav og etterspurnad)
-
Segmentering, marknadsanalyse og prognoser
-
Marknadsstrategiar
-
Produkt- og merkevarestrategiar
-
Tenestemarknadsføring og servicekvalitet
-
Strategiar for prissetting, distribusjon og marknadskommunikasjon
Skriftleg eksamen, 4 timar.